Noko uinspirerande:
Min skuldige nyting er Sophie Elise på Snapchat. I mine auge er ho ein djupt fascinerande karakter og i mitt hovud er Snapchat-tittinga forsking. Men det er ikkje forsking, det er fullstendig hjerneråte. Ho er fascinerande, men på ingen måte inspirerande. Eg likar å følge med på Sophie Elise. Eg synest alle skal ha noko uinspirerande å ty til no og då.
Men eg skal heller fortelje om dei siste kulturelle impulsane mine som har vore inspirerande. Så får du sjå om dei er det for deg også.
Roman:
For øvrig mener jeg Karthago bør ødelegges av Kyrre Andreassen
I haust vann Kyrre Andreassen Bibliotekets litteraturpris. Han vann prisen for ei anna bok enn den eg les, men viss du likar denne, så kan du jo lese neste også. For øvrig mener jeg Karthago bør ødelegges handlar eigentleg ikkje om Karthago, men om alt anna.
Sjølve handlinga i romanen er ikkje så inspirerande. Hovudpersonen heiter Krister Larsen (eit uinspirerande namn) og er ein sjukemeldt elektrikar. Kan hende du har ein yrkesfag-draum, men biletet vi får av elektrikeryrket er ikkje særlig romantisk.
For det meste er Krister aggressiv, litt håplaus og sytete. Men alt det utilstrekkelege blir skrive fram på ein måte som får meg til å måpe. Det er ikkje Kyrre Andreassen som skriv denne boka, det er Krister Larsen, og han bryr seg ikkje så mykje om kva som korrekt setningsoppbygging. Forteljemåten er assosiativ, vi hoppar fram og tilbake mellom minne, samtalar og folk.
Det er morosamt, sårt og rart. Det er fascinerande å lese.
Album:
Alle Snakker Sant av Siri Nilsen
Eg flyr ikkje så ofte, men i haust har eg floge. Urutinert som eg er, hadde eg gløymt å laste ned musikk, podkastar og seriar på mobilen. Men i Spotify-biblioteket mitt fann eg ein bortgøymd skatt. Når eg høyrer på Siri Nilsen, høyrer eg vanlegvis på albumet Skyggebokser, men det var ikkje dette eg hadde lasta ned. Det var Nilsens andre album Alle Snakker sant, utgitt 11.11.11. Trykke play, slappe av. Det får meg til å tenke på heilt andre ting enn flyskam.
Siri Nilsen er så flink. Ho var så flink. Kor har det blitt av ho, eigentleg? Eg ser på Instagram at ho har sett musikken på pause og begynt å strikke. Strikking er det minst inspirerande eg veit om.
Inne på eit fly, med Lillebjørn Nilsen si dotter i øyra. Uvitande om kvifor ho ikkje har kome ny musikk sidan 2014. Eg tenker lengtande tilbake til den flyturen. No vil eg aldri kunne høyre på Siri Nilsen igjen, utan at den evinnelege klikkinga frå strikkepinner blander seg inn med ukulelespelinga.
Album:
All Verda av Side Brok
I all verda, kva som skjedde no? I over 20 år har Side Brok laga energisk, norsk hiphop. Blir dei ikkje gamle snart? Ikkje enda, iallfall. I det du tenkte at det ikkje var meir å rappe om Hovdebygda, så kjem det meir. Dei har jo ikkje laga noko song om Esso, før no. Det er svært. Dei er svære.
Eg blir varm om hjartet av Side Brok. Det er umogleg å ikkje smile når du høyrer dette. «Magisk, episk og spektakulært» er kanskje litt i overkant sterke ord, men dette albumet er bra. Sjef R briljerer heilt klart på plata, men Sirkel Sag har eit høgdepunkt med «Rural Myte». Der er han god.
Sandviksfjellet
Det mest inspirerande ein kan gjere er kanskje å gå ein tur i fjellet. Natur er kultur. Eg har riktignok ikkje gått noko fjelltur i det siste, men eg har tenkt mykje på det. «Det må eg gjere,» har eg tenkt. Hadde eg gjort det, så hadde eg nok rusla rundt på Sandviksfjellet, det beste byfjellet. Det nærmaste eg kjem er likevel eit par turar på Fløyen, og det er mogleg Sophie Elise ville ha kalla dette for ein fjelltur, men det er det ikkje. Fløyen er ein haug. For øvrig mener jeg buekorps bør legges ned.