Thomas Klungland er 27 år gammal og kjem frå Etne i Sunnhordaland. Klungland fortel at han interesserte seg for film før han interesserte seg for foto. Det var først på vidaregåande at Klungland begynte med fotografering. Hans første kamera kom som eit resultat av ein kortfilmkonkurranse i Haugesund, kor han og ein kamerat vann førsteplassen. Premien var Klunglands første kamera.
Klungland driv mest med digitalt foto, men finn óg mykje glede i å ta analoge bilete. Han meiner óg at når eit bilete først heng på veggen, er det uinteressant om det er teke digitalt eller på film.
– Eg meiner at å bruke analogt eller digitalt kamera berre påverkar eins eigen prosess, og ikkje bør ha nokon betydning for eit fotografi sin verdi. Joda, det er jo interessant å sjå uvanlege format som våtplatefoto eller storfotmat-polaroid, men det er likevel ikkje slik at eit foto blir interessant i seg sjølv berre på grunn av verktøyet som blei brukt for å ta det.
Kva for nokre kameraer føretrekk du å jobbe med?
– Eg har brukt mange fine kamera, blant anna Fujifilm, Leica, Rolleiflex og Hasselblad. Eg synes utvilsomt kameradesign har gått nedover dei siste femti åra, og det er tydeleg at dei fleste moderne kamera er designa med fokus på funksjon foran form. Dette er eg imot.
Begeistring for foto og kamera, deira funksjoner og kvaliteter skin tydeleg gjennom i Klunglands bilete. Han fortel at han føretrekkjer dokumentarfoto.
– Eg forsøker stort sett å fotografere motiv slik eg naturleg ser dei. Med det meinar eg å halde det slik ein naturleg ser ting frå augehøgd. I tillegg likar eg best å bruke ei naturleg brennvidde mellom 35 mm og 50 mm. Akkurat no har eg berre eitt objektiv, og det er ein 40 mm. Eg liker ikkje sterk vidvinkel eller telefoto.
Har du nokon preferansar når det kjem til komposisjon, uttrykk eller stemningar?
Eg er ekstra tiltrekt av skumringa når himmelen endrar farge, lyset går mot mørkre, og omgivnadane blir belyst av lampar heller enn solskin. Det var faktisk fargar i analogt foto som først fekk meg til å ville prøve det ut. Fargefoto er på mange måtar meir utfordrande enn svart/kvit, fordi det introduserer mykje meir visuell informasjon ein skal beherske.
For tida jobbar Klungland med eit multimedieprosjekt om skog, der han gjennom fotografering og komponering av musikk vil formidle dei ulike stemningane skogen gir.
Vil du seie at din erfaring som arkitekt har påverka ditt uttrykk eller stil som fotograf?
– Ja, eg har blitt meir observant på å sjå etter lys og skugge. I tillegg har eg blitt betre på å finne komposisjoner ved å trene evnen til å sjå. Alle arkitektar elskar spennande bruk av lys og skugge, fordi det er det som definerer, teiknar og pynter på rom. Som arkitekt øver ein seg på å sjå det vakre i romforløp, mellomrom, overlapp, kontraster og rytmer.
Er det noko du ønsker skal formidlast eller resonnere hos dei som ser bileta dine?
– Den same begeistringa eg kjente på som fekk meg til å ville ta biletet.