Med sjølvhjelpsbøker som toppar boklistene, tiktokar og Instagram-reels som fortel deg korleis du skal leve livet ditt til det fullaste og samstundes utnytte heile potensialet ditt, blir vi utsette for eit press om å stadig skulle forbetre oss sjølv og vere produktive gjennom heile døgnet. 5 am workout routine, korleis utnytte menssyklusen sin på den beste måten, studieteknikkar som gjer at du får A i alle fag, How to work an 8-hour day in just 4 hours, korleis starte eit suksessrikt selskap gjennom manifestering. Lista kunne fortsett, men for å skåne dei som er på veg mot utbrendheit, stoppar eg ho der. Alt dette er døme på ting ein kan gjere for å nå sitt fulle potensial. Men kva ligg det eigentleg i dette? Kva medfører slikt krysspress?
Å nå sitt fulle potensial inneber at eit menneske har masse potensial som berre venter på å bli brukt. Vi har uendeleg med moglegheitar innanfor alle arenaer i liva våre, og ved hjelp av små tips og triks kan ein få hjelp til å utnytte desse til det fulle. Folk i 20-åra har allereie nok med å ha to jobbar ved sida av studiet, vere frivillig, politisk aktiv, engasjert og følge med på musikken som er best no. Dessutan òg å halde tritt med «The Last of Us» og «Succession», og samstundes oppretthalde eit sosialt liv med vener og kjæraste, helst utan å vere klistra til mobilen. Å nå sitt fulle potensial handlar om å skape nye moglegheitar for seg sjølv, men etter å ha fundert litt, så verkar denne tanken stadig meir avgrensande enn inspirerande.
Ønsket om og presset på å vere suveren i alle aspekt i livet har tydelege konsekvensar. Alt ein gjer i livet skal maksimerast, vi skal fornyast og forbetrast, og det potensialet vi har i oss er eit tog som aldri stoppar. Heile tre av fire unge i arbeidslivet rapporterer at dei har opplevd å bli utbrende eller vore i nærleiken av å bli utbrende, ifølge ei kartlegging gjort av Academic Work. Det dette syner er at fleire unge, dei som tidlegare blei døypt «generasjon prestasjon», ikkje har kome seg bort frå denne merkelappen, og lev stadig med den. Fornying og forbetring kan vere bra, men kva skjer når ein aldri blir ny nok, god nok? Nokre kallar det å møte veggen, andre kallar det utbrendheit, komikar Martin Beyer-Olsen kallar det å «touche bakken».
Kan ein eigentleg nå dette tilsynelatande uoppnåelege målet? Her trur eg den gyldne regelen kan vere å kjenne sine eigne avgrensingar. Ein må ikkje ta på seg den oppgåva ein eigentleg ikkje har tid til, eller si ja til den aktiviteten som ikkje får plass i kalenderen. Nokre gonger er den største dyden å la vere.
Kartlegginga til Academic Work gjer meg stressa på vegne av meg sjølv og mine medmenneske som er unge og på veg ut i arbeidslivet, og mitt stress tilfører ikkje akkurat noko positivt til tala i statistikken… Medan eg har skrive denne kritiske og introspektive teksten, har mantraet «nå ditt fulle potensial» ljoma veggimellom i toppetasjen som eit spøkelse eg ikkje blir kvitt. Eg har innfunne meg med at eg ikkje kan vere suveren i alle arenaer i livet mitt, sjølv om det gjer vondt. Lysta til å vere god i alt ein gjer er trass alt utfordrande å legge frå seg. Denne teksten kan difor ikkje bli betre enn akkurat dette som er skriven ned. Toget med potensial rullar og går. Men no vil eg av.
LES OGSÅ: Sannhetens jungel