Jenter blir oftare tildelt «stille» ansvarsroller, altså ansvarsroller som ikkje blir anerkjent. Eg meiner dei blir sosialisert til å være meir pliktoppfyllande enn gutar, og a tdenne sosialiseringa skjer allereie frå tidleg barneskulealder.
Kvifor skjer det? Og kva er konsekvensane?
Ikkje noko nytt fenomen
Seniorkonsulent ved kvinne- og kjønnsforsking her ved Universitetet i Bergen, Mari-Kristine Morberg, har arbeida mykje med skule og utdanning. Ho seier at grunnane til kvifor jenter og gutar gjer det ulikt fagleg er eit samansurium av mange ulike faktorar.
Ho viser til eit par artiklar om kjønn i skulen, som Thomas Nordahl sin artikkel «Møte mellom en hegemonisk skole og handlende ungdom», og Harriet Bjerrum Nielsen og Inge Henningsen sin artikkel «Guttepanikk og jentepress – paradokser og og kunnskapskrise».
Eit par av sitata til Morberg i denne saka er basert på hennar tolking av desse artiklane.
Ifølge Morberg er kjønn, klasse, biologi og individuell variasjon viktige faktorar for læring i skulen. Forsking viser at gutar ligg kognitivt eit år bak jenter i gjennomsnitt, seier Morberg, som kan forklare kvifor jenter skårer betre på prøver, og som kan føre til at mange gutar ikkje kjenner på meistring i skulesamanheng.
Morberg seier at diskusjonen rundt jenter som gjer det betre fagleg enn gutar ikkje er noko nytt, men at skilnaden i vår tid ligg i samfunnet si vurdering av utdanning.
Jenter har heilt sidan 1700-talet gjort det statistisk sett betre i lesing og skriving enn gutar. På 1970- og 1980-talet var fokuset ikkje på at gutar gjorde det dårleg fagleg, men heller på at jenter kom lite til orde i undervising. Dette har i mellomtida endra seg ifølge Moberg ,og nyare forsking viser at jenter tør å ta meir plass i undervising enn tidlegare.
Den «skjulte» lærarplanen
Skulen lærer oss mykje meir enn fag. Minst like viktig er den sosiale og kulturelle kunnskapen som formar korleis vi blir som menneske og ser på verda.
Morberg viser meg ein artikkelen av skuleforskar Thomas Nordahl, kor han skriv om den så kalla «skjulte» læreplanen i norsk skule. Denne plana omfattar all danning utanfor den reint faglege kompetansen. Dette er kunnskap som blir formidla gjennom strukturar i skulen, som elevar enten føyar seg etter eller strittar mot.
For jenter er det gjerne mer status å være god på skolen, for da lever man mer opp til sine tradisjonelle kjønnsroller.
Det er dei så kalla tilpassingsdyktige elevane som klarer seg best under denne strukturen. I denne gruppa finn ein gjerne fleire jenter enn gutar, barn frå mellomklassen og barn som har foreldre med bakgrunn frå akademia. Det er desse tilpassingsorienterte elevane, kor majoriteten altså er jenter, som blir premiert i skulesystemet.
Usynleg ansvar
Biletet av den «flinke pika» er sterk i samfunnet, som ei jente som strever etter perfeksjonisme på alle plan, og som lid av stress og angst. Denne flinke pika klarer seg gjerne godt innanfor skulen sine rammer, men utanfor skårer dei lågare enn gutar, med mindre lønn og færre leiarposisjonar i arbeidslivet.
Kvifor er det slik? spør eg meg.
Spesielt med tanke på at jenter gjerne blir tildelt leiarroller og ansvarsroller i klasserommet, enten det er snakk om å roe ned medelevar eller sørge for at ei gruppeoppgåve blir gjennomført. Her snakkar eg berre frå eiga erfaring og observasjon, og har ingen tall eller belegg for utsegna. Eg trur jenter i større grad enn gutar blir tildelt ansvarsroller i gruppesamanhengar og i undervising, allereie frå tidleg barneskulealder. Dette fører med seg ei kjensle av plikt og ansvar, og redsle for å skuffe om ein ikkje leverer i rolla.
Som skuleforskar Nordahl skriv, ligg det forventingar om ein tilpassingsorientert elev i skulesystemet, altså systemet har ein struktur som passar best for elevar som klarer seg godt sosialt og fagleg, og tilpassar seg skuleordninga. Denne forventinga blir ikkje diskutert av elevar, lærarar eller foreldre, men er implisitt. Han skriv at elevane, til dømes dei flinke jentene, lærer seg at det lønnar seg å være ukritisk, pliktoppfyllande, lite kreativ og å føye seg etter andre sine bestemmingar.
Morberg kommenterer dette, og seier at det kanskje er derfor mange jenter ikkje kjem like langt i arbeidslivet, og at gutar generelt overvurderer egen kompetanse, medan jenter gjer det motsette.
– Gutter vil hvertfall ikke være «flink pike», så de vil helst bare være veldig smarte og gjøre så lite arbeid som mulig, så de underkommuniserer jo at de faktisk gjør lekser eller jobber med ting, fordi de skal være «laid-back». For jenter er det gjerne mer status å være god på skolen, for da lever man mer opp til sine tradisjonelle kjønnsroller, legger Morberg til.
Kvifor er det slik då? Når jenter på papiret kan meir enn gutar i gjennomsnitt, og i tillegg blir tildelt ansvarsroller i skulesamanheng? Dei er jo både kvalifiserte fagleg og sosialt til å gjere det betre enn gutane i arbeidslivet?
Internalisering av ansvarsrolle
– Hvis guttene gjør noe bra, så er lærerne helt i ekstase, men hvis jentene gjør det, er det helt vanlig. En føler dermed at en må prestere ekstra eller gjøre noe vilt bra for å oppnå samme reaksjon, seier Morberg om ulik behandling av jenter og gutar i skulen, og henviser til eit sitat frå Nielsen og Henningsen sin artikkel.
Ho seier at den manglande anerkjenninga frå lærarar nok er med på å skape det psykiske presset hos jenter, og ligg bak behovet for perfeksjonisme hos så kalla «flinke piker». Når det er snakk om gutte- og jenteproblem i skulen, er det strukturen i skulen som er feil i møte med gutane, medan jentene sine utfordringar er knytt til individet. Dette skriv også Nielsen og Henningen om i sin artikkel.
– Jentene må fikses, ta mer plass, skaffe seg bedre helse, mens når det er gutteproblemer, må vi gjøre noe med skolen, seier Morberg.
Ho viser til eit døme på dette frå 1970- og 80-talet i Noreg, då det var ein kampanje kor jenter skulle «tøffe seg opp» for å tørre å ta ordet meir i undervising. Jenter sine problem blir individualisert, seier Morberg, medan det er strukturen og noko ytre som må bli endra når det gjeld gutane sine utfordringar.
Flink pike-fabrikk
Eg meiner skulen sin struktur lærer elevar, og spesielt jenter, opp i å være stille og gi plass for andre sine meiningar, og dette kan få følgar for sosialisering utanfor klasserommet. Dei får sjelden anerkjenning for ansvaret dei påtar seg i gruppearbeid og så vidare. Om jentene får anerkjenning, er det likevel ein sosialiseringsprosess som forsterkar forventningane til kjønnet som pliktoppfyllande og ansvarsfulle.
Desse forventningane trur eg sit djupt særleg hos jenter, kor ansvarskjensle, frykt for å ta for mykje plass og redsle for å skuffe er sterk, både i klasserommet, sosiale samanhengar og elles. Dette trur eg kan føre til mange av dei psykiske utfordringane jenter med høge karakterar kjenner på, eller i alle fall forsterke dei. «Den skjulte læreplanen», som blant anna omfattar sosialisering, trur eg i høg grad er med på å oppretthalde dette biletet.
Morberg seier også at denne ansvarspålegginga kan slå begge vegar, kor elevane på den eine sida lærer meir av å lære vekk til andre og får gode leiarerfaringar, enten det er anerkjent eller ikkje, samstundes som det kan gå for langt, kor dei ansvarlege elevane tar meir omsyn til andre enn til seg sjølv. Her ligg rota til «flink pike»-syndromet, trur eg. Det kan ramme uavhengig av kjønn, men som det ligg i namnet, rammar det oftare jenter enn gutar.
«Flinke piker» blir ofte diskutert som eit problem som må bli løyst. Eg kan ikkje komme med nokon løysing på problemet, men eg trur vi må være bevisst på at den pliktoppfyllande og ansvarsfulle jenta blir skapt av skulesystemet, og er ei vidareføring av tradisjonelle kjønnsroller. Bør vi endre noko? Det er kanskje ikkje så lett å «berre chille» om ein er blitt lært opp til det motsette i 13 år?