Denne hausten har eg for første gong vore på langtur med elbil. Rekkeviddeangsten var til stades og vi fekk kjenne på kva dette nyordet eigentleg betyr. Ein tur på normalt sett 9 timar blei til nesten 12 timar i bilen. Alle bekymringane folk har rundt elbil kom også til oss, men eg er ikkje så sikker på om det eigentleg var bekymringar.
Vegen er ikkje målet, men i seg sjølv kanskje enda betre?
(Sp)elbil
Det var som eit spel. Kor langt når vi på 37 prosent? Blei det kaldare no? Då går batteriet fortare tomt. Kor er den nærmaste ladestasjonen?
Vi gjorde ei oppdaging: Dette «spelet» var kjekt. Det var spennande å teste bilens grenser og lære seg å bli kjend med el-doningen. Og stoppene på vegen blei ikkje eit hovudbry, men ei lita oppleving i seg sjølv. Å lade bilen til 100 prosent tok ikkje meir enn ein time, men vi blei gjerne på ladeplassane i opp til to timar. Det var ikkje noko problem, for vi hadde satt av heile dagen til denne turen.
Vi skulle gjere ingenting (og køyre bil). Når du køyrer bil, må du ha fokus på vegen. Det er ikkje rom for livets bekymringar. Følelsen av stress, tidspress eller forventingar eksisterte berre ikkje. Vi var på vegen.
Kvar stad vi måtte stoppe på hadde små lokale butikkar, kafear eller sære kunstutstillingar (merk deg staden Byrkjelo). Kvar gong vi måtte lade, måtte vi også ut av bilen, skru av podkasten og starte prateapparatet: For kvart stopp oppstod ein ny samtale.
Bergensbanen, baby!
I solbyen Førde hadde vi ein slik samtale. Den handla nettopp om kvifor vi fann slik ei ro på denne turen. Det var litt som å vere på togtur, skjønte vi. Bergensbanen, heile vegen til Oslo, er eit mekka for avslapping (spesielt morgontoget).
Det openberra seg for oss at ein av grunnane til at Bergensbanen er så bra, er fordi alle som nyttar seg av han har same innstilling. Alle som sit på toget er innforstått med at her skal dei sitte dei neste seks timane, og at når dei timane har gått så ventar ein ny by. Men det skil seg frå bilturen: På toget kan ein jobbe på pc-en eller på strikkepinnane eller på boka, og det kjennest ut som at døgnet har fått seks ekstra timar. Det er også moglegheit for ein solid powernap. Vel bekomme.
All denne produktiviteten (evt. lågproduktiviteten) skjer i ein slags meditativ tilstand med ei stadig forsvinnande – og stadig fornyande – utsikt. Som med bilvegen er ikkje togskinnene eit mål i seg sjølv, men kanskje nesten betre.
Det er ikkje noko du skal rekke og uavhengig av om du kan strikke eller lese eller jobbe, er det dette tidsfråværet som framkallar den meditative sfæra. Du treng ikkje å sjekke klokka.
Og bølgene skvulpar i sida
Gleda er å treffe perfekt på ferja – utan å sjekke tidene først.
Over heile landet blir det stadig føreslått nye vegprosjekt som skal erstatte ferjestrekningar. Argumentet er ofte det same: Med tunnel eller bru, vil reisetida bli kortare og reisa meir fleksibel (kva er det neste? Propellar på alle bilmotorane, så dei kan fly seg sjølv over fjorden?). Til gjengjeld vil staten betale milliardsummar, bygge ned mangfaldige kvadratkilometer med – til tider sårbar og raudlista – natur, og fjerne samlingspunkt på dei mangfaldige fjordane våre.
Det er ein merkeleg politikk. Ferjene er eit tydeleg symbol på den norske naturens kompromissløyse, og er nærmast ein kulturarv i seg sjølv. Kor lenge har vi vel ikkje hatt skyssbåtførarar i dette landet? Kvifor skal vi plutseleg framandgjere gode, tradisjonsrike samferdselsløysingar?
Tunnelar som skyt gjennom berga. Lager hol i landet. Dei er heiskapslar, for dei med dårleg tid. Menneskene. Brua som skal samle og bygge opp, men mislukkast i oppgåva si. Brua bøyer seg over fjorden som regnboga. Men ho er ikkje full i fargar.
Ein skal ikkje gløyme at altfor mange vestlandsvegar står i altfor dårleg fatning, og er til tider direkte farlege å ferdast på. Dette er det andre argumentet for utbygging av bruer og tunnelar. Det er ikkje tvil om at dette er eit stort problem. Dei vitnar om ein annan tid og mykje bruk. Det betyr likevel ikkje at dei aldri kan bli gode igjen. Vestlandsvegane må byggast om og restaurerast, men ikkje erstattast.
Det enkle er ofte det beste.
Ferjene er ein naturleg pause på vegen og ein nærleik til sjøen. Yrkessjåførar vil heller ikkje erstatte ferja, dei vil ha den fortente matbiten og beinstrekken sin. Verdien av ei svele på ferja kan ikkje målast i pengar.
I dag er ventetida på ferjekaia, og ferjeturen i seg sjølv, naudsynt. Då eg var lita blei eg fortalt at det var sunt å kjede seg. Men eg opplever nesten aldri at eg sjølv eller nokon av dei rundt meg kjedar seg lenger. Dei er berre slitne. Ein påtvinga stopp i kvardagen vil sette oss i denne etterlengta tilstanden.
Politikarane har misforstått: vi treng at ting tar lengre tid, ikkje kortare.
Klimaval – eit egoistisk val
Det er dette som gir godkjensle. Ikkje berre det gode samvitet når vi har gjort eit «val for miljøet», men historiene og tida som kjem med vala. Vi har rota oss inn i ei tid kor vi må tvingast til å stoppe opp. Ei tid der, ja sjølve tida blir misbrukt.
Å vere i (el)bilen eller på toget er ikkje det same som å vere på tur. Nokre gonger er det det einaste alternativet for å kome seg på jobb eller trening eller til familien. Det er kanskje her vi treng det aller mest. Altså ikkje dei reisene du sett av heile dagar til å gjennomføre, men dei små, kvardagslege pusteromma.
Når stortingsval står på nesteårs kalender og Trumpen blir president i USA, blir det klinkande klart at det er dei personlege sakene som opptar folk flest. Folk vil berre leve gode liv i fred og utan bekymringar. Så her har du noko å tenke på neste gong du står ovanfor eit klimaetisk val: Klimaløysingar er livsløysingar. Du gjer det for deg sjølv, og sparar kloden på kjøpet.
Herr og fru Raudt, Kvitt og Blått må også tenke over dette: Gi oss ein moglegheit til å gjere dei rette vala. Bergensbanen har no fått i gull og grøne skogar, men faen så dyrt det skal vere då.