Klagesong til studentbyen
Denne våren fyller Det Akademiske Kvarter 30 år. Ein evigung millennial. Ein trendy vaksen. Eit studenthus i sin beste alder.
18. februar 2025

I Knausgårds Min Kamp blir studietida framstilt som livets høgdepunkt og Bergen som verdas hovudstad. Sjølv dei delane som var megakjipe, verkar tiltrekkande og etterlengta for unge studentlesarar. Konkrete utestader og konsertarenaer er gjengangarar og senter for dei store, minnerike opplevingane. Handlinga er frå åra før og rundt etableringa av Det Akademiske Kvarter, som no skal vere heile Bergens studenthus, så:

Kva er det som skjer? Eg er nesten aldri på Kvarteret, og høyrer sjeldan nokre skjellsettande historier frå venner som har vore der heller. Kor skal senteret for mine legendariske studentlivshistorier vere, når det er min tur til å skrive seks bind om livshistoria mi?  

 

Opplagt (u)brukeleg

Det Akademiske Kvarter (DAK) blei etablert med mål om eit naturleg samlingspunkt for studentar og studentorganisasjonar i Bergen. Det var Kronprinsen som opna huset, men han er ikkje observert her sidan. Sjølve namnet på studenthuset kom frå ein namnekonkurranse som blei utlyst allereie vinteren 1993. Over 500 forslag blei sendt inn, og namnet «Det akademiske kvarter» blei plassert i bunken med opplagt ubrukelege namn. Kvarteret det refererast til er det første av kvar forelesing – ja, når forelesinga ikkje ordentleg har starta enda – som i praksis skulle gi eit ekstra kvarter til å treffe venner på Kvarteret (med stor K). 

Lite visste ein då om at eit av dei opplagt ubrukelege forslaga skulle bli det seirande namnet i uoverskodeleg framtid (eller iallfall i minst 30 år). Det er likevel enno uvisst kor mange som faktisk brukar dette kvarteret til formålet som namnet tilseier.

Før DAK kom, var det ikkje noko offisielt studenthus i Bergen, men Hulen var ein studentdrive arena, etablert i 1969, som for nokre funka litt som eit studenthus. Det gamle tilfluktsrommet fekk dei leige for 1 (ei) krone i året av Sivilforsvaret. Hulen gjekk gjennom fleire ulike fasar; han har blant anna vore jazzfrikar og gått gjennom ein studentkrofase med matservering. I dag er det i hovudsak rock- og metallkonsertar som blir arrangert i det tidlegare forsvarslokalet.

 

«Det er noko for alle – men ikkje dritkult for nokon.»

 

Ein stad for alle

Med etableringa av Kvarteret blei studentorganisasjonane Realistforeningen og Aktive Studenters Forening (som er eldre enn både Kvarteret og Hulen) flytta frå Hulen til Kvarteret med hensikt om å skape eit studenthus for alle

Mens Hulen er, og har vore, eit reint konsertlokale, er DAK ein stad for fleire typar arrangement: Her inviterar dei til både debattar, teater, øvingar og møter i tillegg til konsertar. Kan dette arrangementsmangfaldet vere ein av grunnane til at Kvarteret ikkje har den same posisjonen som Hulen hadde for foreldregenerasjonen? 

Eller kan det ha noko med målgruppa å gjere? Leiar for Kvarteret skriv til Stoff i ein e-post at «alle typer studenter» drog til det nye studenthuset då det opna. Det kan verke som at det framleis er dette publikummet dei prøver å nå ut til: Alle typar studentar. Ifølge fleire – meir eller mindre pålitelege – kjelder var det derimot eit nokså «venstrelent» klientell på Hulen. Fleire raddisar og raringar.  

Er det utestadene eller studentane som er blitt problemet? I Hulen dokumentar fra 1998 kan ein trønder fortelje at ho brukte iallfall 150 000 kroner av studielånet sitt på Hulen. Kva for ein arena i Bergen har ein sånn posisjon i dag, at studentar brukar heile budsjettet sitt på deira arrangement? Eller handlar det om studentane – at vi er blitt nokre sjølvgode idiotar som trur vi er kule, når realiteten er at vi ikkje avgir ei krone meir enn nødvendig til kultur og fest? Desse raddisane som før gjekk på Hulen – kor er dei i dag?

Kvarteret ligg i den gata i Bergen med kanskje høgast konsentrasjon av barar og utestadar. Alle stadane har kvart sitt personlege preg, og kvar sine stamgjestar. I denne gata kan det verke som at alle har «sin» bar. Kanskje er det ein av grunnane til at Kvarteret blir litt gløymt. Kanskje er vi studentar rett og slett ikkje opptatt av å møte andre enn eigne likesinna. Kanskje er det også difor eg sjeldan er på Hulen, når det no er blitt til ei rock/metall-scene: Eg kan jo ikkje fordra metallmusikk! 

Viss vi ser til andre studiebyar, ser vi heilt andre tendensar til studenthusa. På Samfundet i Trondheim er det lange ventelister på å bli frivillig. På Kvarteret i Bergen er tilfellet heller motsett. Det er mogleg å tenke seg at Bergen rett og slett har for mange utestader og scener. Ei anna forklaring kan vere: Kvarteret er ikkje kult nok. På programmet for jubileet finn ein alt frå silent disco til konsert med Datarock. Det er noko for alle – men ikkje dritkult for nokon.

 

Klagenemnda

Så kva er det eigentleg eg saknar? Eit studenthus for alle? Det verkar ikkje sånn. Sjølv om det er kjekt å møte gode (og fulle) venner på Legal, er jo ikkje dette akkurat eit konsertlokale. Og sjølv om eg ikkje har noko å utsetje på kulturtilbodet i Bergen, så kjenner eg ingen arena kor eg har fornøgd-garanti på konsertar. Det er kanskje for mykje å be om, men eg trur det er det eg saknar: Ein stad som er tilpassa meg. Altså ikkje berre meg, men ei lita scene kor folk som meg kjenner tilknyting til. Kor det nesten alltid er musikk som passar meg, sjølv om eg ikkje har høyrt namnet på bandet før. Eg vil ikkje ha ein stad som arrangerer noko for alle, men som er tilpassa ulike grupper og smakar.

Gratulerer med dagen Det Akademiske Kvarter! Det er trass alt ikkje uvanleg med millennials som bommar på tidsånden. No er du 30 år og får fram den mest klagande sida av meg.