HAUSTKVISS
Saknar du intellektuell stimuli no heilt på starten av semesteret? Slutt å sutra, ta heller Stoffs haustkviss!
20. september 2024

1. Me har mange dialektar i Noreg. Kor mange av dei 15 statsministrane me har hatt etter 2. verdskrig sa «æ», «e», «i» eller «eg» i staden for «(j)eg»?

2. Kor mange tidssoner er det i Russland? 

3. Julius Caesar skreiv «Veni, vidi, vici» etter å ha sigra i eit slag. I kva land ligg denne slagmarka i dag?

4. Bitcoin forbrenn fleire tonn klimagassar enn både Argentina og Fillipinene til saman. Men kor mange millionar menneske bur det til saman i desse to landa?

5. Kor mange år har Erna Solberg vore leiar i partiet Høgre?

6. «Ask not what your country can do for you, ask what you can do for your country» vart sagt av John. F. Kennedy. Kva for ein amerikansk stat representerte han som senator?

7. Kor mange tangentar er det på eit piano?

8. Det er to store aviser i Bergen, Bergensavisen og Bergens Tidende. Tidlegare hadde begge partipolitisk tilknyting. Kva parti var dei tilknytta?

9. På Mount Rushmore er fire framståande amerikanske presidentar statuerte, men på eit nærliggjande fjell er det avbilda ein amerikansk urinnbyggjar. kva heiter han?

10. Mary Shelly skreiv Frankenstein. Bokideen fekk ho på besøk hos ein som har fått kalla opp ein heilt spesiell type dyster og farleg helt etter seg. Og som forresten også er forfattar. Kven?

 11. Det er tre «de facto» regjeringar som har vart i under 30 dagar i Noreg sidan 1905. Nemn éin av dei.

 12. Kva heiter rektor på UiB?

 13. På kva fakultet er rektor professor?

 

1: Ingen. Dei få som ikkje var frå Austlandet var for fine til å seia «æ», «e», «eg» eller «i». 2: 11, 3: Tyrkia, 4: 164 millionar, 5: 20 år, 6: Massachusetts, 7: 88, 8: BA = Arbeidarpartiet, BT = Venstre, 9: Crazy Horse, 10: Lord Byron (den byronske helt). 11: Hornsruds AP-regjering i 1928, Quislings regjering i 1940, J. Lyngs borgarlege regjering i 1963. 12: Margareth Hagen, 13: Det humanistiske fakultetet. Ho disputerte forresten med ei avhandling om retorikk, med utgangspunkt i ein professor og poet frå senrenessansen. Men dette merka du kanskje då du høyrde årets opningstale.

 

 

0-4 poeng: Du kan godt få sutra.

5-8 poeng: Med jamt og trutt arbeid, kjem du deg sikkert gjennom dette semesteret òg.

9-12 poeng: Du kan ta ein øl med godt samvit.

13 poeng: No er det på tide å komma seg ut av lesesalen, det er trass alt berre september!