I ankomsthallen på Sartor Storsenter, Sotra, står eit høgt, rundt bord og ein stol. Dette er Tommy Nielsen sin plass. Oppå bordet er ein liten bunke magasin med tittelen «=Bergen». I ein radius på om lag fem meter frå standen, beveger Tommy seg med eit smil om munnen og med skrifta «YES.» på genseren. I armane har han resten av bunken frå bordet.
Når Stoff møter Nielsen, står han på sin vante plass.
– Før måtte eg stå der borte ved bordet heile dagen, men eg spurte om ikkje eg kunne gå litt lengre ut. Senterleiinga sa at eg kunne stå nærmare inngangen så lenge eg ikkje stod i vegen for dei som kjem inn og ut av senteret, fortel Nielsen.
Å undrast over kva ein gjer
=Bergen er «etterkommaren» til Megafon, eit magasin som blei selt av folk med rusproblemer i Bergen som av forskjellige grunnar har falt utenom arbeidslivet. Inntekta går til seljaren sjølv. Tommy har vore seljar av avisa sidan desember 2023.
– Eg har vore rusmisbrukar, men no er eg rusfri i nesten to år, fortel han.
8. januar. Ein dato som kjem fortare til Tommy enn mange kan huske sin eigen bursdag. 8. januar har han vore rusfri i to år. Han fortel at rus var ein del av livet hans store delar av oppveksten; både då han budde i Sogn og Fjordane og då han kom tilbake til Bergen.
– Det var iallfall ein 5 år der eg var ved Korskirken, seier han.
Korskirken er – som namnet tilseier – ei kyrkje i Vågsbunnen i Bergen sentrum. I løpet av dei siste tiåra har plassen rundt kyrkja utvikla seg til å bli ei open russcene, der Bergens rusavhengige møtast til eit slags evigvarande friminutt.
Tommy fortel at han ikkje er der lengre. Han prøver å halde seg unna.
– For eit par veker sidan gjekk eg og ein kompis dit, men eg tenkte berre «kvifor er vi her, liksom?».
Femtenhundre kronar dagen
Som rusavhengig er kvar dag ein konstant jakt. Tommy Nielsen fortel at det handlar om å få tak i «det ein brukar». Og for å få tak i det, må ein finansiera det. Då endar ein gjerne opp med å selje noko som andre brukar.
Ein slags sirkulærøkonomi. Men Tommy ser ikkje på dette som noko sirkulærøkonomi, heller som ein vond sirkel.
– Dokker må ikkje tru at det er billeg å vere rusmisbrukar! Det kan faktisk koste oppimot 1500 kronar dagen.
Femtenhundre. Dei sterkaste stoffa er også dei dyraste, som heroin.
I Vågsbunnen fann Tommy ein gong eit samhald og ein møteplass. Det var mogleg å få mat der, og han møtte «venner». Han viser hermeteikn med fingrane når han seier ordet venner.
– Dei er jo ikkje eigentleg venner. Dei stel og lyg til kvarandre. Det er falske venner.
Men no er ikkje Tommy utanfor Korskirken. Han er på Sartor Storsenter, og han har ein jobb å gjere. Då han kutta ut rusen, måtte han også kutte ut «vennene». Med =Bergen og Huset blei det enklare å gjere desse endringane.
Stor forbokstav, bestemt form
Huset er eit brukarstyrt aktivitetshus i Bergen sentrum for dei som slit eller har slite med rus. Tommy fortel om eit spesielt første og andre møte med Huset.
– Første gongen eg var der, var eg ganske «ute» og la meg til å sove på sofaen. Då eg vakna neste morgon, tenkte eg at det ville vere alt for flaut å kome tilbake hit.
Det gjekk om lag to veker før Tommy returnerte til Huset. Då kom han for å få noko mat og var førebudd på å bli erta for det som hadde skjedd førre gong.
– Men det var ingen som sa noko om det. Alt var liksom som normalt. Det var ganske spesielt, for i det miljøet er det litt sånn at om du har gjort noko – trakka litt i salaten – så skal du få høyre det i etterkant, fortel han.
Etter det har Tommy vore mykje innom Huset. Han har også jobba som frivillig der. Framleis er Tommy innom Huset eit par gonger i veka.
– Men eg jobbar ikkje så mykje frivillig lengre, sidan eg trivst så godt som seljar.
Han fortel at han prøver å jobbe nesten kvar dag. Det er ikkje nokre faste arbeidstimar, men som regel står han frå 10/11.00-tida på dagen til 16/17.00-tida på ettermiddagen. Ein fleksibel arbeidsdag.
Sjølv om Tommy bur i Bergen sentrum, tar han altså 450-bussen til Straume terminal nesten kvar dag, for å selje =Bergen. Han har funnet sin plass her.
– Folk tar meg godt imot her. Dei som kjem til senteret, vektarane og senterleiinga er veldig greie – det er kjekt å stå her. I byen er det såpass mange seljarar at det blir litt konkurranse, meir konkurranse på mindre område, kan ein seie.
– Ein gong må det vere min tur
Men Tommy har også andre planar. Dei fleste venene hans er framleis folk i rusmiljøet eller folk som har vore det. Han har meldt seg inn i sjakklubben på Sotra, og søker om skuleplass på IKT-linja på Krokeide Videregående Skole. Det er på tide å omringe seg med nye folk. Få andre impulsar.
Då han søkte på Krokeide VGS for første gong i vår, rakk det ikkje til. Det var ikkje nok plassar og han kom ikkje inn. Men med «YES.» på genseren held den tidlegare rusavhengige seg optimistisk.
– Eg må berre søke igjen. Ein gong må det jo vere min tur til å kome inn, seier han med overtyding i stemma.
Då blir det tilbake til vidaregåande. No er det 20 år sidan sist han satt ved skulebenken.
Tommy har inntrykk av at det er store skiljer i om folk frå rusmiljøet har ein plan for framtida. Han trur at bland dei som kjem til Huset, er det mange som har vidare planar. Andre er der mykje for å halde seg unna rusen, meiner han.
Stort sett syns Tommy Nielsen at russcenen i Bergen har vore ganske uforandra dei siste åra.
– Det kjem nye folk inn, av og til kjem folk seg ut. Og så hender det at folk får tilbakefall, fortel han.
Sjølv er han ikkje redd for å få eit tilbakefall. Han fortel at støtta han får på Huset er såpass god, at det ikkje er noko han uroar seg for.
8 dagar i Kypros
Dei fleste bergensarar veit at seljarane av Megafon – og no =Bergen – er folk som slit eller har slite med rusrelaterte, økonomiske eller sosiale utfordringar. Men Tommy Nielsen tenker ikkje på desse fordommane når han er i felt.
– Eg opplev at folk syns det er bra, at det er ein god måte å skaffe pengar på – samanlikna med andre inntektskjelder, som er vanlege bland rusmisbrukarar.
Han presiserer likevel at det er mykje stigmatisering av rusavhengige. Sjølv har han kjend mest på det i etterkant. No ser han kva posisjon rusavhengige har i samfunnet, og han stiller oss spørsmålet:
– Har dokker tenkt på at rusmisbrukarar er den einaste gruppa i samfunnet som blir straffa for å skade seg sjølv?
Folk kan gjere kva dei vil med sin eigen kropp, meiner Tommy. Og måten desse inngrepa blir møtt av politi og myndigheiter, syns han ikkje er riktige. Mest av alt kan ein sjå på heile Tommy at han er glad for å ha kome seg ut av avhengigheita.
Etter om lag eit år med sparing, har =Bergen-løna blitt til ein syden-tur. I haust skal Tommy Nielsen dra 8 dagar åleine til Kypros. Han har bestilt rom på hotell med «alt inkludert». Auga hans lyser opp når han snakkar om det.
Til slutt kjem Tommy med ein oppfordring:
– Sei hei til seljarane. Slå av ein prat om dokker har tid. Vi er ikkje farlege og det verste er når folk går rett forbi, som om dei ikkje ein gong ser oss.