Julie Greve (25) har sloppe ep-debuten sin, Euphoria. Ei elektronisk pop-plate på seks spor som trass i sitt dansbare sound inneheld meir enn berre eufori.
– Dette er eigentleg ei samling av låter som fortel kvar si historie, og det er eit ganske vidt spekter i situasjoner og følelsar i historiene, fortel debutanten.
Greve er «born and raised» i Bergen, der ho bur, jobbar, studerer og skriv musikk i dag. Euphoria starta ho med for omtrent to år sidan. Første singel på ep-en kom ut eitt år seinare. Men musikk har ho drive med lenge.

– Eg rekna på det i går og kom fram til at eg har skrive musikk i ti år. Då var det noko heilt anna, litt sånn viseaktig på norsk, men no har eg landa greitt i popverda.
– Kven inspirerar deg?
– Eg er veldig glad i skandinaviske artistar. Robyn må vere ein av dei på topp.
I tillegg nemner ho Zara Larsson på bakgrunn av energien hennar, og Aurora på bakgrunn av å vere heilt fantastisk.
Ein kan høyre dei igjen i Greve, som ei slags Larsson-moderert Robyn. Bergensaren kallar sjangeren nordisk synth-pop, ein sjanger som får fram det mørke og kalde i lydbildet.
Dette gjer det kanskje lettare å få fram kontrasten mellom lyd og tekst. At det er nærleik og sårbarheit i eit «stort» lydbilde med pulserande synther, forklarar ho.
Låtene er til tider ganske personlege. Greve meiner det er ein viktig og naturleg del av prosessen.
– Det kan vere skummelt, men det er eg som set premissen for alt. Det kjem frå meg og det er eg som har skrive. Folk kan jo høyre på det og tolke det som dei vil, men eg føler iallfall at eg kan stå inne for det, seier ho.
Det har ho god grunn til.