Byrop: Arkitektpoesi
Kvifor skriv arkitektar så svevande?
9. april 2019

«Materialet (…) er kryssfinerplater som symboliserer det norske og det menneskelige.» Slik skildra eit kjent arkitektkontor nyleg eit av arbeida sine. Men kva er det i grunn med kryssfiner, resultatet av ein avansert industriell prosess, som er så norsk og menneskeleg? Høvla heiltre. Det klinger meir norsk for meg, og er dessutan eit produkt av menneskehender.

«Arkitektur er i seg sjølv den ultimate forma for retorikk.»

Ein må vite at ein viktig del av arkitektens arbeid i dag handlar om å selge. Utan kundar blir det lite arkitektur. Riksdekkande media har nyleg hatt ein større debatt om den visuelle sida av dette: Ferdigstilte storprosjekt som i utsjånad skil seg merkbart frå photoshop-illustrasjonane som skulle selge prosjektet i starten. Den retoriske sida handlar om den av og til svulstige språkdrakta mange arkitektar svøper seg i når dei skal fremje prosjekta sine. Ei pseudo-poetisk, eller kanskje meir dikt-analytisk ordkappe, for det er mykje symbolisering å finne.

Marknadens salgsretorikk
«The tower is the unifying symbol of something which is socially elevated and marks one important point in the landscape.» Dette skriv eit anna arkitektkontor om sitt konkurranse-arbeid med det illgjetne Røkke-tornet, som nokon vil ha til Bergen. Arkitektur er i seg sjølv den ultimate forma for retorikk, noko mellom andre Røkke, og Trump med sin mur, for lengst har skjønt. Men det er synd når den blir redusert til å være først og fremst det. God samtidsarkitektur må forhalde seg til marknadens salgsretorikk for i det heile teke å kome til. Det er sjølvsagt ulike måtar å gjere dette på. Men om produktet er godt, er det vel tilgiveleg om nokon måtte ta munnen litt for full med marshmallows for å få det realisert?

Tilbake til kryssfineren, som skal «symbolisere det menneskelige og det norske». Utanfor samanhengen kan setninga låte som ein litt søkt floskel, formulert for å selge. Men så får du vete at det faktisk er ei gi bort-annonse på finn.no. Arkitekten ynskjer å forlenge livet til ein midlertidig konstruksjon som har fullført sitt oppdrag for kunden. Lat oss innføre eit nytt arki-retorisk floskeluttrykk: brukt-arkitektur. Gi nytt liv til gamle bygg!

 

LES OGSÅ: Byrop anmelder KMD-bygget