Først den viktigaste hendinga denne månaden: Stoff sin slippfest! Vi kan love god stemning, hyggeleg samver og ei splitter ny utgave av Stoff på Pappa Bar den 27. september.
Kva med å byrje litt roleg med å sitje komfortabelt og lytte til Tore Renberg prate om si nye bok? I samtale med Hilde Sandvik skal Renberg prate om Lungeflyteprøven, hans første historiske roman. Handlinga er lagt til Sachsen i 1681, der femten år gamle Anna Voigt blir anklaga for å ha drepe sitt nyfødde barn. Har ho gjort det? Ver vitne til denne samtalen om tortur, hevn og moderne rettsmedisin på Lille Ole Bull 27. september.
Fortsett den mjuke semesterstarten med herlege folketonar og billig studentpils. Ævestaden feirar nytt album med å dra på turné, og tek heldigvis turen innom Kvarteret 28. september. Her kan vi ikkje garantere tørre auge… For å få humøret opp att kan ein dra innom 20-årsjubileet til Legal 30. september. Det ryktes om ein real fest. Bandet Fangst kjem, kjem du?
Det er òg på tide å gjere klar garderoben til hausten. Helga 30. september-1. oktober arrangerer blant anna Evig Vintage og Bergen Fashion Market Vintage pop up Bergen på Kulturhuset Gimle. Her har du moglegheita til å endeleg finne den kvite strikkagenseren som Billy Crystal brukar i When Harry Met Sally. Eventuelt kan du strikke han sjølv på Bergen Strikkefestival 29. september-1. oktober. Vala er uendelege!
Etter ei lang helg med strikking og stillesitting kan det vere lurt å få kjørt skritteljaren sin litt, for dei som enno har det. Ultrakule Ultraflex blir å sjå på Kulturhuset 7.oktober. Duoen er inspirert av disco, funk og sovjetisk aerobic. Frå sovjetisk aerobic til kinesisk bestemor og familiehemmelegheiter. Biblioteket viser The Farewell som sin mandagsfilm 9. oktober. Billi dreg til Hong Kong for å besøke si sjuke bestemor, og oppdagar at familien held sjukdommen skjult for bestemor sjølv.
Har du hatt ei tom kjensle inni deg dei siste sju åra? Kan det vere fordi Kaja Gunnufsen ikkje har sloppe album på sju år? Etter ein lang dvale blir ho å sjå på Landmark 6. oktober. Kjenner du framleis på ei tom kjensle? Har du merka at The Beatles ikkje har sloppe ei einaste plate på circa 50 år? Fyll tomrommet ved å dra på Beatlesfestivalen frå 13.-15. oktober. Ringo Starr sin forgjengar, Pete Best, tek med bandet sitt til Grand Hotel Terminus. Ikkje heilt same sak, men gje det ein sjans!
Men kva med punken? Har den òg vore i dvale? Absolutt ikkje! Hudkreft spel saman med Fucales på Hulen 12. oktober. Vi kan love at punken ikkje er død.
No har det vore litt lite fokus på haust her! Feir den beste årstida saman med den hellige treenighet Mannskoret Arme Riddere, Studinekoret Sirenene og Studentkoret Blandede Akademikere på deira Høstkonsert i Universitetsaulaen 7. oktober. Jakta på hausten fortsett på guida sopptur på Arboretet 1. oktober. Børst støv av soppkorga di, ta på støvlene dine og plukk!
Har du fått nok av konsertar, rare festivalar og haustaktivitetar? Lengtar du etter å vise fram din indre litteraturvitar? Då kan du bryne deg på LittKviss 3. oktober på Litteraturhuset. Premien er billettar til arrangement på Litteraturhuset, så her er ein gyllen moglegheit til å fylle opp kalenderen din i oktober òg.