Med larvar på hjernen
I ein gammal gardskjellar på Voss blir framtidas middagstallerken klekka ut.
9. april 2019

Johannes! Kanskje du kan ta på deg frakken og bli med på eit bilete i staden for meg.

Alexander Solstad Ringheim, dagleg leiar for Invertapro AS, kastar ein kvit frakk mot kollegaen sin.

Her er det liksom Johannes og Guiseppe som er sjefane. Det er viktig for meg å få med heile teamet, utdjup Ringheim, og snur seg mot oss med nokre blå skotrekk i handa.

Vi tar imot, og hiv dei utanpå skoa våre.

Med ein jordnær dagleg leiar i spissen, er det enkelt å forstå korleis fellesskapet har vore avgjerande for miljøet i gardskjellaren på Voss. Kjellartaket er lågt, og i etasjen over bur Ringheim si søster. Betongen som rammar inn kjellarveggane er kald, men atmosfæren i rommet er alt anna.

Vi får høyre om kor det heile starta, om framtidsdraumar og om gründaren som sette det heile i gong. Vi får høyre om det einaste absolutte ansettingskravet at ein brenn for miljøet og vi får høyre om relasjonane mellom kollegaene, felles middagar, pilsing, latter og ein regel om å skilje jobb og fritid som aldri fungerar.

Johannes smyg inn i den kvite frakken pålagt av Mattilsynet.

Skal vi gå inn og ta ein titt på larvane, då?

Frå kubæsj i Tanzania til garden på Voss
Eit par timar tidlegare, i kontorlokala i Miltzows Gata 2, opnar Ringheim døra for å fortelje oss om då det heile starta.

Vil de ha kaffi eller noko anna å drikke? tilbyr Ringheim i det vi stig inn i lokalet.

Duften av nykverna kaffibønner og tomme krus avslørar det høge kaffikonsumet i Miltzows Gata 2. Kreative hjerneceller og ein over middels høg arbeidskapasitet er avgjerande faktorar for å passe inn her. Vi blir peika inn på kontoret, medan Ringheim sjølv går på kjøkkenet for å finne fram kaffi og krus. Inne på kontoret er veggane dekt av tavlar med tankekart, planar og tidslinjer. «To think about» står det på den eine tavla, etterfulgt av ei rekkje med utheva kulepunkt. På bokhylla, mellom rapportar, godkjenningar og prisar, kvilar boka Insects as Sustainable Food Ingredients.

Vi heng frå oss, før Ringheim kjem tilbake og sleng seg ned i kontorstolen sin.

Vil de ha det heilt frå starten liksom? Det begynte i 2015, då. Eg og ein kollega jobba for Fredskorpset litt oppe i fjella i Tanzania. Der var eg i nesten to år, jobba med bønder og såg på optimalisering og levedyktigheit. Det var eigentleg litt tilfeldig, men vi leste om insektproduksjon i Sør-Afrika og syntest det høyrdest kult ut. Også tenkte vi rett og slett at om desse insekta fanst i Sør-Afrika, så måtte dei jo finnast i Tanzania også. Så då var det eigentleg berre å printe ut eit ark med bilete frå Google, gå frå gard til gard og grave i kubæsjen på jakt etter dei.

Ringheim trekk på smilebanda, foldar beina i kors og lenar seg mot skrivebordet medan han mimrar tilbake til byrjinga. Skrivebordet er stort: Ein litt for høg stabel av grøne permar på veg til å skli overende dekker det eine hjørnet, og ein grøn plante det motsette. I mellom ligg alt frå markeringstusjar og post it-lappar, til eit halvåte eple og ei pose med tørka larvesnacks. Kanskje er det akkurat slik kontorplassen til ein dedikert gründer skal sjå ut.

Og så inngjekk vi ei pakt om at dersom vi fant akkurat desse insekta, det er jo 5-10 millionar ulike artar, så skulle vi prøve å sette opp ein testfasilitet. Og ja. Så blei det liksom til ein testfasilitet i Tanzania då, i 2015.

LES OGSÅ: Velkommen hjem. Løst gjenfortalt. 

Heime hos mormor
Etter to år i Tanzania reiste eg tilbake igjen til Noreg i april 2016. Då var eg rett og slett blakk. Det var null kroner på konto, men eg nekta å gå på NAV. Eg var veldig bastant på at eg ville jobbe med noko eg brydde meg om, og då fekk det heller koste det det kosta. Så eg flytta inn hos mormor her på Voss, og jobba med dette prosjektet. Eg fekk mat av ho, og så satt eg i dagevis og berre skreiv på bedriftsplan etter bedriftsplan på hundrevis av sider. Dette var vel i grunn den tyngste tida…

Vurderte du nokon gong eit anna karriereval?

Eg vurderte sjølvsagt andre retningar som var praktisk enklare.

Ringheim festar blikket ut i lufta medan han fortel:

Eg har ei god utdanning, og hadde jobbar eg kunne søke på, men så var det dette med at eg var så bastant på at eg vil jobbe med noko eg brydde meg om. Eg blei fortalt nesten kvar dag at «du har ei økonomiutdanning, Alexander. Kvifor tar du ikkje og får deg ein jobb?» Men eg var så fast bestemt på at eg ikkje ville jobbe med noko som eg ikkje brenn for. Det er ikkje det at denne jobben er kjekk i seg sjølv kvar dag, det er mykje som er kjedeleg, slik det er i alle næringar, men det handlar om å vite kvifor ein er her og kvifor ein jobbar med det ein jobbar med.

Stoff anmelder Mjølmums

  • Utsjånad: Larvete. Dette ser ut som noko som har kome ut frå ein alien-film på TV.
  • Lukt: Overraskande nøytral. Lite å ta framtidas snacks på her.
  • Konsistens: Crunchy.
  • Smak: Eit hint av salt. Minnar noko om mors nøtteblanding på vekas søndagstur.
  • Totaloppleving: Å skulle ete noko som minner om ein utanomjordisk skapning i miniatyrform kan for mange bli oppfatta som noko skummelt. Det psykologiske aspektet framstår definitivt som det største hinderet for å nyte Mjølmums, men blir vege opp for delikat smak. Når ein kjem seg over det mentale hinderet, nytast Mjølmums med overbevisande glede. Totalt sett ei positiv oppleving.  

«Her kjem vi med insekta»
Frå mormor sitt middagsbord til nominasjonar, lanseringar og prisar. Ringheim forklarar at dei framleis er i ein oppstartsfase, men suksessen har balla på seg for teamet. Frå ideen som vaks fram i Tanzania leverer dei i dag produkt på tre område, men det er særleg marknaden for mat som har overraska den daglege leiaren.

Sentralt er at vi har eit sirkulært fokus, der det handlar om å utnytte allereie eksisterande ressursar og energi på best mogleg måte. Alt vi produserer skal vere av verdi, og vi skal ikkje sløse med noko. Når det gjeld marknaden for mat, testar vi farvatnet, men for å vere heilt ærleg har vi vore skeptiske sjølv. Veldig skeptiske. Vi har kanskje ikkje trudd at Noreg var heilt klare for det. Men vi har fått veldig gode tilbakemeldingar på produkta som har blitt lansert, så det kan hende denne utviklinga har skjedd mykje kjappare enn vi trudde.

Som til dømes larvebrødet de nettopp lanserte?

Ja, til dømes! Her kjem liksom vi med innsekta og skal introdusere eit produkt for første gong. Vi vil jo gjerne ikkje skremme folk vekk. Dette insektsbrødet er ein spennande, og på mange måtar mjuk, variant. Vi er kjent med brød, det er ein del av den norske husmannskosten og tradisjonen, men eg tippar alle som har prøvd larvebrødet har måtte ta eit steg utanfor komfortsona.

Og kva med mormor, har ho smakt larvene?

Å, jada! Ho syntest det var spennande, og likte det. Mormor har fulgt meg sidan eg var liten, og alltid vore veldig støttande. Men ho har jo begynt å bli gammal. Om du skjønar kva eg meinar.

Ringheim blir stille i eit lite sekund, før han held fram:

Men ho har alltid vore der og støtta meg.

Fredagstaco
Det alvorlege blikket blir bytta ut med eit smil når larve-entusiasten får spørsmål om sitt eige kosthold.

Vi et larvar heile tida, ja. Vi får utruleg mange gode idear frå folk på Instagram, og eksperimenterar med alt mogleg. Det er jo eit såpass nytt felt at ein endå ikkje veit i kva komposisjon larvane verkeleg kjem til å slå an. Det er mange vegar å gå, så vi driv definitvt og utforskar.  

Så det er larvar i fredagstacoen heime hos deg?

Haha, ja! Det fungerer veldig bra om ein tar larver og miksar det i ei bønnestuing til tacoen. Vi har begynt å få tilbakemeldingar frå folk som fortel at det smakar veldig godt!

Men korleis stiller de dykk til det veganske og vegetariske aspektet?

Åh, det er eit veldig spennande tema. Det korte svaret er jo at insekt er eit animalsk produkt. Det er eit dyr. Men det finst også eit anna svar: Om ein er vegetarianer eller veganer grunna miljøaspektet, burde det absolutt vere interessant å vurdere innsekt i kosten.

«Larve-dads»
Skal vi ture oppover mot produksjonen, så får de tatt ein titt der? Eg må berre ringe Johannes så han kan komme og hente oss. Eg brukar ikkje så mykje bil, nemleg.

Ti minuttar seinare kjem ein hyggeleg bergensar inn i lokalet. Johannes Gudolv Irgens slutta i jobben sin i Bergen, og flytta til Voss for å bli med i teamet til Ringheim. Saman med den italienske insekteksperten Giuseppe Russo, som flytta heile vegen frå Milano, har dei to miljøentusiastane full kontroll i larvekjellaren. Eller som dei beskriv sjølv:

Vi er liksom «The larve-dads».

Som ein nyutdanna insektspesialist kom Russo over Larveriet på nettet. Han tok saken i eigne hender, kontakta Ringheim og teamet, og spurte om dei var interessert i å utvide laget. Sidan har han ikkje sett seg tilbake.

Eg likar meg her! Voss er ein nydeleg plass, og arbeidsmiljøet her gjer plassen heilt unik. Vi er kollegaer, men samtidig også veldig gode vener. Også likar eg at det ikkje er pengar, men miljøet som står i fokus.

Larvens livssyklus
Framme på garden blir vi vist rundt i produksjonslokalet, som er den gamle familiegarden til medgründar Jon Gjerde. Øvst i huset bur eit anna medlem av teamet saman med kona si, medan søstera til Ringheim bur i førsteetasje. Og i kjellaren: produksjon av framtidas middagstallerken. Det er vanskeleg å ikkje finne dei autentiske omgivnadane sjarmerande.

Italieneren Russo og bergensaren Irgens tek oss gjennom kjellaren. I rommet der larvane utviklar seg, har kvart steg i larve-syklusen sin eigen hyllereol. Irgens og Russo drar ut skuff etter skuff med larvar. På avstand kan ein skimte små bevegelsar i skuffene, men går ein nærme nok får ein auge på dei: små og krunglete skapningar som ålar seg rundt i sine rektangulære heim.

Her inne finn vi melbillene som legg egg, forklarar Irgens og dreg ut ei skuff fylt med svarte biller.

Gjennom åtte veker blir egga og larvane nøye passa på, og etter kvart som dei veks gjennom dei ulike stadia i syklusen, blir dei flytta frå ein hyllereol til den neste. Frå billene legg egg til larvane klekk nokon av dei blir til Mjølmums og ingredienser i larvebrødet, medan andre fullfører syklusen og utviklar seg til biller som kan byrje på ny. På denne måten er alt som foregår i Larveriet nøye systematisert.

Invertapro AS

  • Etablert: 2016
  • Dagleg leiar: Alexander Solstad Ringheim
  • Produserar: Mjølmums larvesnacks, plantegjødselet Bløme og oppdrettsfôr. Den siste tida aktuell med lanseringa av «Larvebrød».
  • Verdiar: Minimalt fotavtrykk, reint produkt, kortreist, sirkularitet.
  • Akkrediteringar:
    • Vinnar av Climate KIC Accelerator Programme 2018/2019
    • Vinnar av Avfall Norge sin gründerpris 2018
    • Vinnar av Voss kommune sin Environmental Protection Award 2018
    • Vinnar av Sparebanken Vest sin innovasjonspris 2017
    • Finalist til SPIR sin nasjonale pris for klimateknologi og fornybar energi 2017
    • Finalist til Climate Launchpad Competition 2016


Larveparadis
På spørsmål om larvane og billene blir behandla på ein verdig måte, kjem svaret kjapt:

Ja, definitivt! Det ville vore ekstremt vanskeleg å vere så opptatte av miljø, og samtidig jobba ein plass der larvane blei behandla dårleg, forklarar Russo og Irgens.

Dette blir bekrefta av dagleg leiar Ringheim, då han fortel at dei samarbeidar med BIR, som leverar restråstoffet larvane livnærar seg på. Gjennom denne avtalen får larvane akkurat den næringa dei treng, samtidig som dei gjer om avfall til ein ressurs. Temperaturen og luftfuktigheita i Larveriet blir også nøye monitorert. I tillegg får larvane leve tett saman akkurat slik dei trivast best.

Vegen framover
Eit team på seks medarbeidarar går i dag i bresjen for Invertapro AS. Stoff var heldige å få besøke Larveriet i sitt opprinnelige lokale, men medan denne utgåva går i trykken, flyttar dei inn i eit nytt lokale på Voss. For å halde fram utviklinga, kravdest større plass enn kjellaren i den gamle gardsbustaden kunne tilby. Teamet skal også utvidast, og snart blir dei åtte.

Men for ein av dei originale kvar kjem arbeidsvilja frå?

Det byrjar kanskje å bli litt vel intimt her, men eg kan no fortelle om ei heilt absurd frykt eg har. Det er å liksom skulle bli gammal og ikkje kunne stå inne for det eg har gjort. Eg hugsar at det slo meg då eg studerte, forklarar Ringheim.

Det blir stille eit par sekund, før han utdjup:

Ein kan jo ikkje gjere alt perfekt, og ein må gjere så godt ein kan, men det er dette med å kunne seie at ja, eg har vore dum, eg har vore god, eg har vore stygg, eg har vore fin, men eg gjorde det eg kunne.

For meg handlar det rett og slett om å bli gammal og grå og kunne seie: «eg prøvde».

LES OGSÅ: Tid til mat hos Don Pippo