ALBULEUM
Ti album du kanskje ikkje visste hadde jubileum i år.
25. september 2024

Året er 2024. Eit perfekt partal. Har du lite å feire i år, kan du i det minste feire dèt. Og desse albuma, som har 50-, 40-, 30-, 20- og 10-årsjubileum i år. Ver så god. 

 

1974 

Jolene – Dolly Parton 

Om kjærleik – både dei gode sidene ved den, som i «River of Happiness» og «Highlight of my Life», og dei vonde, som i «Jolene» og «Living on Memories of You». «Jolene» og «I Will Always Love You» er sjølvsagt dei største hittane, men her kan ein oppdage ukjente låter som fort kan bli nye favorittar. Sjølv om albumet blei kalla «lyrisk problematisk» av ein mannleg anmeldar, fekk Parton òg ros for at store delar var skrive av ho sjølve «[…] and that’s always a plus». Er du, som anmeldaren, ikkje så fan av tekstene, kan du i det minste nyte Dolly si røyst akkompagnert med den behagelege lyden av både banjo og steel gitar. 

Autobahn – Kraftwerk 

Med Autobahn har Kraftwerk, pionerane innanfor elektronisk musikk, laga ein litt snodig hyllest til den tyske motorvegen. Tittelsporet varar i heile 23 minutt, og blir innleia av lyden av ein bilmotor som startar og tutar av garde. Låta blir av Kraftwerk sjølve skildra som reisa mellom Düsseldorf og Hamburg. Høyrer du heile kan du utruleg nok sjå for deg korleis dette ser ut, berre gjennom dei synth-konstruerte lydane. Det er minimalt med songtekst, og det som finst, er enkelt: «Wir fahren, fahren, fahren auf der Autobahn / Fahrbahn ist ein graues Band / Weiße Streifen, grüner Rand». Låtene «Mitternacht» og «Morgenspaziergang» er som små historier, kor ein verkeleg føler at ein går gjennom byen ei mørk natt og ein tidleg morgon. Eit lydleg meisterverk dette!

 

1984 

Purple Rain – Prince 

Dramatisk, inderleg, funky og forførande – akkurat slik som Prince sjølv. Med seg på plata har han bandet The Revolution, som set sitt eiget preg på lydbildet. Vi blir servert heftige gitarsoloar, trommar, strykarar og ikkje minst synth, som berre er nokre av grunnane til at denne plata fortjent hamna øvst på Billboard-lista. Dette er den typen album ein kan høyre om att og om att utan å bli lei – ein kan alltid finne ein ny trommesolo ein ikkje har lagt merke til før, eller ei tekstlinje ein plutseleg forstår betydninga av. Purple Rain er òg soundtracket til filmen med same namn, som elles er å anbefale dersom du ønsker the full Purple Rain experience. Kos deg!

Like a Virgin – Madonna 

Eit ikon og viktig forbilde for mange kvinnelege musikarar. Ikkje så rart, då ho var (og framleis er) både seksuelt frigjort, provoserande og kravde sin plass i ei mannsdominert musikkverd. Like A Virgin appellerte nok særleg til dei kule jentene på ungdomsskulen då den kom ut, med tekster om kjærleik, løgnaktige gutar, materialisme og jappetid. Likevel er dette eit album for dei som kjenner seg att i «I’m just a girl»-trenden, og ikkje skammar seg over det. Var det eigentleg Madonna som starta denne trenden? Ho erklærer seg i alle fall som «a material girl» – and we’re here for it.

Dette er den typen album ein kan høyre om att og om att utan å bli lei – ein kan alltid finne ein ny trommesolo ein ikkje har lagt merke til før, eller ei tekstlinje ein plutseleg forstår betydninga av.

1994 

Definitely Maybe – Oasis 

Menn i 50-åra med grå bolleklipp og parkas frydar seg over nyheiten om Oasis’ gjenforeningsturnè neste år, og vi kan difor ikkje la vere å nemne 30-årsjubileumet til debutalbumet deira Definitely Maybe. Enkle og likeglade tekster om 20-åras bekymringslause tilvære og kjensla av tiltaksløyse kjem fram i linjer som «I was looking for some action, but all I found was cigarettes and alcohol» og «What a life it would be / if you could come to mine for tea / I’ll pick you up at half past three / We’ll have lasagna». Så enkelt kan livet vere, altså.

Crazysexycool – TLC 

Crazysexycool ga oss ei deilig blanding av soul, RnB og hiphop, og hitten «Waterfalls». Albumtittelen speler på karaktertrekk ved dei tre medlemmene. Tionne «T-Boz» Watkins som den kule, Rozonda «Chilli» Thomas som den sexy, og Lisa «Left Eye» Lopes som den crazy. Dei meinte dessutan at tittelen ikkje berre sa noko om dei sjølve, men òg om noko alle kvinner er. Og ja, tittelen speglar òg innhaldet på plata, kor kvar av låtene anten har noko crazy («Creep»), sexy («Red Light Special» og «Let’s Do it Again») eller cool («Switch») ved seg. 

 

2004  

Luring – Odd Nordstoga

På tide å finne fram att til eitt av Nordstogas beste album, og dans og syng inn hausten med Luring. For denne passar utmerka godt til blaute, men dansande buksebein, på meir eller mindre skitne stuegolv i kollektiv. Særleg linja «Bryr meg ikkje om det regner / Det er då så mykje regn omkring likevel» frå «Farvel til deg» passer godt til vêret i vår våte vestlandsby. Nordstoga har nemleg sjølv vore student i Bergen, noko fleire av låttekstene vitnar om. 

Mange har kanskje vakse opp med dette albumet, utan å heilt kjenne seg att i tekstene, eller vore klar over kva nokre av låtene eigentleg handla om. Om du ikkje har høyrt dette albumet sidan før du vart tørr bak øyra, anbefalar vi å lytte ekstra godt no.   

Soviet Kitsch – Regina Spector

Er du svak for underlege, lyriske, repetitive tekster som konsekvent ikkje har rim? Eller er du fan av Fiona Apple og lyden av piano i lag med trommestikkar som slår mot pianokrakken? Soviet Kitsch gir deg alt dette i tillegg til eit tydeleg nikk til estetikken i sovjetisk Russland. Viss det er éitt Regina Spector-album du burde høyre på, er det dette. I seinare tid har ho nemleg gått over til mindre alternativ musikk av typen singer-songwriter, og det verkar som ho har teke meir avstand frå alt som er kult og kitsch.  

«What a life it would be / if you could come to mine for tea / I’ll pick you up at half past three / We’ll have lasagna». Så enkelt kan livet vere, altså.

2014 

Salad Days – Mac DeMarco 

Salad Days kom ut for ti år sidan var det nok mange som døydde av ekstase og kom til indie-himmelen. Mac DeMarco sitt image har bestått i å virke bekymringslaus, uvøren og tøysete. På konsertar har han både kledd seg naken og brent av seg kroppshår, og det står jo i stil til den late, drøymande psykedeliske indie-popen på denne plata. Fleire lot seg òg inspirere av stilen hans (caps, alt for stor snikkarbukse og skitne vans). I det siste har det ikkje vore særleg stor ståhei rundt DeMarco, som kanskje kan tyde på at Salad Days markerte toppen av karrieren. Vi får vente og sjå, men i mellomtida kan vi i alle fall setje pris på albumet som i 2024 feirar 10 år. 

My Everything – Ariana Grande

Ariana Grande sitt andre album inneheld hitt etter hitt, og vi kan love at du kjenner igjen dei fleste låtene på plata. Særleg verdt å nemne er samarbeida ho gjer på låter som «Problem» med Iggy Azalea, «Love Me Harder» med The Weekend og «Bang Bang» med Jessie J og Nicki Minaj. Eit stjernegalleri frå anno 2014! Grande har kanskje med seg mange stjerner på albumet, men det tek ikkje merksemda bort ifrå hennar utruleg stødige og sterke røyst. Med My Everything bevegde Grande seg bort frå rolla som døll Disney-barnestjerne og over til å bli ein av notidas mest ynda pop-musikarar.