Sidan allemannsretten vart vedteke gjennom friluftslova i 1957 har nordmenn hatt stor glede og nytte av dette privilegiet. Det er ein rett som gjev oss moglegheita til å verte kjend med, og glad i, naturen som er rundt, over og i oss. Det er eit uvanleg godt tilbod – men det skulle berre mangle.
Vi har fridomen til å ta i bruk heile landet, men med den fridomen følger det eit ansvar.
Naturkirurgi
I Noreg har vi dei siste tiåra promotert landet vårt, med dei flotte fjella og fjordane, og lokka turistar frå heile verda til å kome akkurat hit. Takka vere allemannsretten kan dei gå i fjella og skogane heilt gratis og uforpliktande. Eller? Uforpliktande?
Ein viktig del av allemannsretten er at ein skal opptre varsamt og omsynsfullt. Det kjem plikter med dette privilegiet. «Forlat staden slik som du fann han», er ein tommelfingerregel som er nesten like forankra i vår kulturarv som allemannsretten sjølv. Om vi ser på dei store avtrykka som friluftslivet etterlèt, kan det likevel tyde på at pliktene som allemannsretten krev, ikkje vert oppfylte.
Allemannsretten gjer at vi kan gå i fjella og i skogane heilt gratis og forpliktande.
På mange måtar er friluftsliv ein operasjon på naturen. Slik lovverket står i dag, kan alle melde seg som kirurgar. Dei treng faktisk ikkje å melde seg eingong, det er berre å ta fatt i skalpellen og legefrakken – eller gåstavane og allvêrsjakka – og setje inn stikk for stikk.
Og det er ikkje noko gale med det i seg sjølv. Hadde heile Noregs befolkning hatt kirurgutdanning, så kunne alle og einkvan ha utført operasjonar på sjukehuset. Men det er jo nettopp utdanninga som gjer at ein kirurg veit kva han skal gjere, når han skal gjere det, korleis og kvifor.
Naturen krev også utdanning frå sine kirurgar, vi må også vite kva, når, korleis og kvifor. Av og til må han berre sove, kvile litt, vere for seg sjølv utan at nokon opererer i han.
Ein treng ingen bachelor eller master for å drive med friluftsliv, men ein treng kunnskap.
Gnål og klageri
Nasjonalparken Hardangervidda vert flittig brukt av friluftsinteresserte både sommar- og vinterstid. Folk vert openbert trekte mot det endelause på vidda. Ein sport som har vakse fram dei siste tiåra er kiting, eller skisegling. På Hardangervidda har det internasjonale kitemiljøet funne eit kiteparadis.
Aftenposten skriv at kitekurs.no søkte statsforvaltaren om løyve til eit kitekurs i landskapsvernområdet Skaupsjøen/Hardangerjøkulen i 2023. Dei fekk avslag på store område av søknaden, og måtte halde seg til eit avgrensa område. Statsforvaltaren forsvarte vedtaket med at aktiviteten kunne vere til skade for villreinstammen i området. Villrein vart i Noreg sett på raudlista for artar i 2021.
Kitekurs.no klaga på vedtaket, men fekk avslag både hos statsforvaltaren og Miljødirektoratet. Dei gjekk vidare til sjefskirurgen, eller Klima- og miljøminister Andreas Bjelland Eriksen, og i september i år fekk dei medhald.
Kitekurs.no meinte at statsforvaltaren ikkje hadde myndigheit til å avslå søknaden, og det var Klima- og miljødepartementet einige i. Samstundes uttalte dei at dei også var einige med statsforvaltaren og Miljødirektoratet om at den potensielle skaden på villreinen var reell.
Vanvidderi
Denne prosessen er på mange måtar provoserande. Den er eit tydeleg bevis på at promoteringa av norsk friluftsliv ikkje fremmer eit friluftsliv på naturens premissar, men tvert imot misbrukar allemannsretten til fordel for verdiskaping (les: profitt). Kvifor skal då kitekurs.no jobbe så hardt imot eit vedtak som vernar om villreinen og deira elska kiteparadis?
Til Hardanger Folkeblad seier Anders Horgen, styreleiar i Oslo Kiteklubb, dette om den same saka:
“Vi er sterkt engasjert i å sikre gode oppvekst- og levevilkår for villreinen, samtidig som vi erkjenner behovet for kunnskapsbaserte reguleringer som tar hensyn til den aktiviteten som ønskes regulert.”
Men – viss dei verkeleg er «sterkt engasjert» i villreinen, så ville dei vel ha vore takksame for avslaget frå statsforvaltaren. Då ville det vel ha vore ein siger med alle fråsegn frå det offentlege som vernar om det biologiske mangfaldet?
Kite-saka er eit bilete på eit større paradoks; i vårt forsøk på å omfamne naturen, øydelegger vi han berre meir. Vi må forstå at for å kunne ha moglegheita til å drive med friluftsliv i framtida, må vi lage strengare rammer for korleis vi gjer det i dag. Desse rammene vert lagde gjennom Friluftslova, med ein naudsynt konsekvens; allemannsretten må verte innskrenka, og det vil verte eit stort tap for alle.
Det er provoserande at det er kitarane som må ta støyten for dårleg villreinpolitikk. Det er jo ikkje dei som er det opprinnelege problemet her. Problemet ligg i all den infrastrukturen som har vorte bygd så altfor tett på villreinens leveområde, og at det har vorte lagt til rette for denne typen aktivitet i nasjonalparken.
Hy(s)tteri
På sine nettsider skryter DNT av sine hundrevis av hytter rundt om i landet. For som dei seier: «Hvorfor ha én hytte når du kan ha over 590 av dem?». Hyttene skal visst nok vere kjende for sin «uformelle og koselige stemning», og det er stor variasjon i dei ulike hyttene. Nokre er betente, nokre er det ikkje, nokre har dusj og nokre har restaurant.
La meg måle eit bilde av uformelt og koseleg for deg: Etter du har gått rundt på fjellet i nokre timar, kjem du plutseleg til eit treverkspalass midt på vidda. Her kan du sjekke inn i resepsjonen, få med deg sengetøy frå staben og beskjed om å møte til middag klokka 18.00; det vil verte servert frå trerettars meny i spisesalen. Når du er klar for å gå vidare, pakkar du berre saman og seier ha det – vaskepersonalet tek utvaskinga. (Pris: frå kr 1660 per natt)
Hadde vi ikkje hatt desse institusjonane i verneområda, så hadde tre ting vore annleis: 1. ferdsla i nasjonalparken ville ha vore tydeleg mindre, 2. villreinen hadde hatt eit større og meir berekraftig leveområde, og 3. fjellet hadde ikkje hatt eit klasseskilje mellom dei som bur i hytte og dei som bur i telt.
Dei som kjenner fjellet og har ei genuin friluftslivsinteresse ville framleis ha ferdast i fjellet sjølv om det ikkje fanst DNT-hotell, men trykket ville vore mindre, og dei som gjorde det ville hatt den naudsynte kunnskapen med seg i sekken.
Det er påfallande korleis norsk turistbransje fetisjerer og promoterer norsk natur.
I romanen Høgfjellsmeldinga (2023) av Guri Sørumgård Botheim får vi ei historie om natur, villrein og kjærleik i ramma til ei klassisk heltehistorie. I denne historia er det DNT som er skurken. Der villreinen klamrar seg til sitt stadig meir innskrenka leveområde, vil turistforeininga bygge ei ny turisthytte og legge til rette for endå meir menneskeleg ferdsel.
Europavegeri
Sjølv om historia til Botheim er fiktiv, ser vi store likskapar mellom denne og historiene på til dømes Hardangervidda.
Med så høg aktivitet i den «urørte» naturen, er det ikkje berre villreinen som vert utsett. Det er heile det biologiske mangfaldet og den urørte naturen i seg sjølv. Riksveg 7 og Europaveg 134 køyrer heilt på grensa til Hardangervidda, men det går også hundre andre «europavegar» gjennom nasjonalparken. Stiane som går mellom dei 12 DNT-hyttene vert djupare og breiare for kvart steg som vert sett på dei.
I januar i år avslørte NRK at i løpet av dei siste fem åra har det i Noreg vorte gjennomført 44 000 inngrep i urørt natur. Førtifiretusen. I snitt 24 inngrep kvar einaste dag. Med så høge tal vert urørt natur eit etterlengta gode, som vi er nøydde til å bevare. For natur er meir enn berre små parkar og hagar her og der, det er først og fremst store, samanhengande areal der naturen sjølv har råderett.
Allemannsretten er for nordmenn sjølvsagd, men snart må vi byrje å sjå på han som eit privilegium. Gjer vi ikkje det, kan det verte naudsynt å innskrenke retten, for å verne naturvernsområda våre.
Synderi
Det er svært at vi kan dra heilt gratis (og forpliktande) til utmarka. Men allemansretten har vorte strekt så langt at han snart ryk. Vi må stille spørsmålet: Kvifor fekk vi allemannsretten i første omgang? Eg trur vi fekk han sånn at nordmenn kan ferdast i lokale skogar og fjell. Hadde vi berre forvalta dette privilegiet på ein berekraftig måte.
Norsk turistbransje har misforstått dette; dei trur at vi fekk retten for å tene pengar på blant anna utanlandske turistar som ikkje har tilstrekkeleg kunnskap om sporlaus ferdsel.
Friluftsliv er, paradoksalt nok, ein av klimaverstingane blant fritidsaktivitetar, viser forsking gjort av Vestlandsforsking. Paradokset er slåande, og det beste for naturen hadde vore om vi slutta å ferdast i han, men samstundes treng vi friluftslivet for å forstå kva vi må ta vare på. Men det friluftslivet må vere berekraftig.
Ulike statsforvaltarar har allereie foreslått å stenge ned turisthytter og turstiar med omsyn til villrein og andre truga artar. Snart vil desse forslaga slå gjennom – helst ganske så snart. Og då vil allemannsretten verte innskrenka. Og det er leit – javisst er det det! – men det er naudsynt.
Friluftsliv er ein operasjon av naturen. Vi ville aldri ha latt ein kirurg utan utdanning operere eit menneske, og vi burde heller ikkje la folk utan kunnskap operere naturen. Det er ikkje eit menneske som er så lidande som han. Vi treng kunnskap om ferdsel og vi treng strenge reglar for turisme. Og no treng eg ein god kopp med bålkaffi.