Oljesvette barn må ikkje kapitulere
25. mai 2021

Naturlovene følg sin eigen rytme. Litt som technohovud på rave i skogen. Jorda kjem fortsatt til å spinne rundt sin eigen akse, sjølv om den for oss er eit daudt prosjekt. På ein måte kan det vere tryggande ord. På alle andre måter ikkje. Kva som skal til for å redde verda slik me kjenner ho, er det vanskeleg å bli klok på. I media får ein stadig nyheiter om naturkatastofer, klimatilstanda, politikarar som er ueinige om kva ein burde gjere, politikarar som sett seg så fast i å vere ueinige at dei blir handlingslamma, at Noreg er ein klimaversting utan like, og ein gong innimellom ei gladsak om at blåkvalbestanda er i vekst igjen. Til tider blir ein motlaus. Er det eigentleg håp, eller er me dømd til å kaste oss sjølve utfor stupet? Klimaendringar, klimautfordringer, klimakrise, klimakatastrofer, klima, klima, klima, klima. 

Det heile blir fort overveldande når ein blir fortalt at det er du, som forbrukar og enkeltindivid, som står ansvarleg for å ta dei riktige vala. Kjensla er godt illustrert i månadens Løst gjenfortalt. Individualisering av klimaansvar har pågått i fleire tiår. Store selskap som British Petroleum og Coca Cola, har sidan 70-talet bevisst flytta fokuset vekk frå sine eigne utslepp, og sin eigen forureinande masseproduksjon, over til forbrukaren sine val og handlingar gjennom reklamevideoar og kampanjar. Konsekvensen av grønvaskinga til British Petroleum kan du lese meir om i «Penger kan skape grønne enger» i denne utgåva. 

Samtidig som ein lenge har kjent på at ansvaret kviler på eigne skuldre, eksisterer også motlausheita når ein finn ut at det er storindustrien som forureinar mest. Dine handlingar betyr jo ikkje så mykje då, så kvifor skal ein kutte ned på det raude kjøttet og kaste youghurtbegeret i plastikken? Men betyr det ikkje noko for deg i augneblinken? At du får dårleg samvit for å kaste juskartongen i restavfall. 

Det er ikkje berre oss som enkeltindivid, som har ansvar for å løyse klimakrisa. Men me er avhengige av kvarandre. Klimakrisa har ingen fasitsvar. Det er ikkje berre fysikarar, kjemikarar og biologer som kan redde verda, som biolog Dag O. Hessen seier i «I kjølvannet av klimadommen». Tverrfaglegheit i klimaspørsmål er viktig, og sentralt for å finne gode løysingar i fellesskap. 

«Dråpen uthular steinen, ikkje med kraft, men ved å falle ofte». Endringar skjer over tid, og klimakampen kan ikkje kjempast på ein dag. Sjølv om det å kutte oljeproduksjonen verkar som det kan løyse store deler av klimakrisa for vår del, lev me ikkje i eit vakum. Me nordmenn redder ikkje verda ved å kutte ut olja åleine, uansett kor mykje oljesvetten tærer på samvita. Suksess i klimakampen burde ikkje vere eksklusivt, heller ikkje for Noreg. Reelt internasjonalt samarbeid må på plass når me skal redusere forbruket og utsleppa våre. Det må også kome fram i media, som er så gode på å dekke Noreg sine handlingsplaner, klimakonfliktar og utslepp, men ikkje så flinke til å ha eit internasjonalt syn i denne saka. Me er alle avhengige av kvarandre, også på verdsbasis, og det kjem ikkje like godt fram. 

I nokre tilfelle kan realiteten kjennast fjern, for me har vakse opp med å bli fortalt at isbjørnen kjem til å miste sin heim, og at øygrupper og land i Asia kjem til å bli oversymt når Nordpolen smelter. Eit større fokus på korleis klimaendringane vil påverke vår eigen kvardag, er enklare å relatere til, og kan forhåpentlegvis samle oss. Kva me kan forvente her i Bergen, kan du lese om i «Ah sheesh, Ulriken under vann, bro». 

Den største påverknaden me har framover i år, er Stortingsvalet i haust. Bruk tida fram til 13. september til å finne det partiet som tek framtida vår på alvor. Saman er ein mindre åleine, og saman kan ein gjere ei forskjell. Litt klissete, men ganske så sant. God sommar, og hugs å bruke stemmeretten din!

 

LES OGSÅ: Legene som vil redde kloden