Myanmar fire år etter kuppet
1. februar 2025 markerer fire år sidan militærkuppet i Myanmar. Korleis pregar dette befolkninga, og ikkje minst studentane der, i dag?
25. februar 2025

 

« – Ja, dersom du er i Myanmar, er du ikkje trygg»

Sidan militærkuppet i 2021 har befolkninga i Myanmar måtte lide under eit diktatur kor dei blir utsett for vald, sensur og har mangel på ytrings- og internettfridom. Landet er i tillegg prega av stor politisk uro, med borgarkrig mellom ulike etniske grupperingar. Særleg folkemordet på den muslimske minoriteten rohingya har ført til sterke reaksjonar både nasjonalt og internasjonalt.

Militærjuntaen har lenge hatt makta i Myanmar. Ved valet i 2015 vann det demokratiske partiet Nasjonalligaen for demokrati (NLD), med Aung San Suu Kyi i spissen. Til trass for at partiet i sin valperiode prøvde å innføre ei rekke politiske og demokratiske reformer, gjorde grunnlova det enkelt for militæret å stemme imot desse. Då NLD på ny vann valet i 2020, godtok ikkje militærjuntaen resultatet, og kuppa regjeringa.

Studentar og unge menneske har vore særleg utsette under regimet. Mange har mista moglegheita til utdanning, og risikerer i tillegg straff dersom dei ytrar seg fritt på nett. 


FAKTA

  • Tidlegare britisk koloni
  • Militærdiktatur frå 1962-2011
  • Aktivisten og nobelprisvinnaren Aung San Suu Kyi var regjeringssjef frå 2016, fram til militærkuppet i 2021
  • Militærjuntaen utøver systematisk sensur og overvaking av ytringar på internett
  • Retten til utdanning i Myanmar er svært avgrensa, og studentar har lenge stått fremst i kampen for demokrati
  • Rohingya-folket er ein etnisk minoritet som hovudsakleg står av muslimar, og har gjennom fleire år blitt utsette for vald, forfølging og etnisk reinsing
  • Grunnlova anerkjenner 135 ulike minoritetar, men ikkje Rrohingyaane

Utrygg i heimlandet

I eit videointervju med Stoff, fortel ein informant frå Myanmar om korleis situasjonen er i landet. Han bur i Thailand, men med omsyn til sikkerheita til familie og vennar som framleis bur i Myanmar, vil identiteten hans bli halde skjult. Vi kallar han Tom.

Tom fortel at han budde i Myanmar fram til 2024, då det i februar blei innført ei lov om obligatorisk verneplikt for menn mellom 18 og 35, og kvinner mellom 18 og 27. Då valde han å flytte til Thailand, og arbeider no ved grensa.  

– Korleis var det å leve i Myanmar før du flytta utanlands? 

– Heilt ærleg, ikkje for ille, men ikkje særleg bra heller. Levestandarden endra seg drastisk, då prisen på varer gjekk opp 200-300%. Dei små Nescafé-flaskene med kaffi brukte å koste 6-7000 burmesiske kyat, og for berre nokre månadar sidan gjekk prisen opp til rundt 20-22 000 kyat.  

Sidan kuppet har militæret vore meir tilstades i gatene. Tom fortel at soldatane går rundt med ladde våpen, og er ikkje framande for å rette dei mot folk. I tillegg kan ein når som helst bli stoppa av militæret dersom ein er ute og køyrer.  

– Hvis dei ser deg køyre rundt på kvelden, og dei ikkje likar det, kan dei berre stoppe deg. Dei kan stille ulike spørsmål, og for å kome deg ut av situasjonen, er du nøydd til å betale dei.

– Følte du deg utrygg då du budde i Myanmar? 

– Heilt klart. 100 prosent.

Lite fokus?

Myanmar har i fleire tiår kjempa for demokrati. Studentar har vore framståande i kampen, og har gjennom protestar og opprør stått i forgrunnen for nedkjempinga av det autoritære militærregimet. Det mest kjende studentopprøret skjedde i 1988. Bakgrunnen for opprøret var ei drastisk endring av den burmesiske valutaen, som førte til at studentar sine oppsparte pengar til skuleavgift blei borte. I opprøret blei rundt 3000 menneske drepne. 

Ved å fremje studentar sin rett til utdanning, bidreg ein til at diktatur møter motstand. Studentenes og Akademikernes Internasjonale Hjelpefond (SAIH) er ein organisasjon som arbeider for nettopp dette.  

Vi snakka med presidenten, Camille Afonso, og PR-ansvarleg, Alina Lutz, frå lokallaget i Bergen. Dei innrømmer at lokallaget har hatt lite fokus på situasjonen i Myanmar, noko det er fleire grunnar til.   

– Ein av grunnane til at vi ikkje er så høglydte om Myanmar, handlar om å beskytte partnarane vi arbeider med. Dei måtte flykte til Thailand fordi det var for farleg å jobbe frå heimlandet sitt, seier Lutz.

At det generelt er lite fokus på denne konflikten, tenker dei kan ha å gjere med at den er langt unna, og hovudsakleg skjer innad i landet. I tillegg synest dei det kan vere vanskeleg å balansere mellom å tale for ei sak, og samstundes beskytte dei som dei samarbeider med. Afonso legg til at det er høgare terskel for å planlegge eit arrangement om Myanmar, då dei ikkje nødvendigvis veit om folk som har kunnskap om temaet, og at det heller ikkje blir halde liknande arrangement av andre organisasjonar rundt om i Bergen.  

« – Innføringa av obligatorisk verneplikt er eit stort steg tilbake, då unge menneske anten må bli med i militæret og kjempe for regimet, eller er nøydde til å flykte frå landet.»

 

 

 

Frigjering gjennom utdanning

Men korleis er det eigentleg å vere student i Myanmar? 

Representantane frå SAIH forklarar at det var rundt 90 prosent færre studentar som blei teke opp på universiteta etter 2021. Å vere student i Myanmar, er difor ikkje ein realitet for særleg mange lenger, hevdar dei. Vidare forklarar dei at det finst statleg drivne universitet, men òg nokre private. SAIH støtter ulike ikkje-statlege institusjonar for høgare utdanning, og eit online-universitet. 

Sjølv om det finst private universitet utan forbindelse til staten og regimet, som ifølge Tom ofte er knytte til land som USA, Australia og England, tyder det ikkje at ein er beskytta frå å til dømes bli teke opp i militæret. 

– Så du er utrygg som student uansett?

– Ja, dersom du er i Myanmar, er du ikkje trygg, konstaterer Tom. 

Gjennom lova om obligatorisk verneplikt blir unge menneske teke frå retten til utdanning og moglegheita til å påverke demokratiseringsprosessen i Myanmar. Afonso og Lutz påpeikar at det er nettopp difor SAIH støttar alternative utdanningsinstitusjonar, slik at unge i landet har moglegheit til å skaffe seg utdanning.

– SAIH representerer ideen om at frigjering kjem gjennom utdanning. Studentar står alltid i frontlinja når det kjem til demokratisk og sosial endring, seier Lutz.

Ho legg til at regjeringa difor har stor interesse av å slå ned på den frie flyten av tankar som skjer på universiteta. Vidare reflekterer dei kring korleis det er å vere student i Myanmar, noko som fort går over til ei samanlikning av vår eigen studiekvardag. 

– Kan ein eigentleg vere student der i dag, med det det inneber for oss, spør Afonso. 

Dei trur ikkje det lenger er stort handlingsrom att som student i Myanmar, særleg ikkje med den forverra situasjonen når det kjem til retten til å ytre seg. 

Studenter demonstrerer i Myanmar. Foto: Htin Lin Aye

Internettfridom

Ytrings- og informasjonsfridom er ein viktig føresetnad for eit demokrati. På den motsette sida av skalaen er sensur ein viktig føresetnad i eit diktatur. Sidan lausrivinga frå Storbritannia i 1948, har Myanmar stort sett vore styrt av eit totalitært regime. Det betyr òg at befolkninga lenge har levd under sterk sensur. Myanmar har, saman med Kina, blitt kåra til verdas verste land når det kjem til internettfridom.

Retten til å uttrykke seg fritt på internett har blitt kraftig avgrensa sidan kuppet i 2021. I eit forsøk på å kneble ytringsfridomen til befolkninga i Myanmar, har regjeringa kutta internettet i fleire byar. 

– Dei fleste har ikkje meir enn fire timar med elektrisitet kvar dag, nokre byar har det ikkje i det heile, fortel Tom.

Appar som Facebook, Instagram og TikTok er ulovlege. Bruk av private nettverk, VPN-ar, som tillet slike appar, er heller ikkje lov, og kan føre til fengsling.

Ifølge The Myanmar Internet Project blei 374 menneske pågripne av politiet i 2024 for å ha publisert kritisk innhald retta mot regimet på plattformer som Facebook og Tiktok. Dette stemmer godt med det Tom fortel oss at ein kan oppleve ved militære kontrollpostar rundt om i landet. Dersom du har desse appane eller VPN, kan du bli arrestert på staden. Vanlegvis krevjer dei pengar, eller dei kan banke deg opp, seier han. 

– Kva slags konsekvensar kan det ha at folk ikkje har tilgang til internett og sosiale medium?

– Eg veit ikkje om du har høyrd om folkemordet på Rohingya-folket i delstaten Rakhine? Folka som budde i Rakhine hadde ikkje internett på nokre år. Resten av Myanmar visste difor ikkje kor ille ting som skjedde der eigentleg var.

Han påpeikar at til og med han, til trass for at han vaks opp relativt godt orientert gjennom eit miljø med mange muslimar og med fleire muslimske venner, ikkje var klar over visse detaljar ved folkemordet. 

 

Kjempar vidare

Med sine djupe røter i eit totalitært regime blir ikkje eit land som Myanmar eit demokrati på ein dag. Protestrørsler i landet har lenge kjempa for demokrati, og sjølv om dei i korte periodar har hatt noko som liknar, har det ikkje gått lang tid før militærjuntaen har teke kontrollen att. Stoff spør både Tom og SAIH om vi kan sjå ein slutt på diktaturet i Myanmar snart. Ingen av dei er særleg optimistiske. 

– Innføringa av obligatorisk verneplikt er eit stort steg tilbake, då unge menneske anten må bli med i militæret og kjempe for regimet, eller er nøydde til å flykte frå landet, seier Lutz og Afonso.

Vidare peikar dei på at studentar er ein viktig del av demokratiseringsprosessen. Begge er einige i at ein burde snakke om situasjonen, og at det er viktig med større internasjonal merksemd. 

Tom ser ikkje ein slutt på militærregime i nær framtid, men at det vil skje ein gong, tvilar han ikkje på.  

– Det folk burde vite, er at sjølv om regjeringa prøver å skjule og kontrollere det som skjer, finst det mange menneske som kjempar imot på ulike måtar. Nokre har teke til våpena, men nokre kjempar gjennom kunst og musikk. Folk kjempar vidare uansett, som er eit godt teikn.