Industriell kvalfangst har vore ein viktig del av Noreg si historie, og har bidrege til ein del av den økonomiske veksten i landet vårt. Fangsten gjaldt store kvalartar, og dei daude kvalskrottane blei brukt til ei rekke ting, blant anna framstilling av olje som blei brukt i margarinproduksjon. Norsk kvalfangsthistorie har den siste tida fått ny merksemd gjennom boka Utryddelsen av Espen Ytreberg og i NRK-podkasten “Hvalkrigen”. Båe syner korleis norsk kvalfangst blei møtt med internasjonal fordømming. Konflikten mellom dei for som er for og dei som er imot kvalfangst har gått føre seg i fleire tiår.
Den internasjonale fordømminga gjer seg òg gjeldande i eit av våre nordiske naboland. Færøyane er ei lita øygruppe i Nord-Atlanteren som har fått mykje merksemd for kvalfangst dei siste åra. I motsetnad til Noreg, som hovudsakleg har drive storkvalfangst av mellom anna blåkval, jaktar Færøyane på grindkvalen, som reknast som småkval. Grindkvalfangst, eller grindadráp på færøysk, er ein over 500 år lang tradisjon som framleis er ein viktig kulturell praksis på øyane. Denne praksisen kan sjå valdsam ut, då havet blir farga raudt av blod. Synet blir ofte møtt med gru, som til dømes då eit cruiseskip blei vitne til dette tidlegare i år.
Denne over 500 år lange tradisjonen blir ikkje utført i stor kommersiell grad. Kjøttet dei får frå grindkvalane deler jegerane med resten av lokalbefolkninga, om det så er snakk om dei som møter opp på fangsten, eller til sjukehus og andre institusjonar.
Kva skjer når eit lite lokalsamfunn med rike tradisjonar innan kvalfangst møter fordømming frå det internasjonale samfunnet i form av iherdige aktivistar som meiner at denne praksisen burde bli ein del av historia? Kan ein framleis forsvare det å jakte på kval?
Tradisjon versus nødvendigheit
Grindamannafelagið er ein interesseorganisasjon på Færøyane som arbeider med informasjon og opplysning om grindkvalfangst. Formann Esmar Joensen seier til Stoff at dei har fått mykje merksemd i media det siste året, og blir kontakta av internasjonale journalistar hyppigare enn før. Dei opplever òg at det blir fleire aktivistar på øyane.
– Kvifor er denne tradisjonen så viktig for dykk?
– Før i tida var det nødvendig for å skaffe seg mat. Då var det kanskje ikkje snakk om tradisjon, men ein nødvendighet. Mi personlege haldning er at det ikkje er tradisjon, men heller ein måte å skaffe seg mat. Det er òg noko som identifiserer oss som menneske på nokre øyer ute i Nord-Atlanteren som vi står sammen om.
– Kan du fortelje litt om korleis jakta går føre seg?
– Det finst mange misforståingar kring dette. Mange trur vi går ut for å leite etter kvalen. Men det stemmer ikkje. Kvalen blir sett frå land. Når dei kjem inn i fjordene blir det teke ei avgjerd.
Han fortel at det kun er tre menneske på Færøyane som kan godkjenne eit grindadráp. Desse sysselmennene avgjer om alt ligg til rette for å utføre fangst. Fleire variablar må takast omsyn til, til dømes om vêret er godt nok, og om stranda kvalen svømmer til er godkjend for fangst.
– Om vi får klarsignal, tek vi båtane med ut og dannar ei line bak kvalflokken. Så blir dei drivne inn på land.
Gjennom medlemskap i Den Nord-Atlantiske Sjøpattedyrkommisjonen (NAMMCO), samarbeider dei med Noreg, Island og Grønland om berekraftig og ansvarleg bruk av marint liv. Joensen understreker at det er viktig for dei å drive berekraftig fangst som ikkje går negativt utover grindkvalbestanden.
Han utdjuper vidare at jakta har blitt meir modernisert dei siste åra, med større fokus på meir skånsame og hurtigare avlivingsmetodar.
– Før i tida svømde kvalane med store, opne sår før dei til slutt døydde. Denne måten å avlive dei på var ikkje god nok.
Joensen forklarer at det med hjelp av dyrlegar difor er blitt utvikla reiskapar som gjer at det berre tek nokre få sekundar å avlive kvalen. For å bruke desse reiskapane må ein gå gjennom eit kurs der ein får innføring i bruken av dei, i tillegg til å lære å sjekke om kvalen er død. Før fangsten skjer, må ein vise fram eit kursbevis.
Kjempar for livet til kvalane
Nokon som har hatt eit tydeleg standpunkt i diskusjonen kring grindkvalfangst på Færøyane, er miljøorganisasjonen Sea Shepherd. Dei blei stifta i 1977 for å beskytte livet i havet, og har sidan oppstart spegla den aukande internasjonale bevisstheita kring dyrevelferd og dyreetikk. Sidan 1980-talet har Sea Shepherd protestert mot kvalfangsten på Færøyane, og har òg vore fysisk til stades for å stanse det som dei ser på som ein urett.
Valentina Crast er kampanjeleiar for Sea Shepherd sin kampanje på Færøyane. Sea Shepherd dokumenterer kvalfangsten og informerer det internasjonale samfunnet om kva som skjer på Færøyane. Slik legg dei press på lokalmiljøet og færøyske myndigheiter, i håp om å få ein slutt på fangst av grindkval.
– Kvifor burde kvalfangst bli stoppa?
– Fordi det er inhumant. Det er ikkje mogleg å drepe desse store pattedyra på ein måte som ikkje inneber ekstrem liding. I den verda vi lev i i dag, burde vi anerkjenne at vi har eit etisk ansvar for å ikkje påføre andre smerte og liding, noko kvalfangst gjer.
Crast påpeikar at kvalar og delfinar speler ei viktig rolle i økosystema i hava, og at vi treng dei for å oppretthalde eit sunt hav. Ho meiner difor at kvalfangst er ein stor trussel.
– Kva tenker du om at dette er ein lokal tradisjon?
– Eg anerkjenner at dette er ein viktig del av deira identitet og kultur, og har vore det i fleire hundre år. Men slik denne jakta går føre seg i dag, med motorbåtar, mobilar og anna moderne utstyr, blir den tradisjonelle delen ved det borte.
Ho meiner praksisen er ein rest av ei tid som ikkje finst lenger.
– Det er utfordrande å halde på retten til å drepe kun for å behalde tradisjon og kultur. I mennesket si historie finst det fleire tradisjonar som har vore uetiske, gale og brutale. Men vi har vore nøydde til å skrive det inn i historiebøkene.
Crast er òg einig i at dette handlar om identitet. Ho meiner likevel at denne delen av den færøyske kulturelle identiteten ikkje har utvikla seg i takt med moderniseringa av samfunnet dei siste tiåra.
Konfrontasjon med det internasjonale samfunnet
Færøyane har i fleire hundre år vore relativt isolert frå resten av verda, geografisk sett. Med auka globalisering og aukande popularitet som turistdestinasjon, er ikkje dette like gjeldande lenger. Cruiseturismen er mellom anna eit resultat av dette.
Verdssamfunnet sine haldningar knytt til kvalfangst kom i stor grad til syne etter ei hending som fekk mykje mediemerksemd i juli i år. Passasjerar om bord cruiseskipet MS Ambition vart vitne til eit grindadráp. Det var uhøyrd at uførebudde turistar skulle vere vitne til det blodige synet av denne typen kvalfangst. Noko liknande skjedde i Honningsvåg ein månad før, der forferda cruiseturistar såg ein kval bli slakta.
– Dette er Færøyane som blir konfrontert up-close av det internasjonale samfunnet, seier Crast.
Den same konfrontasjonen ser ein mellom jegarane og aktivistane frå Sea Shepherd, meiner ho.
– At cruiseskip-hendinga minner verdssamfunnet på at dette skjer, og at det er uønskt åtferd, er berre bra.
Vi spør Joensen om kva han tenker om det.
– Dei seier at moral er gull, men dobbeltmoral er dobbelt så gull, seier Joensen og påpeikar at cruiseturismen er ein svært forureinande industri. – Trur du dette handlar om ei konflikt mellom storsamfunnet, med Sea Shepherd og andre internasjonale aktørar, og eit mindre lokalsamfunn, slik Færøyane er? At ein kan sjå på denne praksisen frå eit visst perspektiv, utan at realiteten er den same?
– Eg trur at for nokre har eit menneskeliv og eit dyreliv same innhald. Dei som er oppvakse i ein storby er ikkje van med å sjå dyr bli slakta, det foregår berre bak lukka dører i eit slakteri. Vi er oppvakse med å gå ut og jakte og hente det som er i miljøet vårt. Kvalfangsten foregår utandørs, og kven som helst kan kome og kikke. Og det ser sjølvsagt valdsamt ut, det er forståeleg. – Trur du nokon kan sjå på denne praksisen som «usivilisert»?
–Tja, spørs kva definisjonen er på det?
– Litt… gammaldags kanskje?
–Det er mogleg. Er det så sivilisert å gå på butikken eller eit handlesenter for å kjøpe kvalkjøtt? Det er i alle fall ein måte å få mat på bordet, seier han.
Kva tenker Crast om motsetnaden mellom lokalsamfunn og storsamfunn? Har kvalfangsten etter kvart blitt ein slags måte å vise fingeren til storsamfunnet på?
– Klart det. Dei seier til og med at dess meir dei blir pressa, dess meir vil dei drepe. Det er absurd at eit intelligent og rikt samfunn som Færøyane er villig til å påføre så mykje smerte til kvalar på grunn av staheit.
(Stoff har gjeve Joensen moglegheit til å svare på utsegnet, men han seier organisasjonen har vald å ikkje bruke tid på å diskutere med Sea Shepherd.)
Stridande verdiar
Korleis skal ein forhalde seg til lokale tradisjonar når dei ikkje lenger passar inn i den moderne etikken? Det moralske farvatnet kan vere vanskeleg å navigere i. Stoff har difor spurt professor i filosofi, Espen Gamlund, om han kan bidra med nokre refleksjonar
– Tradisjonar har med identitet å gjere. Her speler identiteten til kvalfangsttradisjonen og dei som framleis held på med det ei viktig rolle. Kvart forsøk på å avskaffe denne praksisen er eit angrep på tradisjon og kultur, og på identitet. Og det må ein ha ein viss respekt for, sjølvsagt.
Gamlund ser likevel ikkje på argumentet om å halde ved like ein tradisjon som særleg tungtvegande.
– Ein må heile tida gjere opp status for ein tradisjon, og vurdere han etisk. Viss den tradisjonen inneber at ein driv jakt på forsvarslause dyr og tek livet av dei, må ein spørje seg om dette er etisk forsvarleg å fortsette med.
Gamlund set den færøyske praksisen opp mot industrielt husdyrshald og matproduksjon. Han meiner at den færøyske grindkvalfangsten ikkje nødvendigvis framstår som noko etisk sett verre enn andre måtar vi menneske driv med oppdrett og hald av dyr på. Ein må likevel ha ein god grunn til å ta livet av noko, poengterer han.
Han legg til:
– Dei som held ved like denne praksisen, må vere villige til å ta på seg andre etiske briller, og ta opp til stadig vurdering om den praksisen toler moralens dagslys, og om det er forsvarleg å halde på med det.
Tradisjonen lever
Til trass for pågåande internasjonal motstand mot kvalfangst, er Joensen likevel sikker i si sak.
– Det er mi personlege haldning at det har gjort at vi står saman om dette. Her skal det ikkje kome nokon og fortelje oss kva vi skal gjere på våre øyer.