– Det å lage, spele og dele ny musikk er alltid like spennande, seier Silja Sol.
Det er altså ikkje alt som har endra seg sidan sist Sol prata med Stoff. Fleire ting er likevel nytt. Det første som kjem fram er at ho har flytta til det tidlegare Christiania.
– Ja, kvifor i all verda gjorde eg det? ler bergensaren.
Det viser seg at grunngjevinga er god: ein kombinasjon av kor ho stod i livet og at ho hadde fått seg kjærast i hovudstaden. Livet og kjærleiken – kva anna har ein eigentleg å rette seg etter?
Ur-Silja
Silja Sol er ein kritikarrost artist frå Bergen. Ho har vunne både Urørt og Spellemannspris. I sju år turnerte ho som korist med artisten Aurora over heile verda. I ein periode var ho å sjå på «alle» festivalar rundt om i landet. Dei siste åra har det vore rolegare.
Likevel er situasjonen i Sols karriere slåande lik i dag som då ho sist blei intervjua av Stoff. Då hadde ho eit album (Væremeh) som kom ut året etter, no har ho eit album som kjem til hausten. I 2015 ville Silja Sol formidle «humør» og «det rare i hverdagen» gjennom musikken sin. Korleis passar dette til den musikken ho lagar i dag?
– Eg er einig, framleis einig i det. Verda er snodig. Eg prøver å få fram kjensler og stemningar som liksom manglar eit ordforråd, og som treng musikken til å formidlast, seier ho.
Stadig lattermild fortel ho at det er mykje rart ho skriv om. At musikken skal vere ein stemning i seg sjølv, ein måte å relatere til noko. Dei siste ti åra har ho vore gjennom ei reise som har gått via indie, synth-pop og meir alternativ musikk.
– Den nye plata hentar inspirasjon frå dei første. Du kan seie det er litt «ur-Silja», med ein organisk «sound», følelser og stemningar.
Tittelen på albumet vil ho ikkje dele heilt enda. Men ho fortel at stemninga i låtene hentar inspirasjon frå levd liv, minner, litt uro, ting man ikkje får svar på og det å akseptere. Det å stille spørsmål til ting, er ofte eit godt utgangspunkt for musikken til Sol.
Både Sol og regn
Levd liv er noko ho har fått erfare sidan sist. I 2020 opplevde ho bortgangen til mor si, som i ein alder av 54 år døde av kreft. Dette resulterte i ein stor sorg og depresjon for artisten.
– Det var eit sjokk. Det er veldig traumatiserande å sjå nokon som ein er veldig glad i gå frå å vere så sterk og klok til å bli så sjuk og svak. Det skjer noko når ein mistar nokon då, kan ein ikkje skyve vekk, og det unner eg ingen, fortel Sol.
På dei siste platene hennar kan ein finne igjen litt av denne sorga. Songen «Sangfugl» skreiv ho til mor si på plata som kom ut i 2022. Med element frå sorga på dei siste utgjevnadene, vil det kommande albumet fokusere meir på kva som kjem etterpå. Eit slags «vegen vidare».
– Men det vil også vere mykje gøy. Mykje forskjellig, legg Sol raskt til.
I tillegg til sorg har ho, som tidlegare nemnt, opplevd kjærleiken. Kjærasten, Erlend Mokkelbust, er også produsenten til Silja Sol. Dei blei kjent på den førre plata, Bak skyene.
– Vi har laga ei plate utan å vere kjærastar, og no lagar vi ei når vi er kjæraster, seier ho, og eit varmt smil kan høyrast frå andre sida av fjella.
Idear til tekstane kan kome frå folk rundt ho. Ting folk gjer og seier. At verda føles litt utrygg for tida, kan ein kanskje også merke på plata, fortel Silja Sol. For å oppsummere:
– Det vil vere noko litt uroleg, noko med litt «edge», og noko som er «softare», meir aksepterande.

Samlande musikk/tekstar
«Visepop-Pønk» er tittelen på den ti år gamle Stoff-artikkelen om Silja Sol. Tittelen får artisten til å fnise. Pønk-delen blei påstått å kome inn gjennom tekstane, noko ho i dag kan seie seg delvis einig i.
– Ja, det er litt pønk innimellom, men det er ganske snille tekster også. Eg prøver å skrive sånn at det passar for alle aldrar, fortel ho.
Det kjem fram at eit viktig aspekt i Sols tekstar er at dei ikkje er skrivne til ein bestemt målgruppe. Ho vil at både born, vaksne og eldre skal kunne lytte til musikken hennar, med rom for ulikt «utbyte».
Ho synest at det samlande ved musikken er fint og at songtekstar med mykje banning, sex-tematikk og liknande derfor kan vere unødvendig. Sol trekk fram Tove Jansson som ei kjelde til inspirasjon, og måten ho evna å skape univers.
I dag har Silja Sol funne ein identitet i tekstuniverset. Den neste utgjevnaden skil seg likevel frå dei førre, spesielt på eit plan:
– Eg vil seie at låtene er litt større. Eg har henta inn litt fleire element. I starten lagde eg mykje sånne eitt-minutts songar, ler ho.
Merksemd bland massane
«Å få oppmerksomhet når du prøver å skille deg ut er ikke alltid lett», står det i Stoffs artikkel frå 2015.
– Eg har tenkt at det er veldig mange måtar å gjere musikk på, og for meg har det vore viktig å ikkje etterlikne eller vere lik andre, seier Sol til dette.
Ho fortel vidare at det er vanskeleg å skilje seg ut når det heile tida er så mykje nytt, og alt skjer på ein gong. Og at folk ikkje alltid får med seg at nokon har slept ei ny plate, kanskje ikkje før ei tid etterpå.
For ho handlar det om å finne ein ny vinkling til tinga:
– Det føles meiningslaust å gjere noko som andre allereie har gjort.
Her har det altså vore likt dei siste ti åra. Det er vanskeleg å skilje seg ut, og å møte eit publikum som passar ein. Då Sol var yngre hadde ho stort utbyte av musikkmiljøet i Bergen. Her var det alltid ei scene kor ho kunne spele nokre songer. Ho trekk fram Victoria Café og Pub som ein plass kor ho spelte mykje, og fekk moglegheit til å spele sine eigne låter.
På den måten fekk ho tidleg markert sitt artistprosjekt.
– Eg har fått mykje bra kritikk heile vegen, både i kunst og skrivestil. Det har vore utruleg fint, understrekar ho.
No er Silja Sol altså i sluttspurten på ei ny plate. Førre gong ho prata med Stoff hadde ho ei travel festival-sommar framfor seg. I år er det rolegare på den fronten. Fokuset vil vere å sleppe ny musikk, og så kjem konsertane til neste år.
– Vi driv heilt indie no, så neste runde med konsertar blir til neste år. Vi må koble på eit lite team, sende ut ein mix – så ser vi om nokon vil vere med på leiken, avsluttar ho.