Samfunn Kultur Debatt Bergensguide Om oss
LEDERSTOFF
Feilslått resept på søkkande motivasjon
17.02.2021

Logg av. Gå ein tur. Høyr på musikk. Ring ein ven. Klapp ein hund. Tren. Sørg for å få ei god nattesøvn. Visualiser din suksess. 

Råda kunne dukka opp med eit enkelt Google-søk på «korleis finne ro i ein hektisk kvardag», eller «tips til å leve i nuet», men let deg ikkje lure! Dei kjem frå UiB sin nettportal, vaergodmotdegselv.no, som skal vere ei støtte for studentar gjennom pandemien. Det kan vere gode tips om ein har ein dårleg dag, men ikkje når den personlege økonomien stuper og du høyrer at konkurransen om arbeid blir tøffare og tøffare for kvar dag som går. 

«Alle desse råda om korleis ein skal unngå utmatting og stress, er som eit plaster på eit gnagsår»

 Utmatta, umotiverte og einsame. Det er studentane etter snart eit år med ein meters avstand, digital undervisning, og eit titals ekstra bekymringar for dei nære, samfunnet og framtida. Lite hjelp det når den einaste tilleggsstøtta me får, seinare vil bli til gjeld.

Tiltaket frå UiB er forsåvidt eit godhjarta forsøk på å hjelpe studentane når dei ikkje får hjelp av staten. At utdanningsminister Henrik Asheim berre klarer å tilby ei serie-anbefaling til dei heldige med HBO-abonnement, samt ei hyllast til UiB si nettportal, er derimot for dårleg. 

 Låg motivasjon og ei svak psykisk helse er ikkje eit godt utgangspunkt for den arbeidsmarknaden som venter studentar i framtida. Nav si «Omverdenanalyse 2021» viser at teknologisk utvikling (i denne samanheng: automatisering), globalisering og det grøne skifte vil føre til bråare skifte og behov for auka kompetanse blant arbeidsstyrken. Sjølv om det er lågkompetanseyrkene som er mest utsett, trur dei også at oppgåver som krev høgare utdanning vil bli råka. 

Sjå for deg at du er ferdig utdanna, og har brukt seks månadar på å søke etter ein jobb. Du får avslag på avslag, sjølv om du oppfyller alle krav til kompetanse frå arbeidsgivar. Kva hadde du gjort om du då fekk eit brev frå kommunen med tips til korleis du skulle vere snillare mot deg sjølv? «Kjære deg, du mottek dette brevet ettersom du har motteke 89 avslag på jobbsøknadane dine. Kommunen er difor bekymra for at du ikkje har det så bra. Kva med å gå seg ein tur? Å telje kor mange dyr du ser på vegen kan få deg på finare tankar. Det er også viktig med ei god natts søvn. Om du treng nokon å snakke med, ring mental helse på 55 32 70 90. Vær god mot deg sjølv. Med vennleg helsing, Kommunen». 

Økonomisk usikkerheit er eit dårleg grunnlag for gode liv. Det påverkar sjølvbiletet, som påverkar vår mentale helse, som igjen påverkar vår fysiske helse. Vidare vil dette gå ut over kvardagen, arbeidet og samfunnet. Dårleg samfunnshelse fører med seg ekstra utgifter til helse og omsorg, som i tillegg vil bli utgiftstung på grunn av eldrebølga.

Finansminister Jan Tore Sanner påstår at folk må arbeide lenger, og at fleire må ut i arbeid, for å sikre den norske velferda i framtida. Han meiner at auka skatt vil redusere folk si arbeidslyst, og at svaret er auka kompetanse og arbeidsmengde. Å auke folks kompetanse er ikkje galt. Ellers meiner eg at han tek ganske feil. Det er ikkje skatteinnkrevingane eller manko på arbeidskraft som skaper låg sysselsetting. 

Problemet er mangel på arbeidsplassar. Sanner sine påstander er dermed sjølvmotsigande: for å få fleire ut i arbeid, kan ein ikkje sette dei med arbeid til å jobbe lenger. I staden burde ein fordele arbeidskrafta, slik at arbeidspresset for dei i arbeid blir redusert, og arbeidsplassar for dei utan arbeid blir til. For å yte, har ein behov for å kvile. Ser ein på utviklinga dei siste 200 åra, har arbeidsdagane blitt kortare, og velstanden høgare. Det skaper eit produktivt samfunn med økonomisk vekst. 

Alle desse råda om korleis ein skal unngå utmatting og stress, blir derfor som eit plaster på eit gnagsår: Hadde ein valt andre sko, hadde det ikkje vore naudsynt. Fordeler ein arbeidskrafta på fleire jobber, vil fleire kome i arbeid, produktiviteten stige, og me vil ha overskot til å trene og visualisere vår suksess.

LES OGSÅ: Leder: 17 millioner i massegrav

LEDERSTOFF
Feilslått resept på søkkande motivasjon

Logg av. Gå ein tur. Høyr på musikk. Ring ein ven. Klapp ein hund. Tren. Sørg for å få ei god nattesøvn. Visualiser din suksess.  Råda kunne dukka opp med eit enkelt Google-søk på «korleis finne ro i ein hektisk kvardag», eller «tips til å leve i nuet», men let deg ikkje lure! Dei kjem […]

Neste artikkel
Bergens egen Dolly Parton