I studioet sitt på Verftet sit Trygve Tronstad. Han er gitarist og vokalist i bandet Himmelfarten, og den einaste i trioen som er i Bergen når Stoff skal møte dei.
På facetime frå Oslo, koplar Martin Borge seg på.
Til vanleg held tremanns-bandet til i Bergen. Det består for det meste av gitar (Tronstad og Borge) og trøorgel (Vemund Styve). Alle tre er dessutan med på vokal, ofte samtidig.

«Innovermusikk»
Bandet blei starta i 2022, i 2024 spela dei på VillVillVest og i fjor kom debutalbumet. Navnet kjem frå då kokken på Victoria Cafe og Pub skal ha kalt Himmelfarten for «Bergens beste innoverband». Det blei ikkje godt tatt imot.
– Eg blei ganske irritert då han sa det. For det var sånn «kva meiner du med at vi er eit innoverband?» Men så gjekk det nokre dagar og så byrja eg å få litt kikk på at vi var eit innoverband, fortel Borge.
Innovermusikk betyr gjerne at noko er litt inkjeseiande. Men Borge trur at kokken også meinte at dei var litt beskjedne, og det vedgår han at dei kanskje er.
Trøorgelet låter som ein båt
Bandet møttest på Griegakademiet, der dei alle studerte jazzmusikk. Tronstad fortel om korleis dei fann ut at dei ville spele saman.
– Det byrja vel eigentleg med at Vemund hadde sett at inne på eit undervisningsrom så stod det eit trøorgel. Så spurte han om vi ville vere med å spele litt, fordi Martin hadde ein gitar og eg hadde ein kassegitar. Det høyrdest veldig flott og mektig ut med dei instrumenta saman i rommet. Det blei ein veldig spesiell klang.
Det er ikkje så ofte ein høyrer trøorgel på moderne innspelingar, men Himmelfarten viser kor allsidig og mektig det kan låte.
– Det lever jo litt. Det er jo litt sånn luft som blåser gjennom stål, og så er det litt sånne klunkelydar. Det kan hende det høyrest litt ut som ei skute, seier Tronstad.
– Det kan du ikkje seie. «Trøorgelet låter som ein båt» – det høyrest ut som vi har røyka, ler Borge.
– Litt som Billie Eilish med Vogue
Det er vanskeleg å setje Himmelfarten inn i ein sjanger. Alle tre er utdanna jazzartistar, men det er ikkje jazz. Musikken er litt viseaktig, men det er ikkje visesong.
På den første plata var det berre to låter med tekst. På Innover har tekstane blitt meir sentrale. Det er stort sett Martin som skriv dei, sjølv om dei i stor grad blir sunge av alle. På (den utruleg vakre) låta «Livet» syng dei: Om du skulle falle / ned fra himmeltaket / elsker jeg deg / for det.
– Dokker er ikkje redd for å bruke store ord?
– Når eg skriv ting sjølv kan eg vere redd for å bruke «elsker deg» og store ord, men viss Martin har skrive noko der han brukar sånne ord så føles det heilt naturleg å synge det, seier Tronstad.
– Det er nok mykje lettare å bruke sånne ord i ein songtekst enn for eksempel på ein kafé – då skal eg stå for det, liksom, tenker Borge og legg til:
– Det er jo ganske feminint óg, på ein måte. Som eg synest er kult med prosjektet, at det er ein sårbarheit der som vi dykkar inn i. Det er mindre macho enn det kunne vore.
14. mai skal Himmelfarten ha sleppefest for det nye albumet på Bergen Kjøtt. Etter det håpar dei at det blir fleire konsertar etter kvart.
– Har dokker andre mål?
– Lage masse musikk. Og ha det hyggeleg saman, kanskje glede andre, viss det går. Gjere masse intervjuer – med Stoff, seier Borge.
– Eitt i året, legg Tronstad lattermildt til.
– Ja, eitt i året med Stoff. Litt som Billie Eilish med Vogue.