Bergens beste kvissguide
Kva heiter fiskesæd? Kor lang er grensa mellom Spania og Portugal? Kor mange kvissar kan ein gå på før ein blir gal?
29. mai 2026

Måndag:

Apollon

Tid: 19.00

Kva: musikkviss

Neste kviss: 27. april (annakvar måndag)

Stoff har ikkje fått moglegheit til å teste, men møtte kvissmastar Casper på Nobel Bopel-kvissen, og likte han godt.

 

Andre måndagskvissar:

Opera

Tid: 19:00

Inngang: 60 kroner pr. person

Neste kviss: kvar måndag og fredag. Les meir under fredag.

Ølpris: 114 kroner

 

Tysdag:

Litteraturhuset i Bergen

Tid: 19.30

Kva: litteraturkviss, så klart

Vanskegrad: 8/10

Inngang: 50 kroner pr. person

Neste kviss: 5. mai

Premie: billettar til litteraturhuset eller twist

Ølpris: 96 kroner

Stoffs plassering: 5. plass

 

På denne kvissen har du godt av å kjenne ein littvitt-student. Den er vanskeleg. Men stemninga er god, klientellet av det eldre slag. Kvissmasteren kunne fortelje at han hadde seks års fartstid i kvissmasterbransjen. Ja, han var flink, han. Fekk oss «unge» til å føle oss velkomne. Trass i sine åtti spørsmål, blei kvissen effektivt gjennomgått (til tider for effektivt?), og varte i normal kvisstid. 

Stoffs lag fekk kjeft då det sjette lagmedlemmet sat seg ved bordet, vi tør ikkje eingong å tenke på kva motstandarane tenkte då vi på eit tidspunkt var ni spelarar. Maks fem personar per lag der, altså. Utanom litteratur var det ei rekke spørsmål om teater, nokre om norrøn mytologi, litt musikk (inkludert ei lytteprøve) og ei bileteoppgåve (med bilete av litteraturfolk). 

 

Andre tysdagskvissar:

Kvarteret

Tid: 19.00

Neste kviss: kvar tysdag

Inngang: gratis

Ølpris: 59 kroner for studentøl

 

Statsraaden

Tid: 19.00

Neste kviss: kvar tysdag

Inngang: 60 kroner per person

Premie: «fine premier fra baren»

 

Dr. Wiesner

Tid: 19.00

Neste kviss: 5. mai (annankvar tysdag)

Kva: «i det mer folkelige segmentet»

Ølpris: 118 kroner 

 

Generelle tips:

  1. Det kan hende premiene varierer, ikkje skyld på Stoff om du blir skuffa.
  2. Sjekk alltid på internettet om kvissen faktisk går den dagen du skal.
  3. Ikkje gå på kviss kvar dag.

 

Onsdag:

Ad Fontes 

Tid: 20.00

Vanskegrad: 5/10

Inngang: 10 kroner per person

Neste kviss: kvar onsdag

Premie: billettar til filmharmonien og gåvekort på Numero Uno

Ølpris: 59 kroner

Stoffs plassering: 1. plass

 

Ein heil kategori om Erik Bye. Spør du Stoffs utsende er det for mykje Erik Bye. Jaja, det er vel sånn det går når du lar vinnarane av førre kviss velje kategoriane. It is ålso very suitable for ju inglish spikers, jess jur welkåm. 

 

På toalettavisa til Humanistisk Studentutvalg står det om Ad Fontes-kvissen:

Du kom, du tapte, du kom igjen.

I Stoffs magasin #84 står det om den same kvissen:

Vi kom, vi vann, vi kjem nok ikkje igjen.

 

(Merknad: Stoff sitt lag hadde sju spelarar, sjølv om maksgrensa er på fem. Altså ingen premie til oss. Buhu, kva var vitsen då?)

 

Andre onsdagskvissar:

Falske Reker 

Tid: 19.00

Neste kviss: kvar onsdag

Ølpris: 118 kroner 

 

Elefanten

Tid: 19.00

Neste kviss: kvar onsdag

 

Torsdag:

Realistforeningen på Kvarteret 

Tid: 19.30

Kva: musikkviss

Vanskegrad: 5/10

Inngang: gratis

Neste kviss: plutseleg!

Premie: konsertbillettar til 1. plass, sjokoladeplate til 2. og 3. plass

Ølpris: 60 kroner for studentøl

Stoffs plassering: delt 3. plass

 

Om du saknar tenårene, kan du kanskje finne litt av den stemninga her. Mange lag med mange folk. Nokre av jentene baki lokalet var litt masete. Mange albumanbefalinger, det var jo kjekt. Den eine kategorien var «Kven har Mette Marit tatt plassen til?» der Den Høgvørde Kronprinsessa var plassert på ulike albumcovere, det var artig – og overraskande vanskeleg. 

«Sigmasuckers» kom på sisteplass, det freistar å seie at det var vel fortent.

 

Nobel Bopel 

Tid: 19.30

Vanskegrad: 8/10

Inngang: 50 kroner per person

Neste kviss: kvar torsdag

Premie: valfri kaffi + blings til 1. plass, valfri kaffi + bolle til 2. plass, valfri kaffi til 3. plass 

Ølpris: 94 kroner

Stoffs plassering: 4. plass

 

Hyggeleg, hyggeleg, hyggeleg. Her kan du dra viss du vil på ein … hyggeleg kviss. Solid (bergensk) kvissmaster. Kanskje den kvissen med størst alderspenn av dei vi har vore på i denne guiden. Tidvis veldig vanskelege spørsmål, men kategoriene spriker mellom alle tema, så noko kan du garantert. Denne gongen blei det delt ut eit kryssord som også skulle svarast og gis poeng for, veldig kjekt.

 

Andre torsdagskvissar:

Bergen offentlige bibliotek

Tid: 18.00

Kva: filmkviss

Neste kviss: plutseleg!

 

Bergen Camping

Tid: 19.00

Kva: popkulturell kapital kviss …???

Neste kviss: av og til liksom? Som oftest på onsdagar

 

Fredag:

Opera

Tid: 19.00

Vanskegrad: 7/10

Inngang: 60 kroner per person

Neste kviss: kvar måndag og fredag

Premie: mat- og drikkebongar på Opera

Ølpris: 114 kroner

Stoffs plassering: 1. plass (for u30)

 

Kjenner du på at du har mykje overskot ein dag kan dette vere staden å dra. Mykje gruble-spørsmål. Eksempel: Ein hundrase, eit utdøyande yrke og noko du har gjort i dag, kan alle omtalast med same ord. Svar: setter. I tillegg til den enorme tankekapasiteten som krevst for å løyse slike knuter, er Opera-kvissen også ei sosial øving. Kvissmasteren er svært (altså: veldig) hjelpsam på spørsmål. Til tider litt for hjelpsam. Til tider kanskje litt plagsamt. Men han er hyggeleg, altså! Eigen pall for lag under 30 år gir ekstra sjans for gratis mat. Den var god.

 

Laurdag:

Gjer noko anna enn kviss i dag, du har fortent det. Dessutan er det ingen kvissar (Stoff kjent) på laurdagar.

 

Søndag:

Hectors Hybel

Tid: 19:00

Vanskegrad: 5/10

Inngang: 30 kroner per person

Neste kviss: kvar søndag

Premie: billettar til Cinemateket, 500 kroner på Fangene på Fortet og inngang til neste kviss

Ølpris: 63 kroner (?)

Stoffs plassering: 2. plass

 

No har det vore mykje kviss på ei veke. Litt sliten kanskje. Treng kanskje ikkje drikke øl kvar dag, sjølv om det er kviss. Men det er jo så billig med øl på Hectors. Javel, då, berre eit glas til. 

 

Det er visst to kvissmasterer på Hectors Hybel som byter på kven som tar kvissane. Stoff har berre møtt han eine av dei. Upåklageleg humør på han. Austlending. Berre tre lag med på kvissen og likevel så positiv. Vanlegvis er det visst oppimot ti lag, Stoff har kome på feil søndag, altså. Spørsmåla var også heilt fine. På siste del var alle hjelpemiddel tillate. Det må vere første gong eg har blitt oppfordra til å bruke mobil på kviss. Søndag er jo ofte ein dag med mykje lediggang, det er fint at Hectors Hybel kan vere rota til noko godt.