Samfunn Kultur Debatt Bergensguide Om oss
12.12.2021
LESERINNLEGG
B-menneske: Vakn opp!

Kvar morgen startar kampen om lesesalplassar på HF-biblioteket. Studentar frå alle fakultet strømmer til og kaprar seg fyrste og beste pult. Men kven står igjen som taparen uten plass? Jo, nemleg HF-studenten.

Kva assosierer du med den gjengse HF-studenten? Lang frakk, bustete hår, runde briller, laus skjorte og ein sigarett? Viss du ser for deg eit medlem av Kristiania-bohemen anno 1880 no, har eg gjort ein dårleg skildringsjobb. Tenkjer du heller på pensumet HF-studenten les? Du ser kanskje for deg ein artikkel om den hermeneutiske sirkel, ein utgreiing om postkolonial kjønnsteori, eller eit føredrag om Ludvig Holbergs komediar? Uansett veit du, som eg, at når denne HF-studenten kjem til det flotte, lyse HF-biblioteket, får ho ikkje leseplass i det heile. Kanskje får ho ein øyrelappstol i eit hjørne, men ein leseplass med pult og stol kan ho berre gløyme. Kvifor? Ho er eit B-menneske som kom til biblioteket i 11-tida, medan jusstudenten som tok den siste leseplassen var på biblioteket ved slaget 9.

Ein darwinist vil påpeike at dette er eit typisk survival of the fittest-tilfelle, der HF-studenten diverre taper mot den mykje biologisk overlegne jusstudenten. Men eg vil påpeike, kjære darwinist, at det trass alt er snakk om HF-biblioteket, ikkje det juridiske biblioteket. Kva gjer jusstudenten her i det heile?

For det er nemleg dette synet som møter meg kvar gong eg skal lese på mitt kjære HF- bibliotek: Jusstudentar, medisinstudentar, jau til og med NHH-studentar. Desse framande sit plutseleg i mi stove, og dei tek ikkje av seg hua før dei kjem. Jusstudentane sit der med kvar si store, raude utgåve av Noregs lover og svarar meg når eg spør kva dei eigentlig gjør her at «det er så fint og lyst med de store vinduene!» (Jau, jusstudenter er bokmålsbrukarar, sjølv i ein nynorsktekst). Sjølvsagt er det lyst her! Me treng alt lyset for å ikkje sovne når me les.

Jusstudentene, og alle dei andre som ikkje høyrer til på biblioteket, har altså ein biologisk fordel framfor HF-studenten: Dei er alle saman A-menneske. Dei har allereie understreka første del av pensum før HF-studenten i det heile har bladd til første side av Klassekampen eller slurka noko kaffi. Dei et lunsj medan HF-studenten opnar notatboka. Korleis skal dette fungera? Og korleis kan rektor Margareth Hagen ikkje leggje til rette for at B-menneska også skal få leseplass på deira eiget bibliotek?

Eg skjønar at det hadde vorte problematisk dersom UiB skulle innføra segregeringa att. Studentar skal omgåast på tvers av fakultet, men kvifor insisterer desse studentane å gjere dette på min lesesal, og ikkje på Hulen, til dømes?

LES OGSÅ: Hvis det er lov å si

Neste artikkel
Slutten på fotballen slik vi kjenner den