Starter med slutten
Gratulerer med ny singel! «The End» hører ganske faretruende ut. Hva er det som går mot slutt? – Tusen takk! Alt går vel alltid mot ein slutt, eller kva? Når en snakker om at noe tar slutt. Du sluttet på Griegakademiet. Hvorfor det? – Fordi eg måtte rydde opp i min eigen hjerne. Eg var vel berre ikkje klar for å studere musikk på heiltid, så eg vart plutseleg dritredd. Då eg byrja på nytt studie, skjønte eg fort at dei store spørsmåla om kva ein skal gjere med livet sitt, dukkar like raskt opp på lesesalen på Sydneshaugen, som på øvingsrommet på Griegakadamiet, så det var kanskje ikkje så farleg likevel.
17. november 2016

Elida Høgalmen slipper singelen «The End»!

 

TEKST VARG LUKAS FOLKMAN
FOTO KAROLINE HANNISDAL

 

Gratulerer med ny singel! «The End» hører ganske faretruende ut. Hva er det som går mot slutt?
– Tusen takk! Alt går vel alltid mot ein slutt, eller kva?

Når vi snakker om at noe tar slutt. Du sluttet på Griegakademiet. Hvorfor det?
– Fordi eg måtte rydde opp i min eigen hjerne. Eg var vel berre ikkje klar for å studere musikk på heiltid, så eg vart plutseleg dritredd. Då eg byrja på nytt studie, skjønte eg fort at dei store spørsmåla om kva ein skal gjere med livet sitt, dukkar like raskt opp på lesesalen på Sydneshaugen, som på øvingsrommet på Griegakadamiet, så det var kanskje ikkje så farleg likevel.

Er ikke det et perfekt sted å blomstre som musiker?
– Det er det nok for mange, men det passa ikkje for meg. Du veit når du diggar emnet du studerer, men så skal du presse ut ei semesteroppgåve, og så blir det berre rot. Slik vart det med musikken for meg. Eg treng å ha noko anna som hovudprosjekt i livet, sånn at eg kan prokrastinere med å lage musikk. Ein gong eg skulle lese til eksamen, skrubba eg dusjen med tannkost. Målet er sjølvsagt å rette denne typen eksamenstidsproduktivitet mot låtskriving og øving ;)

 Hvordan har det påvirket deg som musiker å ikke lenger studere der?
– Eg studerte der berre nokre månader, så eg hadde nok lært ein heil del om jazz som eg ikkje kan i dag, om eg hadde halde fram. Men då eg slutta forsvann forventningspresset som eg hadde lagt på meg sjølv, og eg torde å eksperimentere meir med musikkproduksjon og nye instrument. Eg vart modig nok til å publisere soveromsdemoane mine på SoundCloud, og etter fem år med opp-psyking følte eg meg endeleg klar til å spørje folk om dei ville vere med i bandet mitt.

Noe helt annet. I dine ungdomsår lagde du YouTube-videoer á la «How to play Coldplay on guitar/keyboard». Gjorde du stor suksess på YouTube?
– Hehehe. Nei, eg laga aldri YouTube-videoar sjølv, men eg lærte meg å spele gitar og keys ved å surfe rundt på diverse tutorials. Eg syntest det var flaut når familien min høyrde synginga mi gjennom veggen, så eg kunne nok aldri gjort YouTube-suksess.

Aha! Sett bort ifra det. Er du en Coldplay-apologet?
– Eg har vel aldri vore ein stor Coldplay-fan, men det var liksom lettare å lære dei fire akkordane i Coldplay og Keane, enn andre ting eg høyrde på.

Hva er veien videre for deg?
– I studio for å spele inn EP.