Språk- og rusbruk
Alkoholikar, narkoman, rusmisbrukar, brukar, rusmiddelavhengig. Alle desse merkelappane blir brukt om menneske med rusmiddelproblem. Kva er eigentleg riktig å sei?
17. november 2023

I 2014 kom Helsedirektoratet med eit forslag til omgrepsbruk på rusfeltet. Forslaget hadde som føremål å sikre ein meir eintydig omgrepsbruk i offentleg forvaltning, og å bidra til å hindre stigmatiserande språkbruk. Men er det eigentleg så farleg kva vi omtalar menneske med rusmiddelavhengnad som? 

Vi har prata med førsteamanuensis i språkvitskap ved Humanistisk fakultet, Helga Mannsåker, for å få språkvitskapleg ekspertise.

 

Kan språkbruken vår påverke haldningar vi har til visse grupper i samfunnet? Og kan haldningane våre påverke språkbruken? 

– Ja, mange meiner det har noko å seie korleis du ordlegg deg når du snakkar om andre folk. Det har vorte ei aukande bevisstheit kring det, og det har oppstått mange diskusjonar om kva for ord og vendingar som er greitt og ikkje greitt å bruke når ein snakkar om andre. 

Mannsåker fortel at dette er eit tema som engasjerer folk. 

– Somme meiner at så lenge ein ikkje meiner noko vondt med det, så må dei kunne snakke slik som dei alltid har gjort og blitt lært frå barndommen av. Medan andre prøver å vere veldig sensitive når dei snakkar, og somme er kanskje usikre på kva ein skal kalle ting for tida, fordi dei vil unngå å uttrykke seg «feil». Men språket er skiftande, og det kjem inn nye ord heile tida.

Språkforsker Helga Mannsåker

 

Språkleg stigmatisering

Menneske med rusmiddelavhengnad opplever mykje stigmatisering i samfunnet, òg i helsesektoren. Ei undersøking gjort av forskarar ved Harvard syner viktigheita av riktig og ikkje-stigmatiserande språkbruk. Helsepersonell blei presentert med ein identisk pasient, der berre omtalen av pasienten var ulik. Funna viste at pasienten omtala som «rusmisbrukar» oftare blei anbefalt straff føre behandling, enn pasienten omtala som «person med rusmiddelliding».  

– Korleis påverkar bruken av nedsetjande ord og merkelappar menneske med rusmiddelproblem?

– Det ein språkleg og kognitivt sett gjer når ein brukar ord som «narkoman» og «rusmisbrukar», er at ein reduserer vedkomande til problemet deira. Ved å referere til personen ved hjelp av det stigmatiserte problemet personen har, blir det ikkje plass til noko meir – då er det dét personen er. 

For å unngå dette, kan ein bruke noko som innanfor språkvitskapen vert kalla person-first language

 – I denne praksisen ville ein ikkje sagt «narkis», men heller «person med narkotikaavhengnad». Fyrst refererer du til ein person, så kjem diagnosen som eit vedheng. Vi skil mellom person og diagnose. 

 

Val av ord

– Kva er skilnaden på å sei «brukar» og «misbrukar»?

Dei fleste av oss er på sett og vis brukarar av rusmiddel. Det kan difor vere litt diffust å snakke om rusmiddelbrukar. Her er problematikken at ein har misbruk eller skadeleg bruk av eit rusmiddel, og når det gjeld dei som brukar narkotika, er det jo eit vesentleg poeng at rusmiddelet dei brukar er ulovleg i utgangspunktet, til skilnad frå alkohol.

Mannsåker fortel at ein burde ha to ting i hovudet: presis språkbruk og ikkje-stigmatiserande språkbruk. Vidare forklarar ho skilnaden på «misbruk» og «avhengnad».

Helsedirektoratet nemner at både brukarar og tilsette i psykisk helsevern likte best å snakke om «avhengnad». Misbruk impliserer at det er noko ein aktivt

bestemmer seg for å gjere sjølv. Viss ein er avhengig, er det meir passivt, og ein er meir eit offer for noko som er opplevt som sterkare enn ein sjølv. Dei det gjeld bestemmer seg ikkje kvar dag aktivt for å misbruke rusmiddel.

 

Kva for ord skal ein så bruke?

– Kva for termar er mest riktig å bruke for å unngå stigmatisering av denne gruppa i samfunnet? 

Person-first-praksisen blei lansert som ei løysing på språkleg stigmatisering. Men så har dei måtte gått tilbake på grunn av motbør frå visse grupper som føretrekker såkalla identity-first. Folk som opplever stigmatisering kan reappropriere sine merkelappar, og gjere det til ein del av identiteten sin som dei er stolte av. 

Mannsåker poengterer at ho ikkje trur det nødvendigvis gjeld folk med rusmiddelavhengnad. 

– Det er sannsynlegvis ikkje nokon stolt identitet. Mange av dei vil gjerne kome seg ut ifrå den gruppa, kan ein tenke seg. Sannsynlegvis vil person-first vere ei god språkleg løysing for å referere til den gruppa. Men det er inga universal sak. Ein må helst spørje dei det gjeld. Dei som blir omtala må få ha det siste ordet på korleis dei vil bli omtala.  

 

Open kyrkje

For å få eit betre innblikk i nemningar folk med rusmiddelavhengnad sjølv brukar, tek Stoff kontakt med Kirkens Bymisjon. Dei inviterer oss til open kyrkje i Korskirken, eit tilbod for menneske i byen som inneheld måltid, samvær og samtalar med andre. 

Kaffi, vaflar, fyr i bålpanna og eit knippe menneske møter oss på ein solfylt og kjølig onsdag formiddag. Vi slår oss ned med Kim-René Gjelsvik-Grindheim og Hauk Grønningen. Praten går for det meste om open kyrkje-tilbodet, og litt om deira bakgrunn som tidlegare rusmiddelavhengige.  

I starten av samtala vår legg vi merke til at dei brukar både «narkoman» og «alkoholikar» om andre med rusmiddelavhengnad. Når vi spør om dette, presiserer Grønningen at han meiner «narkoman» er eit skjellsord, og ville heller sagt «brukar».

– Rusmiddel er noko dei som er avhengige treng for å fungere i kvardagen, difor er ein brukar av det, seier han.  

Gjelsvik-Grindheim utbroderer at ord som «alkoholikar», «narkoman» eller «narkis», som ofte inneheld negative konnotasjonar, kan føre til førehandsdømming. Dette har han fått kjenne på sjølv. Han fortel at han som ung blei møtt med å bli førehandsdømt som «narkis», berre fordi han er frå Loddefjord. Og dette skjedde før han byrja med rusmiddel sjølv. 

Kim-René Gjelsvik-Grindheim fra Kirkens Bymisjon

Bevisst på eigen språkbruk

Slik Mannsåker påpeikar, kan det vere utfordrande å følge med på alle forandringar i språket. 

Likevel har det noko å seie for dei det gjeld om ein vel å bruke «narkoman» eller «rusmiddelavhengig». Både språkvitaren og dei med erfaring frå rusmiljøet er samde om at det er viktig å vere bevisst eigen språkbruk for å unngå stigmatisering av utsette grupper i samfunnet.