Aktivitet: badstu
Dersom du saknar å føle på ei gjennomgåande varme i heile kroppen i vinter, kan eg anbefale å sitje i ei dampfylt bu.
Etter ei rar oppleving i ei badstu no nyleg, kor eg og to venninner klara å bli uvenner med dei andre i badstua (badstu-kutyme, kva er det?), har eg aldri følt meg så levande som akkurat då. Kjensla av samhald, kombinert med gloheit varme, bortbrende naseborhår og høg puls ga meirsmak. Eg har vorte, sjølv om eg ikkje likar å innrømme det, frelst av badstu. Vinterbading utan badstu vert aldri det same igjen.
Dra til Heit Laksevåg, kor ein ikkje berre har utsikt over Bergens glitrande gateljos på andre sida av Puddefjorden, men òg den majestetiske Statsråd Lehmkuhl som er forankra rett ved. Med fyr i badstupeisen og stemningsfullt mørke som bakgrunn kjem julestemninga krypande.
Bok: I Pantalones hus av Hilde Rød-Larsen
Denne romanen fanga merksemda mi fordi den 1) hadde ei badstu med nakne kvinner på omslaget, og 2) fordi noko av handlinga går føre seg i jula. Eg er selt! Det blei ikkje verre då eg skjønte at forfattaren var Hilde Rød-Larsen, omsetjaren av mellom anna bøkene til Elisabeth Strout. Ho har lang fartstid i forlagsbransjen, noko som gjenspeglar seg i tematikken i I Pantalones hus. Romanen handlar om Eva (59) og Cornelia (31), som lever to ganske ulike liv. Eva med sin jobb i forlagsbransjen, og ein vaksen son ho føler seg distansert til, blir ein motpol til Cornelia som jobbar i koffertbutikk, og så vidt har råd til julegåver til dottera som ho er så glad i. Likevel er dei to kvinnene bundne til kvarandre på eit vis.
I Pantalones hus skildrar komplekse relasjonar, familieløyndomar, tema som sorg og einsemd, og gjer det samstundes med ein varme ovanfor karakterane.
Plagg: stillongs
Når vi er inne på temaet varme. Har du høyrt om stillongs? Som oppvaksen ein stad kor det fort kan bli -30 på gradestokken, har eg vore van med å gå med ullplagg fleire månadar i løpet av året. Sjølv om det ikkje blir like kaldt i Bergen, klarar eg likevel ikkje heilt å legge frå meg denne vanen. Det kan verkeleg anbefalast å ha eit lag ull under lause bukser når vinden smyg seg oppunder buksebeinet. Brr.
TV: Downton Abbey
I beg your pardon, milady, men kan eg freiste med eit serie-tips?
I haust har eg gjenoppdaga ein av dei beste britiske kostymedramaene som finst. Faktisk. Ikkje avskriv serien før du har sett minst to episodar, ver så snill. Her er fire grunnar til at den er så bra:
- Hierarkisk drama! Handlinga går føre seg på to ulike nivå i eit sosialt hierarki. Familien Crawley, tilhøyrande det britiske aristokratiet, kor konfliktane dreier seg om etikette, status, titlar, moral og pengar. På det andre nivået har vi tenarane deira, som til trass for at dei lever for å tene familien, også har sine eigne liv å stri med. Kven skulle trudd? Samstundes er det eit tredje nivå, nemleg samspelet mellom aristokratiet og tenarane. Sjølv om skilnadane mellom klassene er tydelege, kjem det ofte i skuggen av nokre av vennskapane dei imellom, slik som det nære forholdet mellom jarledottera Mary og kammertenaren hennar, Anna.
- Den største stjerna i serien er, ikkje overraskande, den nyleg avdøde dame Maggie Smith. Dama serverer vittige replikkar og sarkastiske kommentarar som gjer den til tider tørre praten om arverett verd å få med seg.
- Eit blikk over middagsbordet seier meir enn tusen ord.
- Kostymene. Treng eg å seie meir?