Debatt Tre kule Quiz Løst gjenfortalt Under beltestedet
19.01.2017
KULTURSTOFF
Å sone ut

André Øy slipper låta «Turnoff»!

TEKST VARG LUKAS FOLKMAN
FOTO ANNA FREDSVIK

Gratulerer med ny låt! Hva er det som skrus av?

– Eg trur svært mange kjenner seg igjen i å berre sone ut av og til. Innadvendte, sosialt engstelege, klinisk deprimerte, arbeidsnarkomane, psykisk friske. Det er snakk om å miste fokus, interesse, og at fargepaletten blir mindre. For nokon skjer det gradvis, for andre er der ein markant vegg, men det er alltid uventa og uønska. For meg er det som regel tre tima inn i rølpete vors.

Ved lansering av din første singel, «Popup», sa du til GAFFA at du satt innesperret på rommet i ditt i Oslo når du skrev. Fattig, søvnløs og singel. Ganske isolert med andre ord. Hvordan havnet du der?

– Situasjonen var stort sett sjølvpåført. Mitt første band opplevde uforventa, (relativt) stor merksemd allereie med første singel, noko som skapte eit stort press til å innfri med neste slepp. Resultatet var musikalsk arbeidsnarkomani og uinspirert, derivativ synth-pop. Når andre singel floppa, gjekk det inn på meg, og som resultat endra eg både syn og innfallsvinkel på å lage musikk. Eg skreiv «Popup» i etterkant av dette.

Hvordan var det å skrive «Turnoff»? Like heftig?

– Tvert imot, eg skreiv «Turnoff» på altanen ein sommar under min første store Serge Gainsbourg-fase. Eg skriv som regel dei tristaste songane når eg er i best humør, og omvendt. Når det er sagt oppfattar eg ikkje «Turnoff» som så veldig trist, komfortabelt melankolsk, heller. Medan eg produserte låta var eg meir opptatt av jungle og My Bloody Valentine enn Gainsbourg, men det er ikkje sikkert nokon av innverknadane er særleg uttalte i enderesultatet uansett. Ikkje veit eg.

Når du satt fattig og fæl i isolasjonen din i Oslo; så du for deg at du skulle ende opp på scenen under vestalndets mest hypede festival, Vill Vill Vest?

– Planen var, på det punktet, eine og aleine å komme seg til Bergen. Eg har tatt det på skjønn der ifrå. Sjølv i Oslo sat eg inne med overveldande mykje musikk. Spørsmålet var kva for ein rekkefølge eg skulle gi ut songane i. «Stuff», den første låta eg slapp under dette namnet, er framleis yngre enn alle songane eg har sloppe i etterkant. Eg skreiv, spelte inn og slapp den på eit tidsrom på eit par veker, og slapp den først sidan eg ikkje hadde nokon sterk emosjonell tilknyting til songen, noko som var tilfellet med eldre songar. Eg var derfor førebudd på å bli skuffa, men enda plutseleg opp med å konsertdebutere på Vill Vill Vest. Det var svært, men i etterkant ser eg at det kanskje hadde våre meir hensiktsmessig å debutere på ei mindre ambisiøs scene, for eit publikum med færre forventningar.

Hva har det betydd for musikken din å flytte fra Oslo til Bergen?

– Det vil nok vise seg meir i ettertid, men eg er definitivt jamt over mykje meir inspirert på ein gitt dag i Bergen enn i Oslo. Oslo er ein fin by, ingen tvil om det, men tilhøva var mindre fine. Eg trur derimot at det mest innflytelsesrike aspektet med å flytte var, enkelt nok, at eg vart tvinga til å gjere alt aleine. Dette er bra på veldig mange måtar, men kanskje ikkje for arbeidsnarkomanien. Musikken min har merkeleg nok blitt mindre gitarbasert her i Bergen, men dette skuldast nok at eg praktisk talt kun høyrer på A Made Up Sound, Laurel Halo og Danny Brown for tida.

Er vi så gode på kultur her som vi selv liker å hevde?

– Posisjonen til Bergen som kulturby er nok uovertruffen i Norge. Det hjelper nok at bysentrum er så pass lite som det er, i forhold til Oslo, slik at ein får markerte scener. Hip hop-scena her er utan sidestykke i norsk musikkhistorie. På den andre sida er det nok vanskeleg å argumentere for at store eksportar som Kygo og Alan Walker vart fostra i noko som ei «tropical-house scene» her i Bergen. Brak, og alle store og mindre plateselskap i byen gjer derimot ein konsekvent fantastisk jobb for å halde oppe ein kollektiv følelse for musikarar i Bergen. Vill Vill Vest var enormt ambisiøst, og veldig nødvendig, det er berre rart at det ikkje har oppstått noko tilsvarande her før.

Hva er veien videre for deg?

– Eg skal først og fremst få gitt ut debutalbumet. Det er på tide å bevege seg framover. Når det er sagt er eg allereie snart ferdig med andrealbumet. På vegen dit skal eg bli flinkare live og i studio. Eg skal gå i dvale med nytt utstyr i vinter for å tenke ut det nye konsertopplegget. Både laptop og gitar blir nok eliminert frå scena. Slik går nok åra vidare i syklus fram til eg døyr. Der er ikkje noko konkret endemål i soloprosjekt som dette. Det er jo fint, det. Men også veldig skremmande. Mest skremmande, eigentleg.

Neste artikkel
Vinn billetter til RAZIKA 10 år!