Siden sist
Alle desse nyheitar som kom og gjekk – ikkje visste eg at dei var sjølve nyheitsbiletet.
25. mars 2025

Kvinner som kranglar på kvinnedagen

Heia! Det har vore kvinnedag sidan sist! Morgonen før morgonen møttest eit hundretals kvinner til kvinnedagsfrukost, arrangert av sybedrifta Fæbrik. Dei fire damene bak firmaet hadde invitert profilerte, inspirerande kvinner til frukosten. Hyggeleg, men det kan verke som at alle norske kvinner i denne kategorien er kvite, høgst privilegerte og … raristar? I tillegg til dette har Fæbrik fått spesielt mykje kritikk for å ha invitert Cecilie Hellestveit. Ho er folkerettsforskaren som visstnok anerkjenner Israel som krigførar. Tja, ho nektar iallfall å bruke omgrepet folkemord om folkemordet. Samtidig sit ho i etikkrådet til Oljefondet saman med fire andre. Denne instansen skal sikre at oljefondet ikkje investerer i grove krigslovbrot. Ein kan jo godt forstå at Israel ikkje er «grove» nok for dei som meiner det finst «etiske våpen». Sjølvsagt blir det ekstra provoserande når Fæbrik har ytra seg som eit Palestina-sympatiserande firma. Retteleg har Fæbrik-damene møtt kritikken med hakeslepp: «Kan vi ikkje berre vere alle saman saman og ha det kjekt med nokre boblar og pene skjorter, då?». Arghh, desse sydamene burde heller fått oppdraget med skidressane til hopplandslaget, ein potensiell vinn-vinn-situasjon!

 

Rekviem for Selina

NRK har sleppt ein ny serie som er sterkt inspirert av Sophie Steen Isachsen, betre kjent som Sophie Elise, og vegen til å bli supermegakjendis. Sophie Elise har sjølv vore manuskonsulent til serien og den har blitt ekstremt godt tatt i mot med femmarar i til dømes BT og VG. I løpet av serien har hovudrolla ein affære med ein fiktiv, norsk stjerneforfattar. Det har vore mykje spekulert i kva for ein forfattar Isachsen sjølv kan ha hatt eit slikt forhold til. Då er det fint at Stoff kan få ein ende på grublinga – vi har nemleg funne svaret. Her er gåten, svaret kjem påfølgande: Kva for ein forfattar er det som blir diskutert i serien rett før den såkalla Nikolaj kjem inn i scena? Kven er det skuespiller Pål Sverre Hagens karakter er prikk lik på – både i utsjånad og i skrivestil? Kven var det som skilte seg like før den første Sophie Elise-boka kom ut? Har du funne svaret? Nei? Svaret er: Karl Ove Knausgård. Det er Knausgård.

 

Regjeringa har heva vassdragsvernet

Dei norske vassdraga har i lang tid hatt vernestatus. Tidlegare i år fekk politikarane det plutseleg for seg at dei skal heve vernet. Ellevte februar skulle Stortinget stemme over vedtaket, men utsette voteringa til to dagar etter. Då landa dei på at joda – no skal alle vassdrag vere opne for utbygging. Det vil seie at vi går frå vern på dei fleste vassdrag i Noreg til fullstendig baluba-stemning. Det er trist (tragisk) for fisken, elveaktiviteten og naturmangfaldet. Ein skulle tru at ein vernar noko for å la det vere i fred, men dette er visst berre eit midlertidig uttrykk for å si «Jada, vi bryr oss» med ljugekross på ryggen. 

 

Café Opera går ut i streik

Fredag 21. mars melde Café Opera at 25 tilsette gjekk ut i streik. Dette gjer dei på grunnlag av manglande tariffavtale. Det skal ha vore forhandlingar om tariffavtale i over to månader. Streikarane vil vere tilgjengelege for ein signeringsklar arbeidsgivar døgnet rundt, men det er mogleg dei ventar forgjeves. Dagleg leiar på Opera, Erkan Mutlu, har nemleg uttalt at om dei inngår tariffavtale på arbeidsstaden, vil dei gå konkurs. Han påpeikar til BT at dagen dei gjer dette kan dei «begrave det konseptet» som Café Opera er, som ifølge han er «mangfold og inkludering». Kafeens slagord blir med dette noko misvisande: «Vi møtes … på Opera!», eh, ikkje no lengre då? Viss ikkje Mutlu skundar seg med tariffavtala si, så har Knausgård meldt at han vil kome og lese alle delane frå alle binda av Min Kamp som handlar om Café Opera (ånei, det er jo sånn alt, har eg høyrt.) 

Sånn, det var alt. Ingenting meir å tenke på frå den siste månaden.