Ned langs gata går ein mann med ei bok i hendene. Det er Mats Tønjum Alfsen. Kvar dag les han 100 sider med dikt og skriv tre eigne dikt. Han er arrangør, lyrikar og bytryne.
Stoff møter han på Café Opera. Han vil helst sitte ute. Bordet ved sida av har med seg ein barnevogn. Når dei drar kan Mats ta sitt første trekk. Etter det er det berre sjeldan tomt mellom peike- og langfingeren hans.
Mats fortel at han er litt sjuk og gruar seg til å bli tatt bilde av. Han fortel òg om arrangementet sitt, Sa ka la.
– Det var her det begynte, seier han og peikar på kaféen.
Sysselsett for alltid
Sa ka la skal vere ei scene for unge, upubliserte forfattarar og lyrikarar. Ein plass for å teste materiale, vise seg fram. Kvart arrangement har ein «æresgjest», ein etablert forfattar som får like mykje tid til å lese. Tidlegare har forfattarar som Frode Grytten, Tormod Haugland og Leander Djønne vore med.
– Det er spennande. Uansett nivå så er det gøy, men eg prøver å kvalitetssikre litt. Eg har vore på ein open mic der ein fyr resiterte heile «Today was a good day» av Ice Cube. Det blir litt respektlaust mellom masse flinke folk, seier Mats.
Det starta som eit slags tiltak for klassekameratane på Skrivekunstakademiet i 2022, for at dei skulle ha noko å gjere på også i skriveukene. Så blei han ferdig med skrivekunsten og Sa ka la heldt fram, no på Litteraturhuset ein gong i månaden.
– Når du er ferdig på Skrivekunstakademiet så er det veldig tomt, seier Mats.
– Skriving er ein einsam ting. Det er ikkje så mange som skriv saman, så det er fint å få samlast og preike litt.
Sjølv om Mats har valt seg eit yrke som stort sett går ut på å sitte åleine, er han ein ekstrovert type. Han fortel at eit anna poeng med Sa ka la er at han skal «trekke dei introverte eremittane ut på ei scene».
Mats skjuler ikkje at han er inspirert av Henning Bergsvåg si arrangementsserie, Poesidigg. Bergsvåg sine arrangement held til på Café Opera og går ut på at eit par etablerte lyrikarar les frå sine utgivinger. I tillegg får ofte ein ukjent poet også moglegheit til å lese. Mats har altså snudd dette prosjektet på hovudet.
– Neste Sa Ka La blir nummer 26, eg skal i alle fall ha hundre. Målet er å ta igjen Poesidigg, han er på sånn 200-250 arrangement, seier han, og legg til:
– Dette er noko eg kan gjere resten av livet.
Neste arrangement er 14. november med Pedro Carmona Alvarez som æresgjest.
Svartedikt, prolaps og synonymordbok
Då Mats begynte på Skrivekunstakademiet i 2022 var han allereie godt i gang med skrivinga. Berre eit par veker inn i semesteret blei han antatt av forlaget Aschehoug.
No har det gått tre år sidan han gjekk med heva hovud inn til klassekameratane på Verftet. Til våren kjem Svartediket ut.
– Det er ei veldig lang diktsamling, på 700 sider. Det er eit epos på ein måte. Det handlar om to gutar som begynner på eit skuleprosjekt. Men så tar han eine guten livet sitt og då held han andre berre fram på det prosjektet, forklarar Mats.
Svartediket er ein mytisk plass i Bergen, i botnen av Isdalen. Det er også der Mats vaks opp, og no snart ei diktsamling.

Pause. Mats reiser seg, legg henda bak hovudet og strekk ut ryggen.
– Eg har fått ein ryggprolaps. Det er på grunn av skrivinga, faktisk. Eg pleidde å sitte på sofaen og skrive på eit sånn lavt stuebord, som ein liten Gollum, forklarar han.
Derfor måtte skrivevanene endrast. No står han og skriv.
– Men eg skriv mest når eg er ute og går. Eg skriv alt på mobilen, han viftar fornøgd med telefonen sin og held fram: Det er eit vidunder, det her! Den har alt. Synonymordbok, og…
Mats kjem ikkje på noko meir.
– Du brukar mykje synonymordbok?
– Neeei, eg brukte det mykje då eg var yngre.
Han treng det ikkje lenger. No har han alle synonyma i hovudet.
– Du må vere arrogant for å skrive
Det er første gong Mats skal gi ut bok. Det er første gong han er knytt til eit forlag og ein redaktør. Men Aschehoug, forlaget som har antatt Mats, har vore mykje i media den siste tida.
– Dei skal jo kanskje kjøpast opp av Bonnier. Svenskene er jo veldig flinke til å selje internasjonalt, så eg og Tilde har snakka om at vi kanskje skal begynne å skrive på svensk, seier Mats.
Han meiner det ikkje seriøst, han brukar det språklege verkemiddelet ironi. Tilde Strand Bogen er kollega og venn av Mats, i haust kom ho ut med sin andre diktsamling, Tiltale.
Dei siste tre åra, mens Mats har skrive på «eposet» sitt, har han berre lest diktsamlinger. Han fortel at han gjer det for å «stele» frasar og teknikkar frå andre poetar. Men i botn kjem det han skriv frå han sjølv.
– Du må vere arrogant for å skrive, det er det som er paradokset med forfattarar – at du likevel lurar på om det er noko bra, til og med dei store forfattarane tvilar på det dei skriv. Ein blir sjenert.
Å lese eigne dikt for eit publikum er ikkje det same som å berre lese. Ein finn det både på Sa ka la og Poesidigg. Nokon legg på ei eiga diktlesar-stemme. Kanskje går dei også inn i ein diktlesar-karakter. Det er heilt greit, syns Mats, men sjølv les han med si eiga stemme.
– Eg var ikkje førebudd på det performative med poesien. Det er jo ein veldig stor del av det, at du skal lese høgt og framføre. Når du skriv ein del år og så begynner å lese det høgt så endrar det du skriv seg litt. Du tar meir omsyn til at det skal kunne lesast. Viss ein berre sit og skriv så mister ein litt av det rytmiske, som kan vere veldig fint.
Det performative utanfor poesien har han også gjort seg kjent med. Han fortel at han tar mykje buss og at han gjerne tar fram ei bok når han først sit der, sjølv om det kan oppfattast som performativt.
– Eg likar også å lese når eg går ned gata. Det har eg fått ein del kommentarar på, men det må jo vere lov å vere litt performativ og, seier han.
Mats Tønjum Alfsen vandrar langs Bergens gater. Har du først lagt merke til det krøllete håret eller den lange frakken, er det godt mogleg at du ser han igjen. Han er 27 år og omtalt av Bergens Tidende som ein av ti unge folk som vil kome til å prege byen Bergen.
På tvers av generasjonar og uttrykk
Mats bidrar til å samle dei skrivande i Bergen, men fortel at dei hadde eit godt miljø frå før.
– Kva betyr det at det er eit godt litteraturmiljø?
– Det er mange som er venner, då. Mange som går på arrangementar saman og heng saman.
Ein annan del av skrivemiljøet i Bergen er at det går på tvers av generasjonar, å få støtte frå etablerte forfattarar er verdifullt for dei yngre. Gjennom Sa ka la får Mats dessutan eit eige innblikk i framtidas bergensforfattarar. Han trur noko av det som kjenneteikner dei er at dei skriv meir maksimalistisk.
– Det er nok ein reaksjon på at det har vore veldig minimalistisk i fleire tiår. April Alexanderdottir skriv for eksempel veldig maksimalistisk og lager mange nye ord. Og eg gjer det same. Det er veldig gøy å lage nye ord, seier han med eit breitt smil.
Det er ikkje vanskeleg å tru at ei bok på 700 sider kanskje er maksimalistisk. Men bokas omfang er vanlegvis ikkje det som avgjer om ho er det.
– Blir neste bok like tjukk som denne?
– Nei, neste blir ei lita lefse. Eg er desperat etter noko nytt, for ikkje å få den tomheita som kan kome etter å ha gitt ut bok. Det er mange norske debutantar som aldri får gitt ut bok nummer to, skrekkhistorier om dei som har skrive ei bok og så liksom tømt seg heilt.
Men han kjenner på meir enn desperasjon med skrivinga.
– Dikt er det beste som finst! Du skriv 100 dårlege setninger og så kjem det plutseleg ein god ein. Det gir ein sånn rus.