Kunsten å deite som gift
Ofte deler vi huda vår med ein annan ein om gongen. Stoff har snakka med ei som deler med fleire.
17. desember 2025

– Vi trudde begge at den andre var utru, men det hadde vi ikkje vore. Vi ville ikkje vere utru, vi ville vere ærlege, fortel Sara.

Ho er 29 år gammal og studerar i Bergen. 

 

For om lag to år sidan tok ho og mannen hennar eit noko uvanleg val. Dei bestemte seg for å opne forholdet deira.

 

I dag har Sara blant anna ein «kjærast», ei jente som ho eigentleg ikkje vil kalle for ein kjærast. Dei møtast berre no og då. 

– Eg lærte termen polyamori for eit år sidan, ler Sara, det er heilt nytt for meg.

 

Sara ler mykje. Ho er blid og open, men det opne forholdet held ho skjult for dei fleste. Det er ingen tal på kor mange som er polyamorøse i Norge, men Sara kjenner iallfall ingen andre.

 

I denne teksten har vi anonymisert paret. Vi har gitt dei namna Sara og Anders. Dette har vi gjort fordi dei vil holde denne sida av forholdet deira privat.

 

Utru og ærleg

Sara møtte Anders for elleve år sidan. På Tinder, faktisk. Han var den andre matchen hennar, og sidan då har det vore dei to.

 

«– Eg opner ikkje den delen av kjenslene mine for dei jentene. Eg vil aldri elske dei, for eg elsker jo Anders.»

 

– Eg var atten, og han er eitt år eldre enn meg. Han er den beste personen eg veit om, seier ho varmt.

Men kvifor skal ein vere med andre, når ein er gift med den ein likar best?

 

Like før dei skulle gifte seg, byrja Sara å uroe seg for om Anders var utru. Han sa at det ikkje var tilfellet, men fortalde at han også mistenkte ho for å ha ein annan. 

– Så begge trudde at den andre var utru, men det var vi ikkje. Då starta vi samtala om at vi ikkje var utru fordi vi vil ikkje lyge, vi vil vere ærlege.

 

Ut av ærlegdomen blei det tydeleg at dei trass alt hadde tenkt på å ha sex med andre, og at dei ville prøve med andre folk.

– Vi hadde vore i lag i ti år, berre oss. Så vi snakka om å kanskje ha ein trekant eller finne eit anna par. Det var sånn det starta.

 

Ho har berre fortalt om det opne forholdet til dei nærmaste vennane. Foreldra veit ingenting, fordi Sara går utifrå at dei ikkje ville ha akseptert det. Søskena hennar veit heller ingenting, men det er mest fordi det ikkje har vore anledning til å fortelje det.

– Viss det kjem ein passande stund for å fortelje det til søstera mi, så ville eg ha gjort det. Ho ville ha akseptert det og er meir open. Viss eg hadde sagt at eg har ein kjærast, så ville ho ha sagt: «Du er dum! Men eg elskar deg likevel. Eg har alltid visst at det var noko gale med deg», ler Sara.

 

Swinger friends

Paret gjekk inn i noko nytt, alt var uvisst. Korleis finn ein nokon å deite når ein allereie er gift? 

Dei søkte etter informasjon, leste seg opp og leitte etter tips. Til slutt fann dei ein app som dei kunne bruke til å finne andre par. Etter å ha sett seg litt om fann dei først eit par på deira eigen alder, og så eit som var litt eldre.

 

Det eldre paret er begge legar. Dei er rundt førti år og forbi etableringsfasen. I tillegg har dei tre ungar.

– Dei er veldig kule folk, seier Sara om dei.

 

«– Viss eg hadde sagt at eg har ein kjærast, så ville ho ha sagt: «Du er dum! Men eg elskar deg likevel. Eg har alltid visst at det var noko gale med deg».

 

Det er viktig for ho at dei har å gjere med folk dei likar, både med tanke på korleis dei ser ut og korleis dei er som personar. Derfor møtes dei først for å bli kjent, og så – seinare – kan dei ligge saman.

Det er ei stund sidan sist dei såg det eldre paret. Det er rett og slett for travelt. Men Sara fortel at dei gjerne skulle møttest oftare, at dei har blitt gode vennar. 

 

Dei fekk forresten eit godt råd om dette, frå det eldre paret: 

«Make your swingers friends, not your friends swingers». 

 

Det vil alltid øydelegge eit vennskap å swinge, men motsatt veg så funkar det, fortel Sara erfarent.

 

Ho brukar litt ulike omgrep om kvarandre. Det er ikkje så lett å halde styr på kva som er kva. Ope forhold, polyamori, swingers? Når Sara og Anders er saman med eit anna par, er det iallfall swinging, trur ho. Sjølv har ho ikkje noko problem med omgrepa ope forhold og polyamorøs, men Anders vil ikkje kalle seg noko av dette. 

Kanskje er det ikkje så nøye kva ein kallar det. 

 

Éin regel: berre jenter

Utanom swinginga deitar både Sara og Anders andre jenter. At Sara er bifil er ein annan ting ho har funne ut. Anders er berre interessert i jenter.

 

– Du deitar berre jenter?

– Ja, fordi Anders vil ikkje at eg skal møte andre menn, og det synest eg er greitt. Det er liksom regelen vår.

 

Når dei er saman kan ho også ligge med menn, men åleine er det berre jenter. Utanom det er det ingen reglar. 

– Han er for sjalu. Sjølv om vi har eit ope forhold – eller han likar ikkje å seie det – så er han ein sjalu fyr, ler ho.

 

– Men du er ikkje det?

– Nei. Eg veit at han er den eg vil vere med resten livet mitt og at han kjenner det same om meg, så eg er ikkje så sjalu. Eg veit at dei andre partnarane hans ikkje betyr det same for han som det eg gjer. Dei er ikkje viktige på same måte, forklarar Sara.

 

– Kvar trur du er forskjellen mellom dokker?

– Eg veit ikkje, seier ho og tenker seg om. 

 

Så kjem ho på ei historie som kan vere illustrerande:

– Ei venninne av meg gifta seg med ein mann for tre år sidan og etter ei stund så møtte ho ei jente. Då slo dei opp – det gifte paret – og no er ho i lag med jenta. Anders har lurt på om det kan skje med oss, så han er litt redd, trur eg, for at det kan skje med oss. Men eg er ganske sikker på at det ikkje vil skje. 

 

Venner av Sara har spurt ho om ikkje ho er redd for å forelske seg i nokon av jentene. Men det er ho ikkje.

– Eg opner ikkje den delen av kjenslene mine for dei jentene. Eg vil aldri elske dei, for eg elsker jo Anders, seier ho smilande.

 

Med jentene handlar det meir om det fysiske enn det romantiske. Dei heng i lag, flørtar og ligg saman. Det er ikkje noko anna enn det, forklarar Sara. 

Seinare på dagen har ho avtalt å møte ei ny jente. Dei møttest på Tinder, prata litt og blei interessert i kvarandre. Så avtalte dei å møtast. Eit heilt vanleg deiteforløp. Men då Sara fortalte at ho er gift, blei den andre jenta usikker – ho likte ikkje det. Kanskje dei berre skal vere vennar, Sara veit ikkje enda.

 

– Opplever du det ofte?

– Ikkje eigentleg, for eg møter ikkje mange folk. Det er vanskeleg å finne ein sånn person som veit at eg er gift, men framleis vil halde fram med relasjonen. Vanlegvis vil dei ikkje. Eg skjønner det og aksepterer det.

 

«Ut av ærlegdomen blei det tydeleg at dei trass alt hadde tenkt på å ha sex med andre, og at dei ville prøve med andre folk.»

 

Det er viktig for ho å vere ærleg – både med jentene og med mannen. Då er det ingen som føler at ho gøymer noko, for det gjer ho jo ikkje.

 

Noko ekstra

– Kva er det du får frå jentene som Anders ikkje kan gi deg? 

– Det er ikkje noko eg ikkje får frå han, men det er noko anna med jentene. 

 

Damer er annleis enn menn, dei har ein annan sensitivitet, kanskje. Det er noko nytt. Ho tenker seg om igjen.

– Generelt sett er eg ein veldig open og sosial person, eg likar berre å ha folk rundt meg. Eg likar flørtinga og intimiteten. Det handlar ikkje så mykje om sex eingong, men om å vere saman. Eg syns det er ein fin ting med det. Og det kjenslemessige, når du kjenner på spenninga med nokon nye.

 

Ho understrekar denne spenninga. Det er noko alle kan kjenne seg igjen i. Kilinga i magen når den du likar tar på deg for første gong. For mange par er det når den kilinga opphører at forholdet begynner å skrante. 

– Tar all spenninga og mystikken over for den du har med Anders?

 

– Nei, definitivt ikkje. Eg har framleis den beste relasjonen med han, den beste sexen og dei beste kjenslene. Eg er meir naturleg med han, mest open med han. Med andre er det berre noko ekstra, svarar ho og legg til:

– Det gjer meg til og med meir spent og glad. Og eg nyt det meir, når vi snakkar om det og deitar andre.

 

– Kvifor?

– Eg veit ikkje heilt kvifor. Eg berre likar det.