Mylderfestivalen, Hamar, Innlandet – 10.–11. juni
Denne festivalen blei starta av Hedmarken Natur og Ungdom i 2015, og har fokus på miljø og berekraft. Her forenes kultur og miljø, og heile festivalen er driven av ungdom. Mylder skjer 10. og 11. Juni, så her er det berre å kaste seg på Bergensbanen brennkvikt!
Alpakkafestivalen, Asker – 16.–17.juni
Ein familievenleg festival som inneheld mating av alpakkaer, ponnyriding, men som òg lovar bygdefeststemning for dei vaksne. Vi vil minne om at alpakkaer er lunefulle dyr, og anbefalar å halde hovudet lågt.
Sørlandet Brennevinfestival, Grimstad – 24. juni
Oppheld du deg i bibelbeltet i sommar, er det ikkje dumt å ta ein tur innom Sørlandet Brennevinfestival i Grimstad. Særleg viss du kjenner deg syndig og vil ha ein smak av det beste av handverksbrennevin…
Elvebris, Elverum – 23.–24. juni
Elverum! Ein plass å dra til viss du er glad i elg og skog. Men òg viss du er glad i musikk og festival! Elvebris ligg idyllisk plassert ved Sagtjernet ved Elverum folkehøgskule, og i år består line-upen mellom anna av DumDumBoys og Trang Fødsel. Du er sikra festivalstemning der altså…
Festspillene i Nord-Norge, Harstad – 24. juni–1. juli
Festspillene i Nord-Norge er ein internasjonal kunstfestival som fremjer både musikk, teater, dans og scenekunst. Stein Torleif Bjella, Han Herman, Dansekompaniet Frikar og Fieh er blant nokre av dei som skal framføre på festivalscena 68 gradar nord.
Utvandrerfestivalen, Kvinesdal – 1.–9. juli
Er du interessert i utvandringa til Amerika på 1800-talet? Look no further! I Kvinesdal markerer dei dette årleg med musikk og ulike aktivitetar.
Norsk revyfestival, Høylandet, Trøndelag – 5.–8. juli
Norsk revyfestival finn stad i Trøndelag, nærmare bestemd Høylandet (dei lokale uttalar det Hålloin!). Dei erklærer seg som Noregs morosamste festival, noko som absolutt høyrest fristande ut. Sjølve finalen i NM i revy blir halde her, men dei freistar òg med fleire revyforestillingar, kurs, fest og god mat. Hålloin, så bra det skal bli!
Dansefestivalen i Sel, Sel – 11.–16. juli
Å feste i Gudbrandsdalen slår aldri feil! Dans til rytmane av Lasse Stefanz og Vømmølgutan samtidig som du skuer bort på Kristin Lavransdatters fødeplass.
Kajakk & Blues, Steigen – 13.–16. juli
Kombiner kajakkturen din på bøljan blå med blues i vakre Steigen. Legenden Knut Reiersrud blir å høyre på denne sjarmerande festivalen på Naustholmen.
Boogie Feet’s Festival, Dombås – 19.–23. juli
Har du ei danseløve i deg? Boogie Feet’s Festival er ein festival der boogie–woogien får skine. I løpet av få dagar blir vesle Dombås eit mekka for danseglade menneske frå rundt om i verda. Ikkje rart når det blir danse-workshops, forestillingar, konkurransar og live musikk som til og med ein traust gudbrandsdøl ikkje kan la ver å bevege på dansefoten til.
Stryn Gummibåtfestival, Stryn – 28.–30. juli
Gummibåtfestivalen i Stryn blei starta av nokre kompisar som fekk ideen idet dei sette seg i gummibåtar (med noko godt i glaset) og dreiv bortover elva ned til Stryn. Alle gode festivalar blir starta på denne måten, men denne er nok den første av sitt slag. Det blir cruising nedover elva med gummibåt på dagen, og fest og god stemning på kvelden.
Lofotr Vikingfestival, Borg – 2.–6. august
Har du ein stor draum om å leve som ein viking? Dra tilbake i tid ved å dra på Lofotr Vikingfestival. Her blir det forestillingar, konsertar, marknad, leiker og konkurransar – og alt skjer på den vakre og historisk viktige plassen Borg i Lofoten.
Trøndersk matfestival, Trondheim – 3.–5. august
I fjor trakk Trøndersk Matfestival over 200 000 besøkande, og det er ikkje utan grunn. Lokalmatfestivalen tilbyr rundt 170 matboder, fleire kurs, og kåring av blant anna Årets produkt. I tillegg kjem landbruks- og matminister Sandra Borch, så viss du er heldig får du kanskje slått av ein prat med ho medan du gomlar på det beste mat-Noreg har å by på.
The Norwegian Elvis Festival, Måløy – 3.–5. august
Kongen av rock døydde aldri, i alle fall ikkje på Måløy. Her lev Elvis i beste velgåande! Han blir å sjå på ulike konsertar og forestillingar, det blir vist Elvis-filmar, og ein får òg moglegheit til å kjøpe Elvis-effektar. Så ta på dine blue suede shoes og dra til Måløy!
Audunbakken, Sør-Odal – 4.–6. august
Audunbakken starta som ein koseleg liten hagefestival i 2003, og har vakse ein del sidan då. I dag er den framleis koseleg, men ikkje så liten lenger. Dei ynskjer å skilje seg ut, og med sin heimesnekra profil, gjer dei nettopp det. Sjølv om dei tidlegare har husa store artistar som Emilie Nicolas og Skambankt, og har No. 4 og Todd Terje på programmet i år, er nok ikkje denne festivalen på Disenå i Sør-Odal kjend for mange.
Huckfest Bike Festival, Ål – 10.–13. august
Ein festival for adrenalinjunkiane! I løpet av dei tre dagane Huckfest Bike Fest pågår, har du tilgang på sykkelparkar og MX-baner, ein kan ta ulike kurs og vere med på stisykling rundt om i Hallingdal. Det er ikkje berre sykling på denne festivalen, for dei freistar òg med konsertar og quiz.
Andre festivalar det er verdt å nemne er Skalldyrfestivalen i Mandal 10.–13. august, Livestockfestivalen i Alvdal 7.–9. juli, Langesund internasjonale seilskutefestival 19.–21.juli og Midnattsrock i Lakselv 7.–8. juli.
LES OGSÅ: Forrige kulturell førstehjelp