Debatt Tre kule Quiz Løst gjenfortalt Under beltestedet
ANMELDELSE
Littfest: Omsett sorg
19.02.2019

Korleis klisjé blei til kunst i 1300 år gammal poesi. Stoff melder litterær samtale.

På Bergen internasjonale litteraturfestival sitt arrangement ”Omsett sorg” møter Cambridge-professor James E. Montgomery litteraturforskar Daniel Medin til ein samtale om litterær omsetting og korleis livsendrande hendingar kan føre til ny, litterær innsikt. I ein ufortent halvtom sal tar Montgomery på brutalt og vakkert vis publikum med på ei emosjonell og gripande reise.

Med henda folda i fanget og blikket festa i lufta, fortel professoren i arabisk kultur ærleg og openhjerta frå stolen sin. Etter å ha undervist i over tre tiår om dikta til den arabiske 700-tallspoeten Al-Khansa utan å setje pris på dikta sjølv, fekk poesien brått ei djupare meining for professoren då hans 17 år gamle son blei livstruande skadd i ei ulykke.

Ansiktsuttrykka til publikum gjenspeglar Montgomerys audmjuke, elegante og sårbare måte å formulere seg på, og det er umogleg å ikkje føle med professoren når han fortel.

– Eit stort traume dreg deg vekk frå alt av normalitet. Du entrar ein tilstand av sjokk der alle inntrykk er annleis. Tida kan stoppe komplett opp, eller den kan rase forbi. Heile livet fell i grus. Vi brukte dei neste 6 månadane etter ulykka på å ta vare på sonen vår. Etterkvart og omsider, byrja vi å pusle liva våre saman igjen. Eller, i alle fall bitane som var mogleg å pusle på plass.

Montgomery les korte utdrag frå det litterære verket sitt, Loss Sings, som omhandlar sorga og innsikta den førte til. Det inneheld 15 av dikta til nettopp poeten Al-Khansa, omsett til engelsk.

– Det eg før hadde sett på som klisjéar i dikta, opplevde eg brått ikkje som klisjèar lenger. Dei hadde fått ei meining. Gjennom mine eigne erfaringar prøver eg å dra desse dikta frå 700-talet fram til vår tid. Eg ville gjere det mogleg for lesaren å sjå kva eg har fått sjå i desse dikta.

Tida flyr på Litteraturhuset når Montgomery filosoferer over betydninga av sonens ulykke for arbeidet hans med omsetting av arabisk litteratur. I naturleg samspel med litteraturforskar Medin flyt samtalen vakkert, og det kjennast noko synd at ikkje fleire litteraturelskarar har fått med seg dette.

For oss i salen vil Montgomery sin åpenhet og innsikt sitte igjen i kroppen i lang tid. Eit godt arrangement av Bergen internasjonale litteraturfestival.

LES OGSÅ: Keiserens nye kunst 

Neste artikkel
Analog kjærleik