Byutviklling rett fram?
I ein by som endrar seg, korleis bestemmer me framtida?
19. juli 2023

Kven har rett på byen?

I løpet av dei siste tiåra med byutvikling har fleire norske byar gjennomgått store forvandlingar, både når det gjeld landskap og demografi. Me har sett Arkitekturopprøret skape overskrifter og sinne gjennom ei bastant gruppe som er lei av moderne bygningar. Me har fått ein meir internasjonal bykultur, og me har eit stadig voksande miljøparti i dei største byane. Alle har ei meining om byen, sjølv dei som ikkje bur der. Men kven er det som skal bestemme retning i byutviklinga?

 

Byutvikling anno 2023

Tre område i Bergen peikar seg ut som særlege byutviklingsprosjekt: Dokken, Marineholmen og Bygarasjen. Om ein skal rive den privateigde Bygarasjen for å få plass til noko anna enn godsterminal og parkeringsplass, er ikkje bestemt. Men både på Dokken, ein annan gamal godsterminal, og Marineholmen, eit tidlegare industriområde, skal det skje ting i nær framtid. På Marineholmen skal løysinga vere å bygge ei blanding av bustads- og næringsområde, med nybygg tett opptil Solheimviken, ein annan ny og moderne bydel. GC Rieber stadfestar at dei fyrste bygga kan vere ferdig i 2026 eller 2027.

 Ifølge dei har området mange møteplassar og eit samspel mellom innovasjon og næring på Marineholmen. Alf Schnell blir sitert i Morgenbladet om å skape liv i byen, utan å redusere debatten til kun estetikk:

«– Eg har ikkje noko imot kaffikverner, men altfor mykje av debatten i Morgenbladet rundt byutvikling går på om det er lagt til rette for kaffibarar på gateplan. Så lenge det er aktivitet i fyrste etasje, blir byen urban og dynamisk, ser ut til å vere refrenget. Men ein snakkar ikkje om til dømes prisen på kaffien i desse kaféane eller om leigeprisane kaféeigaren møter.» 

Kva er det Schnell tenkjer på her? Ein sosialt inkluderande by vil ikkje splitte opp menneskje etter inntekt i forskjellege bydelar, men gjere det mogleg å bu fleire stader med same lønn. Ein fysisk inkluderande by vil tilby alle ein moglegheit til å bevege seg, òg dei med bevegelseshindringar. Ein naturinkluderande by vil gi plass til grøntområde, vekstar og hindre økologiske ørkenar for dyra. Midt i dette skal estetikk, tidshensyn, bustadspolitikk og mykje meir finne plass. Å ha «rett på» byen blir plutseleg mykje meir komplisert enn å bygge hus. «Det offentlige kan ikke ventes å betale for all utbygging og infrastruktur i byer.» Det seier Nazneen Khan-Østrem i ein kommentar i Aftenposten. Men å finne nokon som vil betale for store prosjekt utan å ta betalt for det i sals- og utleieprisar, er kanskje ikkje så lett. 

Å ha «rett på» byen blir plutseleg mykje meir komplisert enn å bygge hus.

 

Bergen by er nydelig?

Den norske storbyen ber preg av at den er biltilpassa. Her finst det nok fleire svar, men for det meste er det kanskje slik at det ikkje har vore tid til å endre byen tilstrekkeleg endå. Bergen har redusert biltrafikken med bomring, bybane og færre parkeringsplassar i sentrumskjernen. Kanalveien, eit tradisjonelt næringsområde, blir grønt og frodig med bybanespor og konstruert innsjø. I eit lesarinnlegg i Aftenposten hevdar Gina Mossige og Pål Sandberg, to arkitektar i White arkitekter Oslo, at det er nett Bergen som hovudstaden bør sjå til når dei skal utvikle deira fjordnære område. Å ha offentlege område rundt vasskanten er ei nødvendigheit, meiner dei, utan å nemne at Store Lungegårdsvannet i Bergen ikkje er godkjent for bading ennå. I tillegg har me sett fleire store vegprosjekt som er venta å auke trafikken i byen med så mykje som mellom 11 og 19 prosent, ifølge Statens Vegvesen. Likevel er det eit godt poeng at menneskjet og naturen ikkje akkurat har vore i førarsetet for prosjekt som Barcode i Oslo.

Arkitekturopprøret kjem med fleire påstandar om korleis byen kunne vore betre med meir tradisjonell arkitektur, færre høghus og glassfasadar. Dei har ofte bilete av byutvikling og byggeprosjekt i Skandinavia med klassiske konturar, og spør kvifor Noreg ikkje følger same bane. Men om desse tradisjonelle mursteinsgardane følger like strenge miljø- og energikrav, og gir like mykje plass for naturen rundt og i byen som det eit høghus kan, er ikkje med i kritikken. Likevel kan Jane Jacobs sin innverknad sporast i både Arkitekturopprøret sine protestar og Schnell sin kritikk. Amerikanske Jacobs hadde sjølv stort fokus på aktivitet i fyrsteetasje av bygningar i byar for å skape liv, og har hatt stor påverknad på norsk byutvikling. 

 

Ein stad er meir enn ein stad 

I ein sentral teori i samfunnsgeografien møter me konsepta space, place og sense of place, tre omgrep knytta til stadsidentitet. Så nær som einkvar stad me beveger oss i i verda, vil ha desse tre elementa på plass. Place er den fysiske staden, space er den sosiale arenaen staden er, og sense of place er våre eigne kjensler, vår eigen sense som kjenneteiknar staden.  

La oss ta for oss Bergen som døme. Den fysiske byen Bergen er prega av regn, fjell, brostein, forstadar, og fleire store område med næringsbygg, samstundes som den har gamle trehus og ein festning i sentrum. Den sosiale arenaen i Bergen vil vere forskjelleg for ein student og ein pensjonist, og er avhengig av mange faktorar. Kjenslene eit individ knyter til Bergen som stad kan òg vere alt mogleg. Nokre døme kan vere: Sportsklubben Brann, buekorps, bybanetrøbbel, studiestad, kjærleikssorg, sumarferie, for stort, for lite, eller heilt passe storleik som by. Slik kan ein dissekere ein stadsidentitet. 

Når ein deler opp stadar i desse kategoriane kan det vere lettare å identifisere kva for forbetringar ein kan gjere for den enkelte. Men så kjem det vanskelegaste spørsmålet: Kven sine behov står fyrst i køen? Tradisjonelt sett har kanskje heilskapleg byutvikling vore nedprioritert for økonomiske interesser i nokre byar, mens nokon har valt å følge ein «rutenett-modell» eller ein «knutepunkt-modell» i større utbyggingsfasar. Framtidig byutvikling, til dømes i Bergen, får me oftast servert gjennom prospekt på dei nye bydelane under framvekst. Bybanen har vore sentral i dei fleste diskusjonar dei siste åra, som ein saum som syr saman bydelane til ei lappeteppe mellom fjella. 

 

Frå meining til maison

Spørsmålet vidare blir korleis ein kan ha ein inkluderande nok bydebatt utan å ende opp i ein evig runddans der alle har ei meining om alt. For å kunne heidre ei røyst, vil ein nær sagt automatisk tråkke på ei anna. Svaret ligg nok ein stad mellom Arkitekturopprøret og Schnell sine tankar om den framtidige byen. Omsyn som mobilitet, livskvalitet og miljø bør kome før estetisk preferanse, men stadsidentitet er ikkje lausrive frå det me ser rundt oss. Byar er kanskje ikkje bygde på kjensler og fasadar, men dei er lite utan dei. Difor er det risikabelt å seie at nokon tar «feil» i ein slik debatt. Alt i alt er det vel rottene som har mest rett på Bergen i dag.

 

LES OGSÅ: Kunsten å trendsette en krise