Festivalpils med avsmak
20. april 2021

Sidan det blei kjent at Noreg hadde sikra seg vaksinane Pfizer, Moderna og AstraZeneca gjennom avtaler med EU, har debatten om både prioriteringsrekkefølge og vaksinasjonshastigheit florert i våre største nyheitskanalar. Det starta noko optimistisk, og har etterkvart gått litt opp og ned. Fleire meiner prioriteringa er feil. Andre er sinte og meiner det går for sakte. Begge kritikkane er kanskje legitime, men i forhold til andre land er me ganske priviligerte. Dette kjem ikkje like godt fram i nyheitsbiletet som det det burde ha gjort. 

I oktober i fjor fremma India og Sør-Afrika eit forslag i Verdens Handelsorganisasjon, om å fjerne patentar på vaksinar, medisinar og medisinsk utstyr mot koronaviruset fram til utbreia vaksinering er tilgjengeleg globalt. Saman med blant anna USA, Storbritannia, EU og Japan stemte Noreg mot dette forslaget. Det er fleire grunnar til at dette er skrullete.

 For det første, handler det om å sette rettferd over profitt. Medan befolkninga i vår del av verda snart kan fryde seg over å kunne dra på festival og til det kjære utland, ligg det an til at innbyggjarar i låginntektsland ikkje eingong får vaksinert første gruppe innan året er omme.  Patentordninga som Noreg stemte imot å fjerne under pandemien, hindrar alle andre enn dei som eig patenten, altså alle andre enn dei store legemiddelselskapa, frå å produsere dei nybakte covid-19-vaksinane og tilhøyrande utstyr. Det ser dermed ut til at dei landa som ikkje har nok penger til å sikre seg dei første dosane av vaksinane, blir nøydd til å vente opp til fleire år på å få vaksinert sine helsearbeidarar og innbyggjarar i risikogruppa, ifølge Leger Uten Grenser. Vaksineringa av resten av befolkninga kan ta fleire år. Samtidig tener legemiddelselskapa seg rike på sitt kunnskapsmonopol. Det er urettferdig. 

For det andre, kan denne globale skeivfordelinga av vaksinar føre til at koronaviruset kan fortsette å mutere i dei landa som ligg bak på vaksinasjonen. Og vaksinen vil ikkje nødvendigvis beskytte mot stadig nye virusmutasjonar. «Du må ikke sitte trygt i ditt hjem, og si det er sørgelig, stakkars dem. Du må ikke tåle så inderlig vel, den urett som ikke rammer dig selv», skreiv Arnulf Øverland i 1937. Det same gjeld i dag. 

 For det tredje, hindrer ordninga kunnskaps- og teknologiutveksling mellom høg-, middels- og låginntektsland. Den norske regjeringa forsvarer stemmegivinga si i WTO ved å peike på at patentar er med på å drive innovasjon, og at det dermed vil vere ugunstig å godta dette forslaget. Legemiddelselskapa har allereie motteke store summer frå statskasser og filantroper, som burde vere eit godt nok incentiv – i lag med det faktum at eit dødeleg virus rammer heile verda – til å utvikle vaksinar. Patentordninga bidreg derimot til å oppretthalde ei ujamn spelebane basert på størrelsen på land sine statskassar. Rike land gjev ikkje fattigare land ein plass ved kunnskaps- og teknologiutvekslingsbordet. Dette er usunt for det globale forskingsmiljøet, som er tjent med så mange hovud som mogleg. 

Me har brukt nesten halvparten av dei produserte vaksinane på litt over ein tiandedel av verdas meir velståande befolking. Denne skeivfordelinga burde folk vere klar over. At det ikkje har vore ein større debatt rundt Noreg si stemme i WTO-møtet i norske media, er derfor synd. Medan du står i ølkø ein solskinnsdag i august, står mesteparten av verdas innbyggjarar fortsatt i vaksinekø.

 

LES OGSÅ: Ei kraftig undervurdering av menn