Det mannlege blikket
Korleis ser vi på kvinner i film?
21. april 2024
«Gjennom andre sitt blikk ser vi òg oss sjølve.»

Film er til for å bli sett på. Berre handlinga å sjå kan i seg sjølv vere ei form for nyting. Freud meinte at det å sjå er ein viktig del av den instinktive sida ved sex. Ein kan vere ueinig med psykoanalysens far i mange ting, men akkurat her kan han ha sagt noko vettugt. Sidan film gjev næring til nyting, er det naturleg at filmskaparar vil  syne fram ting som skaper ei kjensle av lyst og nyting. Opp gjennom tidene har særleg kvinna vore nettopp denne “tingen”. Måten kvinner har blitt vist fram på lerretet, botnar i at dei har vore objekt for menn sitt begjær, og framstilt deretter. Gjennom det mannlege blikk.

Kvinner er vande med å bli sett på utanifrå. Faktisk er vi så vande med å bli sett på, at vi til slutt ikkje ser på oss sjølve gjennom våre eigne auge. Det mannlege blikket gjennomsyrar sjølvbevisstheita vår til den grad at mange av oss ikkje ein gong er klar over det. I 1975 kom omgrepet “the male gaze” til live i Laura Mulvey sin artikkel “Visual Pleasure and Narrative Cinema». Gjennom psykoanalytiske teoriar forklarte Mulvey korleis kvinner blir skildra og sett på gjennom det mannlege blikket i film.  

Blikket  

Filmregissør Nina Menkes utforskar det mannlege blikket i film i dokumentarfilmen Brainwashed: Sex-Camera-Power (2022). Menkes kritiserer og kommenterer på måten kvinner blir framstilt på i film, og peikar på fleire ulike verkemiddel som blir brukt for å vise kvinner på ein viss måte – gjennom det mannlege blikk – uavhengig om regissøren er mann eller kvinne. Ved bruk av bilder og klipp frå ulike filmar gjennom 100 år, viser Menkes korleis desse verkemidla fungerer.  

Synsvinkel. Framing. Kamerabevegelser. Ljos. Forteljarposisjon. Filming av kvinnekroppen i brotstykke, gjerne i saktefilm. Eit bein, ein mage, eit bryst eller ei rumpe slik som i første scena i Lost in Translation (2003) regissert av Sofia Coppola, kor opningsscena er eit shot av rumpa til Scarlett Johansson. I neste scene sit Bill Murray i djupe tankar på bussen. Kva vil regissøren at vi skal tenke om dei to ulike personane? Kven blir vi mest nysgjerrige på som individ?  

Kali Reis som Navarro i True Detective

Subjekt vs objekt

Eit prakteksemplar på the male gaze finn ein i Quentin Tarantino-filmen From Dusk till Dawn (1996). Her går ei av filmscenene føre seg på ein strippeklubb som viser seg å huse vampyrar. Ut frå bak ei gardin kjem vampyren og stripparen Santanico Pandemonium, spela av Salma Hayek, ikledd raud truse og BH. Alle auge er retta mot Hayek. 95% av dei er mannlege auge. Sjokkerte, men beundrande blikk ser på ho medan ho dansar sensuelt med ein slange kring kroppen. Kameraet beveger seg sakte oppover og nedover kroppen hennar, og vi blir tvinga til å sjå på kvar einskilde kroppsdel.  

Ofte blir kvinna sett på frå ein mannleg karakter sitt perspektiv, og dermed oppfattar vi ho slik han oppfattar henne. I Vertigo (1958) følgjer vi politidetektiven John Ferguson som har fått i oppdrag av ein gammal venn å følgje etter kona hans. I forfølginga ser vi kona, Madeleine, gjennom John sine auge. Ho er objektet som blir følgt med på, han er subjektet som følgjer etter ho – og vi følgjer subjektet.  

«Kameraet beveger seg sakte oppover og nedover kroppen hennar. Vi blir tvinga til å sjå på kvar enkelt kroppsdel.»

Vertigo og From Dusk till Dawn er berre eit par døme på filmar som brukar slike verkemiddel Menkes pratar om. Synsvinkel, perspektiv og måten ein beveger kameraet opp og ned ein kropp påverkar korleis ein ser på kvinner – og difor òg korleis kvinner ser på seg sjølve. 

Patriarkalske strukturar i film 

Det patriarkalske samfunnet har blitt overført til film, men patriarkalske strukturar i film har òg blitt overført til samfunnet, meiner Laura Mulvey. Til dømes har kvinner sin verdi i stor grad blitt nedgradert til berre seksuell verdi. Det speglar seg i film. Gjennom filmhistoria har sexscener og romantiske scener blitt gjennomført på menns premiss. Korleis blir kvinner framstilt i desse scenene samanlikna med menn? 

Det viser seg at heterofile sexscener framstiller mannen som den aktive parten, ofte i bevegelse og avbilda med heil kropp. Kvinna er ofte i ro, passiv, og blir avbilda med kroppsdelar i brotstykke. Mannen er aktiv, kvinna er passiv. I nokre filmar blir denne maktubalansen glamorisert så til dei gradar at det byrjar å likne overgrep. 

Måten sex og romantikk blir framstilt på film kan ha ubehagelege konsekvensar i det verkelege liv. I Blade Runner (1982) møter vi den mannlege hovudrolla, spela av Harrison Ford, og ei kvinneleg birolle, spela av Sean Young. I denne scena ser vi dei prate saman, før Young reiser seg opp for å gå ut av rommet. Ford sprett opp og smell att døra hardt. I bakgrunnen høyrer vi musikk som signaliserer at dette er ein farleg situasjon. Han dyttar ho dermed inn i veggen og held ho fast. Ho ser redd ut, men idet Ford kyssar henne, går musikken frå å vere skummel, til å bli sensuell og flørtande. Åja, ho ville det eigentleg! Eller? Ei slik rask endring i stemning, frå noko farleg til noko sensuelt, er med på å normalisere påtvungen og valdeleg åtferd mot kvinner. Til slutt forbinder vi det ekle med noko fint.  

Salma Hayek i Until Dawn

Female gaze

Gjennom andre sitt blikk ser vi òg oss sjølve. Slik formulerte eksistensialisme-filosofen Jean-Paul Sartre blikket. Er det mannlege blikket i endring? Det kan verke slik. Portrett av en kvinne i flammer (2019) er eit godt døme på fråveret av det mannlege blikket. Malaren Marianne får i oppdrag å male eit portrett av Héloïse, eit portrett som skal sendast til forloveden hennar i gåve. Gjennom den kunstnariske prosessen blir dei to godt kjend, særleg fordi dei sjå på kvarandre i fleire timar i strekk. Marianne fangar ikkje berre Héloïse sin utvendige skjønheit, men òg den innvendige. Filmen tematiserer blikket gjennom to kvinner sin kjærleik og fascinasjon for kvarandre.    

Òg den populære serien til Phoebe Waller-Bridge, Fleabag, tek eit oppgjer med det mannlege blikket. Fleabag sitt brot med den fjerde veggen, og måten ho gjer seg sjølv til subjektet i forteljinga ved å støtt og stadig vende seg mot kameraet, gjer at det er hennar synsvinkel og hennar historie vi følgjer. 

Meir nyleg kunne ein òg sjå ei litt ukonvensjonell sexscene i sesong fire av True Detective. I sexscena, som er skriven og regissert av ei kvinne, er politikvinna Navarro den dominante og aktive, medan han ho har sex med er meir passiv, og blir dominert. Fokuset er på Navarro, ho blir filma nedanifrå og opp, noko som gjer det tydeleg at ho har makta. Tidvis er begge to i fokus samstundes, men òg her ser vi at det er Navarro som har kontroll.

Døma illustrerer at kvinner sin plass i film i dag er i ferd med å bli endra. Heldigvis. Å kunne peike på moment kor det mannlege blikket er tilstades, kan gjere oss meir bevisst på kva som påverkar oss og vårt syn på kvinner. Uheldigvis blir ikkje ubehaget i magen borte av den grunn, dei gongane eg ser ein Tarantino-film gjennom mitt kvinnelege blikk.