Kulturell førstehjelp #72
Hausten verkar til å vere den årstida Kultur-Bergen merker folkets behov for førstehjelp. Hold ut, hjelpa er på veg!
17. september 2024

Fredag 20. september har du fire val: På pop-up-konseptet Hjørnet, blir det Klubb Gæste, kor rap-gruppa Gæste Gutter står for (gutta)stemninga. De (gode gamle) Musikalske Dvergene har konsert på Lyst&Fryd, for den som vil kjenne på nokre ordentlege Bergens-tonar. Om du kjenner trongen for litt «freaky dancing» inviterar Østre til konseptet «Keep it dark», PS: «Fetishwear is encouraged». Det fjerde valet ditt er på Cinemateket som arrangerer Arabisk Filmfest denne fredagskvelden. Du er sjølvsagd velkomen til å dra på alle fire arrangementa, men då anbefaler eg å halde tunga rett i munnen og ta med 2-3 skift til kvelden.

Etter ein variert og innhaldsrik kveld, kan du bruke laurdagen (21. september)Bergen Middelalderfestival Bergenhus festning. Dei lovar kjekke aktivitetar for born og vaksne. I tilfelle dei ikkje held løftet sitt, kan du støtte deg på Brann-damene sin toppserie-kamp mot Røa på Brann Stadion.

26. september kan du sjå Kristopher Schau og Alexander SandtorvBergen Offentlige Bibliotek, med deira live-pod «Menn uten midje kan også lese». Det skal etter rykta vere ein «uformell lesesirkel». For den mindre leselystne og meir friluftsinteresserte er det føredrag om «Turperler på Vestlandet», same dag på Åsane kulturhus (då kan du jo også bli kjend med den sjarmerande bydelen Åsane). 

Norges Handelshøyskole kan meir enn vaffeljakker og austlandsdialekt! 27. september inviterer dei til Madcon-konsert i NHH-aulaen. Etter konserten blir det kjellerfest … kva enn det betyr.

Bergen Kjøtt blir det Clothing Swap + Repair Cafe den 29. september. Hit kan du ta med deg den slitte refleksvesten din og freshe den opp til Viggo Venn sitt One More Time-show Ole Bull Scene same kveld. Ojoj, så fjong og fin du kjem til å bli.

1. oktober betyr Rosa Sløyfe-løp, også i år. Det betyr at du må finne fram den rosa treningstightsen frå 7. klasse og trene deg opp på kort tid. Startstreken er på Torgallmenningen. I tilfelle løpeforma ikkje er god nok til den tid, kan du støtte deg på at Bergen Kino har «Date Night førpremiere!» av den nye Joker-filmen (Joker: Folie a Deux). Her har du moglegheit til å kle deg i andre klede frå 7. klasse (eller noko heilt anna), når du skal kle deg ut som Joker eller Harley Quinn.

Men om du skulle ha kalenderen full: fortvil ikkje. Filmen visast mange ganger, også som utekino på Fløyen 7. og 8. oktober.

Etter to dagar med Joker, får du kanskje lyst til å møte ein ekte joker? Det får du sjansen til på Kvarteret den 3. oktober! Då kjem artist-jokeren, Bargee. Nja, han er kanskje ikkje mykje av ein joker (kva veit eg?), men han har ein EP som heiter Halvvisne Roser, som er kryptisk nok i seg sjølv.

Halvvisne rosar blir det sannsynlegvis lite av på Hjørnet 5. oktober, når Teknoteket skal spele. Om du heller er på ein Landmark-type-ting, har dei konsert same kveld med The Soul Alive! Og Dj Stig Paa i etterkant. Blir vel dansing begge stader. Blir vel bra. Om du ikkje likar å danse, kan du dra på Bergen Offentlige Bibliotek tidlegare på dagen. Men ikkje dra dit om du har noko uoppgjort med slekta di, for her arrangeres det slektsgransking.

Om slektsgranskinga går bra og du kjenner deg heime på Bergen Offentlige Bibliotek, kan du jo dra tilbake dit 8. oktober når dei skal ha filmkviss. Eller 18. oktober når dei skal ha musikkviss. Kjenn deg sjølv.

Likar du å teikne? Nei vel, men du likar sannsynlegvis å drikke – på Bergen Kjøtt har dei Drink & Draw fredag 11. oktober. Dei melder «Aktmodeller/kostyme/dj/surprises». Eg spår ganske hot stemning. Både Hulen og Landmark har konserter same kvelden, med forhaldsvis Villskudd og Nix & the Nothings (albumslepp). Du kan jo prøve deg på alle tre og sjekke kor det sveittes mest.

12. oktober har du det vanskelege valet mellom jazz på Landmark, med gruppa Nothing Personal, og «SOS its ABBA time!» MadamFelle. Eg seier det igjen: Kjenn deg sjølv.

Ole Bull scene inviterer til Frida Ånnevik konsert 29. oktober. Her er det lov å vere søtten år.

Det blir svenske tilstandar på Verftet 14. november. Victor Leksell skal fortelje bergensarane kor «Svag» han er. Arrangøren fortel at artisten sjølv ser fram til å møte «fansen» i ein «unik og intim» setting «både for artist og publikum».

Og om Verftet gir deg ein overdose av svensk kjærleikssorg kan du neste dag dra på Landmark for å sjå Bo Milli spele. Ho har vokst fram som  ein av landets mest spanande, nye indie-artistar.

 


Loppemarked:

Kringlebotn skole 21.-22. september

Rothaugen skole 21.-22- september

Minde Skole 28.-29. september

Skjold skole 21.-22. september

Slettebakken skole 28.-29. september

Damsgård skole 19.-20. oktober