Tre kule folk forteller deg hva du skal gjøre
Dersom du skulle ha problemer med å finne det ut selv.
20. februar 2024

Gunnstein Akselberg

Lingvist og professor emeritus
Foto: UiB

Kva bør ein gjera?

Du skal tru på deg sjølv og la deg styra minst mogeleg av andre. Det er alltid nokon som vil styra deg, som vil bestemma over deg og som vil fortelja deg kva du skal meina, kva du skal tru, kva du skal gjera, kva du skal velja og kor livet ditt skal sjå ut. Slike styringsmekanismar finst over alt – mellom anna i sosiale samanhengar, i materielle samanhengar, i yrkessamanhengar og i faglege og utdanningssamanhengar. Og desse styringsmekanismane har ofte med makttilhøve å gjera.

Som student er det viktig at du får eit djupt innsyn i smale særfaglege tilhøve, og at du får eit breitt oversyn over dei faglege landskapa som du navigerer i. Det er lett å mista det faglege gangsynet i val mellom ulike særfaglege paradigme, som ofte vert opphøgd til å vera dén gyldige måten til å få sikker vitskapleg kunnskap, innsikt og fasitsvar. For å få allmenn innsikt i menneskelege og medmenneskelege tilhøve, er skjønnlitteraturen ofte ein nyttig innfallsport. Så difor bør du lesa. Mykje. Sakprosabøker og skjønnlitterære bøker. Ei brei vifte av begge. Hugs at alle fagfelt og vitskapar er like viktige for å få innsikt og kunnskap om det levande livet.

 

 

Hilde Rød-Larsen

Forfatter
Foto: Adrian Nielsen

For det første: Bruk masse tid på ingenting, på å la hjernen flakse fritt, på å kope, på å dagdrømme. For det andre: Finn ut, når det passer seg sånn, om dagdrømmene kanskje kan fortelle deg noe om hva du egentlig ønsker deg, i stedet for det du – eller andre – syns du bør ønske deg. Hva gir deg ekte ro i sinnet? Hva skal til for at du får den berusende følelsen av å være i bevegelse, av å forvandles? For det tredje: Husk at det ikke bare er du som syns det er vanskelig å være et menneske i verden – vis ømhet for andres mer eller mindre forståelige forsøk på å finne ut av hvordan de skal være det. 

Brennhett ekstratips, som er forbundet med alle de ovenstående punktene: Les sosiologen Hartmut Rosa! Og merk hans ord: «Når noe virkelig beveger oss, kan vi aldri på forhånd vite hva som vil bli følgene av dette.»

 

 

 

 

Marit Eikemo

Forfattar
Foto: Agnete Brun

Ver ein som ser annleis på det, som ser stort på det, og som av og til spør: Kanskje er det tvert imot?

Les den skjønnlitterære debuten til Line Breidablikk, Heime aleine, om ein hovudperson som ikkje klarer å få dagane til å bli ulike, som går på kryss og tvers i gatene der ho bur og «alt er liksom linjer, men kjennest som ein stabel, nei som ein haug, ein haug av tid og ting og kor i alle dagar skal eg gjere av det». Ho viser kor stor verda er i det lille, og utan å forenkle livet, skriv ho til dømes fram Majorstuakrysset, kvardagane, det som vi ofte hastar forbi, som sjølve livet. Det handlar om å ha store opplevingar gjennom å ganske enkelt vere tilstade i verda, om å sjå folk og liva dei lever med openheit og ømheit.


Og for Guds skyld: Organiser deg i studietida! For grunnleggjande arbeidserfaring, inspirerande fellesskap og livslange vennskap.