Samfunn Kultur Debatt Bergensguide Om oss
LEDERSTOFF
Ei kraftig undervurdering av menn
16.03.2021

Det er eit velkjent faktum at legaliseringa av p-pilla på syttitalet endra kvinner si fridom markant – også seksuelt. Moglegheita for å ha sex utan å bli gravid, har frigjort kvinner frå eit determinert livsforløp, kor kjøkkenarbeid og barneoppdragelse trumfer karriere og sjølvrealisering. Sidan den tid, har det kome ei rekkje andre alternativ for kvinner på markanden. Likevel er ingen av desse alternativa hundre prosent sikre mot graviditet, og nyare forsking på effektane av p-pillebruk tyder på at biverknadane ikkje berre kan vere plagsomme, men også fatale. 

«Å fremme mannleg prevensjon, er ein vinn-vinn-situasjon for både talet på dei ikkje-planlagte graviditetane, abortstatistikken, likestilling og kvinnehelse.»

For kvinner er det altså ei rekkje alternativ. For menn er det berre tre tilgjengelege: kondom og vasektomi, samt avhald. Ei refertilisering etter ei sterilisering koster over 30.000 kroner, og resultatet er usikkert. Ønsker ein å halde seg seksuelt aktiv, er det enklaste alternativet dermed kondom. I august 2017 skreiv Stoff om forskinga på prevensjonmidlar for menn, og korleis utviklinga av både hormonelle og ikkje-hormonelle alternativ hadde kome langt på veg. Presseansvarlig for ein av produsentane sa då at produktet deira kunne vere ute på marknaden om to til tre år, dersom dei fekk midler til å gjennomføre testing. Nesten fire år seinare er det enno ingen nye alternativ tilgjengelege.

Sett i samanheng med at det krevst både ei eggcelle og ei sædcelle for å bli med barn, er dette rart. Tal frå TNS Gallup sitt Helsepolitiske baromenter frå 2016, viser at ein av fire kvinner har blitt gravid utan at det var planlagt. Sjølv om ein bruker p-pilla riktig, kan ein rekne med at tre av 1000 brukarar vil bli gravide i løpet av eit år. Då hjelp det lite at Noreg ligg på verdstoppen i kondom-unnasluntring. Funfact: det held dessverre ikkje å spørje rett før, og iallfall ikkje rett etter, du kjem: «Du går på pilla, ikkje sant?». Med fleire tilbod om prevensjon for menn, vil ein unngå fleire uhell. Det betyr også færre abortar (så slepp Ropstad styre meir med å innskrenke denne rettigheita vidare). 

Hormonell prevensjon for kvinner har – i tillegg til sine positive effekter, så klart – fleire negative biverknadar: humørsvingingar, migrene, auka risiko for blodpropp, hjarteinfarkt, hjerneslag og brystkreft. Nyare studier tyder også på at p-pillebruk kan ha ei samanheng med alvorleg depresjon og sjølvmord. Forsking på mannlegg prevensjon har pågått i fleire tiår, og det er funne fleire gode alternativ av både hormonell og ikkje-hormonell type. Biverknadane er få, og moglegheita for å reversere prevensjonen stor. Forsking på kvinneleg prevensjon har også pågått i fleire tiår, men dei sikraste midla mot graviditet har fortsatt fleire negative konsekvenser for kvinners helse. Å få mannleg prevensjonsmidlar ut på marknaden, er dermed ein vinn-vinn-situasjon for både talet på dei ikkje-planlagte graviditetane, abortstatistikken, kvinnehelse og likestilling. 

Så kvifor er ikkje fleire alternativ tilgjenglege for menn? Det vanlege svaret er at det ikkje eksisterer eit marknad for det. Dette slit eg med å forstå. Betyr det at menn tenker at dei ikkje har eit ansvar for å forhindre ein graviditet? I så fall er det ei kraftig undervurdering av menn. Kvifor skal ikkje menn ønske å få betre kontroll over eigen reproduksjon?

 

LES OGSÅ: Feilslått resept på søkkande motivasjon

LEDERSTOFF
Ei kraftig undervurdering av menn

Det er eit velkjent faktum at legaliseringa av p-pilla på syttitalet endra kvinner si fridom markant – også seksuelt. Moglegheita for å ha sex utan å bli gravid, har frigjort kvinner frå eit determinert livsforløp, kor kjøkkenarbeid og barneoppdragelse trumfer karriere og sjølvrealisering. Sidan den tid, har det kome ei rekkje andre alternativ for kvinner […]

Det er eit velkjent faktum at legaliseringa av p-pilla på syttitalet endra kvinner si fridom markant – også seksuelt. Moglegheita for å ha sex utan å bli gravid, har frigjort kvinner frå eit determinert livsforløp, kor kjøkkenarbeid og barneoppdragelse trumfer karriere og sjølvrealisering. Sidan den tid, har det kome ei rekkje andre alternativ for kvinner på markanden. Likevel er ingen av desse alternativa hundre prosent sikre mot graviditet, og nyare forsking på effektane av p-pillebruk tyder på at biverknadane ikkje berre kan vere plagsomme, men også fatale. 

«Å fremme mannleg prevensjon, er ein vinn-vinn-situasjon for både talet på dei ikkje-planlagte graviditetane, abortstatistikken, likestilling og kvinnehelse.»

For kvinner er det altså ei rekkje alternativ. For menn er det berre tre tilgjengelege: kondom og vasektomi, samt avhald. Ei refertilisering etter ei sterilisering koster over 30.000 kroner, og resultatet er usikkert. Ønsker ein å halde seg seksuelt aktiv, er det enklaste alternativet dermed kondom. I august 2017 skreiv Stoff om forskinga på prevensjonmidlar for menn, og korleis utviklinga av både hormonelle og ikkje-hormonelle alternativ hadde kome langt på veg. Presseansvarlig for ein av produsentane sa då at produktet deira kunne vere ute på marknaden om to til tre år, dersom dei fekk midler til å gjennomføre testing. Nesten fire år seinare er det enno ingen nye alternativ tilgjengelege.

Sett i samanheng med at det krevst både ei eggcelle og ei sædcelle for å bli med barn, er dette rart. Tal frå TNS Gallup sitt Helsepolitiske baromenter frå 2016, viser at ein av fire kvinner har blitt gravid utan at det var planlagt. Sjølv om ein bruker p-pilla riktig, kan ein rekne med at tre av 1000 brukarar vil bli gravide i løpet av eit år. Då hjelp det lite at Noreg ligg på verdstoppen i kondom-unnasluntring. Funfact: det held dessverre ikkje å spørje rett før, og iallfall ikkje rett etter, du kjem: «Du går på pilla, ikkje sant?». Med fleire tilbod om prevensjon for menn, vil ein unngå fleire uhell. Det betyr også færre abortar (så slepp Ropstad styre meir med å innskrenke denne rettigheita vidare). 

Hormonell prevensjon for kvinner har – i tillegg til sine positive effekter, så klart – fleire negative biverknadar: humørsvingingar, migrene, auka risiko for blodpropp, hjarteinfarkt, hjerneslag og brystkreft. Nyare studier tyder også på at p-pillebruk kan ha ei samanheng med alvorleg depresjon og sjølvmord. Forsking på mannlegg prevensjon har pågått i fleire tiår, og det er funne fleire gode alternativ av både hormonell og ikkje-hormonell type. Biverknadane er få, og moglegheita for å reversere prevensjonen stor. Forsking på kvinneleg prevensjon har også pågått i fleire tiår, men dei sikraste midla mot graviditet har fortsatt fleire negative konsekvenser for kvinners helse. Å få mannleg prevensjonsmidlar ut på marknaden, er dermed ein vinn-vinn-situasjon for både talet på dei ikkje-planlagte graviditetane, abortstatistikken, kvinnehelse og likestilling. 

Så kvifor er ikkje fleire alternativ tilgjenglege for menn? Det vanlege svaret er at det ikkje eksisterer eit marknad for det. Dette slit eg med å forstå. Betyr det at menn tenker at dei ikkje har eit ansvar for å forhindre ein graviditet? I så fall er det ei kraftig undervurdering av menn. Kvifor skal ikkje menn ønske å få betre kontroll over eigen reproduksjon?

 

LES OGSÅ: Feilslått resept på søkkande motivasjon

Neste artikkel
Hvor stein blir du av ti gram hasj?