Å bli norsk på nynorsk
Nynorsk kan vere nøkkelen til integrering, meiner ein fransk student. Likevel er det eit fåtal av innvandrarar som lærer seg språket.
29. mars 2026

Korleis går det med nynorsken for tida? Og kven er det som bryr seg? Stoff har snakka med to personar med peiling på nynorsk og med éin lidenskapeleg fransk nynorskbrukar for å ta tempen på nynorsken. 

– Nynorsk er ein reiskap for integrering, fortel Victor Tristani til Stoff.

«– Kvifor brukar eg nynorsk? Fordi eg føler meg meir integrert.»

 

Franskmannen integreres

Han er utvekslingsstudent frå Frankrike og har omfamna Ivar Aasens livsverk. Du finn han som regel bak baren på Kvarteret der han er frivillig. Kanskje han har servert deg ein øl og spurt etter studentbevis med den franske aksenten sin. Stoff møter Tristani i Speilsalen på Kvarteret for å høyre meir om forholdet hans til nynorsken. 

Før han kom til Noreg som student, hadde han brukt fem år på Duolingo. Appen med den grøne ugla hadde gitt han ei viss forståing av det norske språket. Tja, eller bokmål i alle fall. 

– I byrjinga snakka eg som ei bok, seier han.

Tristani fortel om korleis hans første introduksjon til norsk talemål vart prega av rigide, normerte språkreglar frå bokmål. Då han kom til Bergen, byrja han også på eit nynorskkurs på Universitetet i Bergen. Etter kurset oppdaga han noko merkeleg.

– Før kunne eg bli irritert når nordmenn berre svara meg på engelsk då eg snakka norsk med dei.

Etter at Tristani gjekk over til eit talemål som var nærmare nynorsk så opplevde han at folk svara han meir på norsk. Det gjorde at han følte seg meir som ein del av den norske fellesskapen. For han pratar på ingen måte som ei bok lenger. Tristani har den karakteristiske franske aksenten, samstundes som han konsekvent seier «byrjinga» og «Noreg». Det er som at eg har vakna i nynorskens skog med beret på hovudet og baguet i favnet. 

– Kvifor brukar eg nynorsk? Fordi eg føler meg meir integrert av det, svarar Tristani seg sjølv.  

 

Dialektforvirring

Marianne Aasgaard er konstituert avdelingsdirektør for avdeling for språk, skule og offentleg forvaltning i Språkrådet. Ho seier seg einig i at nynorsk kan gje ein enklare tilgang til talemålet, men peikar på eit viktig poeng: 

– Om bokmål eller nynorsk er den enklaste norsken å lære, kjem an på kor du er.

Kjem ein som innvandrar til Oslo er det kanskje ikkje så mykje poeng å lære seg nynorsk for å bli betre integrert. Kjem ein til ein plass der nynorsken er hovudmålet, kan saka vere ei anna. 

Då Tristani først kom til Noreg og byrja å jobbe på kjøkkenet på Kvarteret, møtte han kollegaar han ikkje skjønte bæret av. Ein av dei prata Ålesunds-dialekt, og Tristani forstod ikkje kva han sa. 

– Dei måtte endre måten dei snakka med meg på. 

Dette fekk Tristani til å tenkje at nynorsk kunne vere ein reiskap for å forstå desse dialektane betre og til å forme sitt eige talespråk.

Men det står dårleg til for nynorsken blant innvandrarar. Berre fem prosent (416 av 7742) av kandidatane som tok den skriftlege norskprøven i mai 2024, tok han på nynorsk.

Språkopplæring i nynorsk er ikkje alltid tilgjengeleg, ikkje ein gong i dei kommunane der nynorsk er hovudmålet.

– Berre halvparten av nynorskkommunane tilbyr norskopplæring på nynorsk, fortel Aasgaard.

Det kan likevel lønne seg å lære bort nynorsk til våre nye landsmenn. Ei undersøking gjort av Landssamanslutninga av nynorskkommunar (LNK) og Framtida.no viser at i kommunar som gir opplæring på nynorsk, blir 67 prosent av innvandrarane buande, mot 55 prosent i kommunar med bokmålsopplæring.

«– I byrjinga snakka eg som ei bok, fortel Tristani.»

 

– Som å mekke ein gammal Lada

Svein Olav Brandtzæg Langåker er dagleg leiar av LNK, ein interesseorganisasjon for kommunar og fylkeskommunar som jobbar for å fremme nynorsk språk og kultur i offentleg verksemd. Langåker seier at nynorskkommunane som ikkje tilbyr nynorsk peikar på at mangel på læreressursar er eit problem. Han skulle ønskje at staten tok meir ansvar. 

Samtidig peikar Langåker på at det var ei positiv utvikling i fjorårets statsbudsjett. For første gong på ti år vart det sett av midlar til nynorskopplæring for vaksne: Direktoratet for høgare utdanning og kompetanse (HK-dir) fekk 1,5 millionar kroner til omsetting av læremiddel. Noko av desse pengane gjekk til lærebøker i nynorsk for vaksne.

– Det kom inn søknadar på omlag fem millionar kroner frå forlag, fortel han.

Behovet var dermed mykje større enn det HK-dir kunne gi midlar til. Langåker teiknar eit bilete av ei nynorskopplæring der lærarane manglar ressursar.

Han brukar eit sitat frå rektor for vaksenopplæringa i Stord for å illustrere problemet:

Underviser ein på bokmål, er det som å køyre ein flunkande ny Mercedes. Skal du undervise på nynorsk, så er det som å køyre ein gammal Lada, du må skru og mekke sjølv for å få det til, fortel Langåker.

Dette står i stil med noko av det franskmannen Tristani føler manglar i norskundervisninga. Han ønsker seg ei norskopplæring for utlendingar som er meir praktisk og kvardagsnær, i staden for å berre fokusere på eit «skriftspråk som ikkje eksisterer» i dagleglivet. 

Sjølv om det er ressurskrevjande, fungerer nynorskundervisning godt i kommunane som faktisk tilbyr det, ifølgje Langåker. Han peikar på at større løyve tent til nynorskopplæring av vaksne framleis er eit behov. I spørjeundersøkinga gjort av LNK oppgir dei nynorskkommunane som ikkje tilbyr nynorsk vaksenopplæring at mangel på læreressursar er eit av hovudproblema.

«– Berre halvparten av nynorskkommunane tilbyr norskopplæring på nynorsk, fortel Aasgaard.»

 

Globalisering øsj!

For Tristani handlar nynorsk også om noko større. Han trekkjer fram korleis nynorsk bidreg til å verne om dialektmangfaldet, men dette fører også med seg noko anna.

Det er veldig viktig å ha eit mangfald, ikkje berre av dialektar, men også av tankegangar. Spesielt i ei verd som globaliserer seg, åtvarar Tristani. 

Når språket ikkje er mangfaldig står ein i fare for at tankegangane og haldningane våre blir meir einsretta, meiner Tristani. 

På spørsmål om kvifor vi skal bry oss om nynorsken, trekkjer også Aasgaard frå Språkrådet fram mangfald. 

– Nynorsken er ein del av ei lang språkhistorie i Noreg som handlar om identitet, og dette mangfaldet gir ein rikare kultur.