Fredag 2. februar blei det halde ein streik i regi av studentgruppa i Aktivister for Palestina. Streiken, som både studentar og tilsette ved ulike utdanningsinstitusjonar i Bergen var til stades på, var ein måte å vise motstand mot samarbeid med israelske universitet, og å oppfordre til akademisk boikott gjennom å avslutte gjeldande utvekslingsavtaler. Om akademisk boikott er vegen å gå, er institusjonane riktignok ikkje einige om.
Boikott ligg langt framme i tankane når ein skal diskutere moglege verkemiddel mot eit statleg regime ein ynskjer å opponere mot. Det blei brukt av verdssamfunnet under apartheid-regimet i Sør-Afrika – med stort hell – og store delar av verda har i dag òg sanksjonert Russland. Som student kan boikott vere eit pressmiddel å ty til – som å ikkje møte opp på forelesning på grunn av ein demonstrasjon, droppe å kjøpe dei appelsinane frå det produksjonslandet, eller ta ein tur på Fløyen under Eurovision-finalen.
Som studentar ved ein utdanningsinstitusjon, blir vi, om vi likar det eller ei, ein slags representant for den bautaen vi har valt å utdanne oss ved. Framtida til studentar stør seg på at dei som utdannar dei held seg til visse prinsipp. Bautaen skal utdanne oss, og det kan for mange kjennast rettvist å stille visse krav til den.
Ahmed Omar, leiar for studentgruppa Aktivister for Palestina, meiner akademiske institusjonar som har menneskeverd og akademisk fridom som prinsipp, ikkje burde samarbeide med eit regime som blant anna fengslar palestinske studentar og akademikarar. Difor meiner han at boikott er løysinga. Vidare forklarar han kva det inneber.
— At ein avsluttar samarbeid med institutt, på institusjonelt nivå, utan at det går utover enkeltmenneske. Utdanningsinstitusjonane er ein aktiv deltakar i å kunne ta eit standpunkt og vise at dei ikkje støttar institusjonar som bidrar til brot på folkeretten.
Boikott?
Både Fakultet for kunst, musikk og design ved UiB (KMD) og Bergen Arkitekthøgskole (BAS) har tidlegare hatt utvekslingsavtale med Bezalel Academy of Arts and Design i Jerusalem. Mot slutten av 2023 kom det fram at dette instituttet hadde tilbydd å reparere militæruniformar for det israelske militæret. I januar i år kom det ut at både KMD og BAS hadde valt å seie opp samarbeidet med det israelske akademiet på bakgrunn av denne informasjonen.
Vi spurte Frode Thorsen, dekan ved KMD, om akademisk boikott hadde blitt diskutert i avgjerda.
— Hjå oss var det einigheit i leiinga om å sei opp avtala. På fakultetsnivå har vi dog ikkje diskutert generell boikott som verkemiddel.
Slik Thorsen ser det, må innføring av boikott utgreiiast, vedtakast og innførast på institusjons- eller sektornivå. Han legg til at rektor ved UiB har varsla om at det skal kome ei styresak om det.
Emma Nilsson, rektor ved Bergen Arkitekthøgskole, meiner det var viktig at dei tok stilling til spørsmålet om samarbeidet med Bezalel.
— Vi hadde eit rådsmøte der vi tok det opp. Då blei det diskutert kvifor det ikkje var ein akademisk boikott. Vi hadde ei samtale om at det er viktig å oppretthalde dialog med folk vi ikkje er einige i. Det handlar òg om at vi kan ta imot personar som er marginaliserte, og gje dei kraft i eigenskapen av ei utdanning.
— Så dette er ikkje ein akademisk boikott?
— Nei. Det er ei avgjerd om å avslutte eit samarbeid med ein institusjon på grunn av den institusjonen sine handlingar i det som skjer no.
Ikkje avslutta samarbeid
Aktivister for Palestina retta kritikken sin mot tre utdanningsinstitusjonar som har utvekslingsavtaler med israelske universitet, VID vitenskapelige høgskole, Noregs Handelshøgskole (NHH) og Det juridiske fakultet ved UiB. Ut ifrå nettsida til NHH, kunne det sjå ut til at avtala dei har hatt med Tel Aviv University hadde blitt avslutta. Rektor på NHH, Øystein Thøgersen, avklarar:
— Nei, avtala med Tel Aviv University er ikkje avslutta. Men, som du har sett, avtala er «sovande» i den forstand at vi ikkje sender studentar til Israel i skuleåret 24/25. Dette skjer etter en vurdering av situasjonen i Israel – og er i tråd med myndigheitenes reiseråd. Vi har heller ingen studentar på utveksling i Israel inneverande akademiske år.
Det juridiske fakultet ved UiB har òg ei avtale med universitetet i Tel Aviv, sjølv om dei no ikkje sender ut studentar frå UiB på grunn av tryggingssituasjonen i Israel. I ein e-post til Stoff forklarar dekan Karl Harald Søvig kvifor dei har valt å ikkje avslutte samarbeidet.
– Fakultetet har foreløpig ikkje ønskt å avslutte denne avtala sidan det i praksis vil vere det same som akademisk boikott.
Han legg til
– Situasjonen for sivile i Gaza er ufatteleg, og eg har all forståing for dei som tek til orde for boikott. Samstundes er det gode argument mot boikott. Skal ein institusjon vedta noko slikt, må ein fyrst avgjere kva som skal vere terskelen.
Søvig meiner ein òg må diskutere om boikott skal gjelde alle akademiske institusjonar, eller berre institusjonar som kan identifiserast med myndigheitene i det aktuelle landet. Ein burde i så fall legge seg på ei konsekvent linje, påpeikar han.
– Om me boikottar institusjonar i Israel, må me også ta diskusjonen om institusjonar i andre land kor det skjer grove folkerettsbrot.
Bård Mæland, rektor ved VID vitenskapelige høgskole, seier at VID i utgangspunktet er skeptisk til å nytte akademisk boikott. Faglege relasjonar og samarbeid på tvers av landegrenser er avgjerande for å bidra til kritisk drøfting av statar sin overdrivne bruk av militær makt, meiner han.
– Eg har tidlegare i karrieren arbeida mykje med militær etikk, også med kolleger frå Israel, og mi erfaring frå den tida er at ein ofte kunne finne dei skarpaste kritikarane til staters militære maktbruk i akademiske miljø innanfor dei same statane.
Mæland meiner at ein boikott kan bidra til å skjerpe presset mot parten ein rettar boikotten mot, eller at den kan styrke ein intern kritikk mot den statlege maktbruken. Likevel kan det òg ha negative konsekvensar, hevdar han.
– Den kan også bidra til at akademisk samtale og meiningsutveksling blir polarisert slik at ein går i forsvarsposisjon og dermed ikkje får brynt standpunkt mot kvarandre. Ein siste moglegheit er at boikotten ikkje fører til noko som helst hos den ein ønsker å ramme.
Symbolsk verdi
Omar frå Aktivister for Palestina meiner boikott som symbolsk handling er like viktig som dei konsekvensane det kan ha i praksis.
– Rundt åtte millionar menneske har blitt drivne på flukt. Vi har ikkje gløymd dei, og vi ser lidingane deira. Kjensla av å føle seg høyrd vil vere med å forbetre ei framtidig fredshandling. Vi kan ikkje ignorere dei. Om ein legg nok press på slike institusjonar, kan ein kanskje roe ned situasjonen. Og palestinarane kan få ei betre framtid.
– Er ikkje utveksling eigentleg ein fin måte å bli kjend med andre menneske frå andre kulturar?
— Det spørst kva som meinast med kultur. Er det ein kultur som undertrykker menneske og er rasistisk? Er det det vi ønsker å støtte her i verda? Ønsker vi å oppmuntre til det?
– Når ein først snakkar om utveksling, kvifor har ein ikkje utveksling til Nord-Korea eller Jemen? Det er ganske dobbeltmoralsk.
— Er akademisk boikott ein start på å få ein slutt på massedrapet?
— Det var akademia som tok oss ut av mørketida og det er akademia som tar oss med inn i framtida. Det skal føre oss mot fakta og det som er riktig, og med sunn fornuft kan vi få ei betre framtid. Derfor er det viktig at akademia tek ei stilling til spørsmålet.
Faktaboks
- Boikott har som formål å påverke til politisk, sosial og økonomisk endring gjennom ikkje-valdelege handlingar https://www.aaup.org/JAF4/rethinking-academic-boycotts (Heins, 2013)
- Ifølge Palestinian Campaign for the Academic and Cultural Boycott of Israel (PACBI) sine retningsliner for akademisk boikott, kan ein boikott omfatte arrangement, aktivitetar og avtaler som involverer israelske utdanningsinstitusjonar.
- Akademisk og kulturell boikott handlar ikkje om den enkelte kunstnar eller akademikar ut frå nasjonalitet eller tro, eller om innhaldet i kunstverk eller vitskapeleg arbeid, men om å setje søkeljos på institusjonane sine band til staten Israel. (Palestinakomiteen)